Diagnose
Svangerskapsdiabetes, Voss
Svangerskapsdiabetes er ein type diabetes som blir oppdaga eller oppstår i graviditeten. Det kan gi auka risiko for svangerskapsforgifting og føre til komplikasjonar under fødselen, mellom anna fordi barnet kan få høg fødselsvekt.
Utgreiing av svangerskapsdiabetes
HbA1c – Måling av langtidsblodsukkerverdi
Det er anbefalast blodprøve med måling av langtidsblodsukkerverdi (HbA1c) dersom du:
- Har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- Har foreldrer med diabetes
- Har etnisk bakgrunn frå land utanfor Europa
- Har BMI/kroppsmasseindeks over 30
Blodprøven bør helst bli tatt før svangerskapsveke 12. Dersom resultatet viser verdiar utanfor normalverdi, anbefaler vi at du begynner med eigenmåling av blodsukkerverdiane. Du vil få opplæring i dette. Du vil også få opplæring og råd om kosthald og fysisk aktivitet. Fastlege eller jordmor med ansvar for svangerskapskontrollane dine vil legge ein plan for vidare oppfølging og informere deg om den.
Dersom blodprøven viser at langtidsblodsukkerverdiane var forhøga, treng du ikkje å ta glukosebelastingstest.
Glukosebelastingstest
Ein glukose- eller sukkerbelastningstest viser kroppen sin evne til å regulere blodsukkernivået. Undersøkinga blir brukt til å stille diagnosen diabetes.
Glukosebelastningstest blir anbefalt i veke 24–28 for:
- førstegangsfødande over 25 år
- fleirgongsfødande over 40 år
- kvinner med BMI over 25 ved svangerskapets begynnelse
- kvinner med foreldrer med diabetes
- kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes i tidlegare svangerskap
- kvinner som har etnisk bakgrunn utanfor Europa
Dersom testen er normal treng du ikkje å ta glukosebelastingtest igjen sjølv om det seinare i svangerskapet er sukker i urinprøvane dine.
Dersom langtidsblodsukkerverdiane (HbA1c) ved blodprøven var utanfor normalverdi, treng du ikkje å ta glukosebelastingstest.
Under
Behandling av svangerskapsdiabetes går ut på å overvåke blodsukkeret og regulere kosthald og fysisk aktivitet. Det kan også vere aktuelt å bruke medisinar.
Blodsukkermåling
Dersom glukosebelastinga eller måling av langtidsblodsukker viser at du sjølv bør starte med å måle blodsukker jevnleg, vil du få opplæring i dette og ei oversikt over kor tid og kor ofte du skal måle.
Resultata frå blodsukkermålingane blir vurderte når du kjem til svangerskapskontroll. Dersom det er nødvendig å gjere noko for å halde blodsukkernivået innanfor normalverdiane, vil du få hjelp til det.
Du bør måle blodsukkeret ditt tre gonger dagleg, og notere resultatet for kvar gong:
- før frukost (fastande)
- 2 timar etter at du startar å ete frukost
- 2 timar etter at du startar å ete middag
Blodsukkerverdiane bør vere under 5,3 mmol/l før du et (når du er fastande) – og under 6,7 mmol/l to timer når du har ete.
Dersom du måler 3–4 blodsukkerverdiar i løpet av 2–3 veker som er over desse verdiane, bør du tilvisast til sjukehuset / til ein diabeteslege som kan vurdere om du treng medisinar for å regulere blodsukkernivået.
Kost og aktivitet
Om det viser seg at du har svangerskapsdiabetes er det viktig at du følgjer dei råda du får om kost, livsstil og aktivitet, og at du møter til dei kontrolltimane du får. Dette er viktig for helsa di og barnet sin vekst og utvikling i svangerskapet, og for framtidig helse for deg og barnet.
Dei fleste med svangerskapsdiabetes klarer å regulere blodsukkernivået ved å legge om kosthaldet og vere i regelmessig fysisk aktivitet. Dei kan derfor fortsetje med svangerskapskontrollar hos eigen lege / jordmor.
Alle gravide er tilrådd å ha eit variert kosthald med grove kornprodukt, grønsaker, frukt og bær, magre meieriprodukt, fisk, bønner, linser, erter og nøtter. Mengda av tilverka kjøt, raudt kjøt og matvarer med mykje metta fett, sukker og salt bør avgrensast. For eit jamt blodsukker er det bra å ha regelmessige måltid, og fordele maten over fleire måltid.
Behandling med medisin
Om ikkje kostendringar og mosjon er tilstrekkeleg for å halde blodsukkeret innanfor normalverdiane, må behandlinga supplerast med medisin – enten tablettar eller injeksjonar med insulin.
Har du utvikla svangerskapsdiabetes som krev insulinbehandling, vil du få vidare oppfølging på sjukehuset i tillegg til dine vanlege svangerskapskontrollar. Det er viktig at du følgjer planen som blir lagd for vidare svangerskapskontrollar.
Etter
Dei første dagane etter fødselen måler vi både ditt og barnets blodsukker. For dei fleste kvinner med svangerskapsdiabetes vil blodsukkerverdiane normalisere seg raskt etter fødselen.
Kontroll etter fire månadar
Alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes bør få kontrollert langtidsblodsukkerverdiane fire månadar etter fødselen. Denne blodprøven kan du ta hos fastlegen. Hugs at du sjølv må bestille time.
Årleg kontroll
Alle kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes bør få kontrollert langtidsblodsukkerverdiane årleg. Dette gjeld også før eit nytt svangerskap.
Kontroll av blodsukkeret til barnet
Barn av mødrer med svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få for lågt blodsukker etter fødselen. For lågt blodsukker er risikabelt for nyfødde. Barnets blodsukkerverdiar vil derfor bli målte tre gonger etter fødselen – eller inntil barnet har stabilt blodsukker. Barnet vil ofte trenge litt ekstra mat/mjølk fram til mjølkeproduksjonen din kjem i gang, for å unngå for lågt blodsukker. Dersom du har brukt insulin i svangerskapet kan det vere behov for at barnet blir observert dei første timane etter fødselen.
Kvinner som har hatt svangerskapsdiabetes har auka risiko for å få diabetes seinare i livet. Eit sunt kosthald, mosjon og eventuelt vektreduksjon er dei viktigaste tiltaka for å førebygge diabetes.
Kjelde: Legeforeningen.no
Ver merksam
Dersom du har meir enn to målingar over anbefalte blodsukkerverdiar i løpet av ei veke, må du kontakte jordmor, lege eller sjukehuset.
Tiltak som kan vere aktuelle er endringar i kosten, oppstart av medisinsk behandling med tablettar eller insulin, eller høgare dosar om du allereie bruker tablettar eller insulin.
Kontakt
Voss sjukehus
Føde poliklinikk Voss
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss