Poliklinisk behandling
Dei fleste pasientane blir som regel tilvist til ein BUP. Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.
På BUP vil du få utgreiing, og om det er relevant vil du få tilbod om behandling frå eit spesialteam for spiseforstyrringar, eller frå ein sjukehusavdeling. I samråd med deg og ev. føresette, vil vi utarbeide ein behandlingsplan.
Behandling ved døgneiningar
Dersom utgreiing og behandling i poliklinikk ikkje er tilstrekkeleg, og ein ikkje opplever god nok betring av tilstanden, vil det vere aktuelt å vurdere andre tilnærmingar herunder høgare intensitet i behandlinga eller eit anna behandlingsnivå (innlegging i døgneining på sjukehus). Ein innlegging skjer som regel ut i frå behov for øyeblikkeleg hjelp der allmenntilstanden er dårleg. Innlegginga blir som oftast planlagd saman med behandlar, slik at dette skjer på best mogleg måte.
Familieinnlegging i ein avgrensa periode er eit alternativ til døgninnlegging av barnet / ungdommen aleine, særleg når pasienten er under 16 år. Då kan ein sette saman eit behandlingsteam frå ulike einingar.
Behandlinga vil som oftast bestå av psykoterapeutisk behandling. Psykoterapi betyr behandling av psykiske lidingar ved hjelp av psykologiske metodar, vanlegvis basert på samtalar.
Aktuelle terapimetodar
I spesialisthelsetenesta er det krav om å tilby kunnskapsbaserte terapiformer. Ved anoreksi er førstevalet familiebasert terapi (FBT) for barn og ungdom. Der pasienten er tilstrekkeleg motivert for individuelle samtalar kan kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar (KAT S) vere aktuelt. I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med andre tilnærmingar. Ved bulimi har KAT S, FBT, sjølvhjelp og medikamentell behandling vist seg å kunne ha effekt.
Familiebasert terapi (FBT)
Familiebasert terapi skjer gjennom regelmessige møte med heile familien. Behandlinga har tre ulike fasar. Første fase har som mål å få i gang gjenoppretting av vekttap der initiativ og kontroll som oftast ligg hos behandlarar og føresette. I andre fase blir meir av ansvaret overført til pasienten sjølv, men i takt og samsvar med tilfredsstillande vektauke og reduserte symptom. I siste fase tar ein for seg resterande og relevante problemstillingar med mål om auka sjukdomsinnsikt, og for å førebyggje eit seinare tilbakefall. Dette gir rom for fleire individuelle møte med ungdom i tillegg til familiearbeidet.
Kognitiv terapi for spiseforstyrringar (KAT S)
Grunntanken i kognitiv terapi er at tankar, følelsar og handlingar påverkar kvarandre. Fokus i denne behandlingsmetoden er at terapeuten og pasienten ser nærmare på innhaldet i tankane og testar ut nye måtar å tenkje om og møte problema på.
Evaluering
Vi vil jamnleg gå gjennom framdrift og di oppleving av både behandling og kontakt med oss. Det er viktig at det er god dialog mellom deg og din behandlar, og at behov og ønske blir diskutert slik at eventuelle behandlingsmål og metode kan justerast.