Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strålebehandling

Strålebehandling bruker vi både ved heilande og lindrande behandling av kreftsjukdom, og for å førebygge utvikling av sjukdommen. Strålebehandling blir gitt så målretta som mogleg for å gjere minst mogleg skade på friskt vev.

Stråleterapiavdelinga består av ein planleggingsseksjon med eit CT- og doseplanavsnitt, og ein behandlingsseksjon med strålebehandlingsmaskinar.

Før

All strålebehandling er individuelt tilpassa kvar enkelt pasient. For at vi skal kunne planlegge og gjennomføre behandlinga, krev det at vi har eit godt tverrfagleg samarbeid av eit fagteam beståande av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar.

Vi vurderer sjukdomsbildet og avgjer kva område som skal behandlast, kor høg stråledose vi skal gi og talet på behandlingar.

Vi startar vanlegvis med å ta CT-bilde av den delen av kroppen din som vi skal behandle. CT-bilda blir brukte til å lage eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg (doseplan). Nokon skal ha intravenøst røntgenkontrastmiddel (det vil seie eit røntgenkontrastmiddel sett inn i ei blodåre) ved CT-undersøkinga.

På CT vil det bli teikna med tusj på huda di, og ofte tatoverer vi også på små hjelpemerke. Dette gjer vi for å kunne kontrollere at du ligg på same måte ved kvar behandling. CT-undersøkinga blir utført på stråleterapiavdelinga.

Stråleterapiavdelinga er ansvarleg for planlegging, gjennomføring og oppfølging av pasientar som får strålebehandling ved Haukeland.

I samband med strålebehandling vil kroppen reagera på strålinga i større eller mindre grad. Dei fleste reaksjonane er lokale og vil kunne variera mykje frå person til person.

Informasjonsskriva under vil difor bare fungera som ei rettleiiing, og gjer ikkje ein eksakt oversikt over korleis akkurat du vil oppleva behandlingsperioden. Dei er berre meint å gjera deg bevisst på, kva for erfaringar ein kan gjera seg underveis.

Spør alltid personalet om noko er uklart i samband med den informasjonen du får på avdelinga.

Informasjonsskriv

Engelske:

Informasjon

 

Under

Sjølve strålebehandlinga startar som regel i løpet av veka etter CT-undersøkinga. Du får grundig informasjon om behandlinga når du kjem til første behandling, og da får du også utlevert ei oversikt over datoar og tidspunkt for resten av den planlagde behandlinga.

Behandlinga blir vanlegvis gitt dagleg måndag–fredag. Kvar behandling tar cirka 10–30 minutt, men sjølve strålinga varer berre i eit par minutt og er heilt smertefrie.

Etter

Dersom du ikkje er innlagd på sjukehuset i behandlingsperioden, får du jamleg oppfølging og kontroll hos lege og sjukepleiar på poliklinikken.

Strålebehandling kan gi ulike biverknader. Kva biverknader og grada av desse avheng av stråledose, kva område på kroppen som blir behandla og størrelsen på strålefeltet. Vi gir deg grundig informasjon om behandlinga og kva biverknader du kan vente og tiltak mot desse.

Sist faglig oppdatert 27.03.2026

Kontakt

Sentralblokka Stråleterapi

Kontakt Stråleterapi

Oppmøtestad

Stråleterapiseksjonen gir saman med avdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus eit strålebehandlingstilbod til pasientane i Helse Vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). 

Spørsmål i samband med oppstart av behandling: tlf. 55 97 20 10 måndag - fredag 07:30-15:30
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

​Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

Les mer om barn som pårørande

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Ved inngangen til Parkbygget finn du ventesone A som er ope for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
Her finst aviser, blad, tv, trådlaust nettverk og ein lekekrok for dei minste.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, til å nytte Atriet. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, så vi oppfordrar også pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet.

For dei som skal ha behandling, er det eit eiga venterom i behandlingseinheita.

​​Kreftavdelinga har to sengepostar, Post 1 og Post 2.

​Alle pasientar får innkalling per brev. 

Brevet inneheld opplysningar om:
• Dag og tid for oppmøte på aktuell sengepost. 
• Info om kva du må ta med deg 

- Toalettsaker 
- Diverse dusjartiklar 
- Tøflar 
- Undertøy m.m. 
- Privat tøy
 
• Medisinar: Dersom du bruker medisiner fast, tar du med en oversikt over disse når du kommer til oppmøte. 
 
• Verdisaker: Avdelinga har ikkje høve til å ta ansvar for verdisaker. 
 

Innleggingsdagen

Den første dagen går med til prøvetaking, informasjon og samtale med helsepersonell. Du må rekne med litt venting mellom dei ulike gjeremåla denne dagen.

Legen vil undersøke deg og du vil få informasjon om vidare prøver/ undersøkingar og behandling.

Du vil også få ein innkomstsamtale med pleiepersonell og få ein del skriftleg informasjon om avdelinga og rutinane der.

Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallingsbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 

  • Dag og tid for oppmøte.

  • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.

  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.

  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.

  • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.

  • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

 

Praktisk informasjon

Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.

Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting. 
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering. 
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.

​​​Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Les meir om Pusterommet

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Du vil få:

  • Samtale med lege. 
  • Nødvendige papir som transportrekvisisjon, reseptar, sjukemelding osb. Utskrivingsskjema som gir deg informasjon om eventuelle medisinar, oppfølging heime og vidare avtaler med avdelinga. Dette skjemaet bør du ta med ved besøk hos fastlegen. 
  • Bruk anledninga til å spørje om ting du lurer på.

Du kan gjerne ha med deg pårørande ved utskrivingssamtalen.

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret