Tarmslyng (Ileus)
Ved tarmslyng (Ileus) oppstår det eit hinder i fordøyingssystemet som gjer at tarminnhaldet ikkje kan passere. Dette er ein akutt tilstand, og kan medføre sterke smerter og oppkast.
Årsakar
Den vanlegaste årsaka til tarmslyng er samanvoksingar etter tidlegare utførte operasjonar. Tarmslyng kan av og til gå over ved hjelp av enkle tiltak på sjukehus, men i nokre tilfelle er det nødvendig med akutt kirurgi.
Tilvising og vurdering
Oppsøk legevakt dersom du har symptom på tarmslyng.
Utredning
For å kunne stadfeste diagnosen er det ofte nødvendig med ei CT-undersøking. Behandlinga blir bestemd av ein kirurg, som vil gjere ei heilskapleg vurdering ut frå den kliniske undersøkinga og eventuell biletdiagnostikk.
Behandling
Behandling av tarmslyng kan variere frå enkle tiltak til operasjon. Blant enkle tiltak er faste, smertelindring og avlastande kateter til magesekken (magesonde).
Oppfølging
Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i cirka 4-6 veker. Du vil bli innlagd på sjukehuset for nødvendig rehabilitering med mobilisering og smertelindring. Varigheita av innlegginga vil variere.
Før du reiser heim får du informasjon, smertestillande tablettar og eventuelt resept og sjukmelding. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.
Ver merksam
Oppsøk legevakt dersom du har symptom på tarmslyng.
Kontakt
Sentralblokka
Gastrokirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Kirurgisk ekspedisjon i 5. etasje i Sentralblokka.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen