HELSENORGE
Hyperemesis / Fødeavdelinga

Svangerskapskvalme

Nær alle kvinner opplever noko kvalme eller oppkast når dei er gravide. Den vanlegaste svangerskapskvalmen er plagsam og ein kan føle seg veldig sjuk, men kvalmen fører som oftast ikkje til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster.

Innleiing

Kvalmen er verst dei første 12 vekene, og etter kvart som svangerskapet utviklar seg vil kvalmen avta. Kosttendring (små, proteinrike måltid) og hjelpemiddel som akupressur, ingefær eller reseptfri kvalmestillande medisin kan hjelpe mot kvalmen. Spør fastlegen eller apotekpersonell om råd.

Alvorleg svangerskapskvalme

Nokon gravide (1-3 prosent) utviklar alvorleg svangerskapskvalme - hyperemesis gravidarum - som kan føre til væsketap (dehydrering), elektrolyttforstyrringar og ernæringssvikt, og treng som oftast behandling på sjukehus.

Intens kvalme og oppkast påverkar arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar. Den mest frykta, men sjeldne komplikasjonen for mor, er hjerneskade grunna mangel på vitamin B1 (tiamin).

Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd for tidleg eller bli fødd med låg fødselsvekt. Risikoen for dette er auka om kvinna ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling - og at dei følger behandlingsopplegget og råd frå lege / jordmor.

Tilvising og vurdering

Svangerskapskvalme kan bli gradert ved eit spørjeskjema som på norsk kallast SUKK - SvangerskapsUtløyst Kvalme Kvantifisering (på engelsk heiter skjemaet PUQE) og inneheld tre spørsmål:

  • Kor mange timar per døgn er du kvalm
  • Kor mange gonger har du brekt deg 
  • Kor mange gonger har du kasta opp?

Høg skår betyr at du har alvorleg svangerskapskvalme. 

Legen gjennomgår SUKK-skjema med kvinna og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Det vil bli undersøkt om det kan vere andre sjukdommar / faktorar som kan vere årsak til kvalmen.

For pårørande kan det vere vanskeleg å forstå kor sjuk ei kvinne med hyperemesis kan føle seg / er, men det er viktig at kvinna får god støtte av familie og vennar og at hun føler at dei er der for ho. Angst, uro, ustabil partnar / heimesituasjon kan forverre tilstanden. Det kan vere vanskeleg for pårørande å skjønne kor sjuk ein faktisk føler seg og er med hyperemesis. Samtale med lege, jordmor eller anna kompetent helsepersonell kan vere til god hjelp for mange.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Vekta til den gravide vil bli målt og vektutviklinga blir fulgt opp. Ultralydundersøking blir utført for å bekrefte svangerskapslengda og velbefinnande hos fosteret. Det vil også bli tatt urin- og blodprøvar blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus.

Under

Gravide med alvorleg svangerskapskvalme treng oftast innlegging på sjukehus.

Kvinna får kvalmestillande behandling og tilførsel av væske, elektrolyttar og næring, inkludert vitamintilskot.

Den beste måten å få tilført næring og nødvendige vitaminar (om ein ikkje klarer å ete / drikke sjølv) er å få dette tilført ved hjelp av ei sonde – at ein tynn slange blir lagt ned i magesekken. Næringsløysing blir tilført via sonden.

Under sjukehusopphaldet blir allmenntilstanden, vekt, urin- og blodprøvar kontrollert regelmessig. Når allmenntilstanden er betra, kan den gravide utskrivast med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgast opp heime. Mange blir utskriven frå sjukehuset med sonde og forset med sondeernæring heime.

Etter

Ro, og moglegheit for kvile og søvn er sentralt i behandlinga av tilstanden. Dette kan vere krevjande å få til om det f.eks. er fleire barn i familien. Partnar, familie og vener sin hjelp og støtte er avgjerande for at behandlinga skal gi effekt. Psykologisk støtte og ro er ein viktig del av behandlinga.

Sterke luktar kan provosere fram kvalme. Dei som er rundt den gravide bør derfor unngå å bruke sterk parfyme. Matlaging, mat som luktar, blomer - alt med sterk duft kan framkalle kvalme og brekningar. Derfor bør gravide med hyperemesis ikkje eksponerast for dette, verken på sjukehuset eller heime.

Et små måltider. Det første måltidet bør takast i senga. Det er lurt å ha kjeks og vann på nattbordet, for å spise før du står opp. Unngå å legge deg like etter eit måltid. Det kan hjelpe å ete før du vert svolten. Ein tom magesekk kan forverre kvalmen ved matinntak. Ein tåler drikke som oftast best kald, klar og med kullsyre, gjerne i små porsjonar mellom måltida. Ispinner kan være ein god måte å få i seg væske på. Varme, høg luftfuktigheit, høge lydar og bilkjøring, kan også forverre kvalmen.

Dei fleste går til fastlege/jordmor for vidare kontroll. Nokon vil trenge gjentatt  behandling som kan bli gjort poliklinisk (utan innlegging på sjukehus). Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg kan det bli nødvendig med ny innlegging.

Pasientforeininga Hyperemesis gravidarum er ei foreining for kvinner med alvorleg svangerskapskvalme. Dei gir råd og hjelp, og mange har sjølv erfaring fra å ha vore sjuk med hyperemesis og kan gi gode råd og støtte.

Les meir på heimesida til Hyperemesis gravidarum

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstid

Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med amminga.

Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til partnar / den eine næraste pårørande. Den første tida heime bør og avgrensast til dei aller næraste.

Partnar / den eine næraste pårørande er velkomen til å vere til stades i barseltida på dagtid kl. 09.00-21.00. 

Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00.

Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk. 

Partnar som bur på familierom eller et måltider på barselavdelinga saman med mor, betalar for dette ved heimreise. 

Les meir om barseltid

Følge på Kvinneklinikken for gravide som skal føde

I takt med at samfunnet no åpner opp, vil også Fødeavdelinga gå tilbake til ein meir familievennleg barseltid. Her er kort oppdatert informasjon til deg som ventar barn.

Hugs god handhygiene!

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?