Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Spise- og ernæringsvansker hos barn, tiltak

Etevanskar er ofte av samansett karakter, og i dei fleste tilfelle er det behov for ei tverrfagleg tilnærming. Behandlinga vil variere noko, avhengig av kva type etevanskar som er mest framståande, om barnet viser vegring, munn- og svelgmotoriske vanskar, eller har eit snevert kosthald. Avvikande eteutvikling er vanlegare hos barn med alvorleg sjukdom og er særleg utbreidd ved enkelte diagnosar.
Etevanskar hos barn er kjenneteikna ved problem med å ete eller drikke tilstrekkeleg for å dekke næringsbehovet sitt. Vanskane kan også komme til uttrykk ved at barnet har eit svært anstrengt forhold til eting og måltid, utan at det gir mangelfull ernæring. Nokre gonger er det ei kjent årsak til vanskane, i andre tilfelle er det vanskeleg å påvise nokon sikker årsak. Stress og bekymring hos foreldre er vanleg og ofte normale reaksjonar på etevanskane. Det er viktig at desse reaksjonane blir fanga opp, då dei kan oppretthalde og i nokre tilfelle forsterke vanskane hos barnet. 

Vanskane kan bli kategorisert på følgande måtar: 
  • Vanskar relatert til mengde: dårleg appetitt, manglande interesse for eller avvising av mat, som medfører at barnet ikkje klarer å ete/drikke tilstrekkelege mengder. Det blir gjerne beskrive som «småspistheit» og spisevegring.
  • Vanskar relatert til konsistens: problem med å ete mat/drikke med konsistens som barn på same alder vanlegvis meistrar, for eksempel mat som krev munnmotorisk omarbeiding og må bli togge. Det blir omtalt som umoden munnmotorikk, oralmotoriske vanskar og dysfagi.
  • Vanskar relatert til samansetninga av kosthaldet: avvising av all mat utanfor eit snevert og avgrensa utval, ekstremt og vedvarande kresen, og preferanse for sære smakar. Det blir omtalt som selektivt kosthald, «ekstrem kresenheit» og «særspising».
Det er ikkje uvanleg at barn med alvorlege etevanskar har utfordringar innan alle desse tre kategoriane samtidig. 




Dette bør inngå i tilvisinga: 

  • Diagnose/diagnosar på tilvisingstidspunktet
  • Aktuelle problemstillingar
  • Pågåande/planlagt behandling og oppfølging, inkludert om eteteamet lokalt er involvert. Dersom ikkje – kvifor?
  • Tidlegare sjukehistorie, inkludert vekt- og vekstutvikling (legg ved percentilskjema) og tidlegare utgreiing 
    • pH-registrering  
    • Rtg Ø+V+D?
    • Blodprøver?
    • Allergiutgreiing?
    • Videofluoroskopi?
    • Anna gastroenterologisk utgreiing?
  • Tidlegare etehistorie
    • Korleis har etinga og måltida til barnet vore frå nyføddperioden
    • Når og korleis begynte etevanskane
    • Har barnet hatt behov for ernæring gjennom sonde/gastrostomi (spesifiser dette nærare)
  • Status ved tilvisingstidspunktet
    • Kva og kor mykje et og drikk barnet
    • Korleis er måltidsrytmen og døgnrytmen
    • Ernæring gjennom sonde/gastrostomi
    • Kva matvarer/konsistenstypar meistrar barnet
    • Korleis drikk barnet
    • Beskriving av måltid (måltidsobservasjon)
    • Vurdering basert på måltidsobservasjon (informasjon om måltid/måltidobservasjon)
    • Kartlegging av måltid (måltidsobservasjon)
    • Kartlegging av korleis etevanskane påverkar foreldra og familien
  • Generell utvikling
  • Familiære, sosiale forhold med relevans for det aktuelle
  • Lokale kontaktpersonar som kan følge opp vidare, eventuelt delta på utskrivingsmøte/oppsummering via digitalt møte
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt
 




Før

Før utgreiing og behandling for etevanskane er det viktig at foreldre er forberedt på spørsmål om eteutviklinga og ernæringssituasjonen til barnet heilt frå nyføddperioden fram til undersøkinga. Ei grundig vurdering av eteutviklinga og sjukdomshistoria til barnet vil vere utgangspunktet for utgreiing. Foreldra kan bli bedt om å gjennomføre kostregistrering (skrive ned alt barnet et og drikk i fire dagar) og gjere videoopptak frå måltid heime og i barnehage / på skule.

Under

Som grunnlag for tiltak vil barnet bli undersøkt av barnelege. Vidare vil måltidsobservasjonar, kartlegging av ernæringsmessige forhold og ev. vurdering av munnmotorikk og svelgfunksjon vere nødvendig før behandlinga startar. På bakgrunn av denne kartlegginga blir det gitt rettleiing basert på videoopptak frå måltid og råd om ete- og ernæringsfremmande tiltak tilpassa det enkelte barnet og familien til barnet. 

Hos nokre barn er det aktuelt med tilleggsundersøkingar som blodprøver, for eksempel pH–registrering for å utelukke gastroøsofageal refluks eller svelgfilming (videofluoroskopi) for å utelukke svelgevanskar.

Nokre gonger er det nødvendig å starte opp med medisinsk behandling, for eksempel behandling av refluks frå magesekken eller obstipasjon, før det er mogleg å få eit barn til å ete ei større mengde eller meir variert mat. Dersom eit barn har forsinka eteutvikling, vil det vere nødvendig med tiltak i eit utviklingsperspektiv. Tilpassing av konsistensen på maten i samband med den munnmotoriske funksjonen til barnet kan vere vesentleg. 

For nokre barn vil nesesonde eller gastrostomi (magesonde), vere nødvendig. Ved bruk av nesesonde eller gastrostomi er det viktig at det blir utarbeidd ein god oppfølgingsplan som sørger for god ernæring og trygg administrering av dette. Dette kan vere eit kortvarig hjelpemiddel for nokre, mens det for andre vil vere nødvendig over lang tid. 

Det vil alltid vere behov for rettleiing til foreldra til barnet, barnehage eller skule, og andre nære omsorgspersonar som har ansvar for måltid med barnet. Ete- og ernæringsteamet vil samarbeide med fagpersonar som arbeider med barnet til dagleg, for å sikre best mogleg oppfølging og kontinuitet.

Gjer det vondt?

Sjølve behandlinga i ete- og ernæringsteamet medfører ikkje smerter og ubehag. Nokre gonger kan det vere behov for blodprøver og andre medisinske undersøkingar for å avklare helsetilstanden til barnet.

Kor lenge varer behandlinga? 

Ete- og ernæringsteamet vurderer barn både ved polikliniske konsultasjonar (1–2 timar), som dagpasientar (opptil 5 timar) og ved dagopphald (3–4 dagars varigheit). '

Etevanskar har mange former. Nokre vanskar er avgrensa, andre er resultatet av eit komplekst samspel mellom motoriske, sosiale og ernæringsmessige faktorar. Nokre vanskar er forbigåande, mens andre kan vare ved over tid, i enkelte tilfelle gjennom heile livet. Vanskane kan ha blitt utløyst av ei kjent årsak og vare ved sjølv om den opphavlege årsaka er ferdigbehandla. Det er vanskeleg å seie noko generelt om varigheita til behandlinga.

Etter

Ete- og ernæringsteamet legg vekt på å samarbeide med lokale fagpersonar. Teamet kan ha kontakt med lokale fagpersonar både før og under behandlingsopphaldet. Ved oppsummeringsmøtet deltar ofte lokale fagpersonar frå barnehage/skule og helsepersonell, og vi har også videooverførte samarbeidsmøte. Dette gir rom for felles drøfting med fagpersonar og foreldre til stades og bidrar til at vi kan bli einige om planar for vidare behandling og oppfølging. 

Som regel blir barnet og familien overført til det lokale hjelpeapparatet etter at utgreiinga er avslutta og det er utarbeidd eit forslag til vidare tiltak og oppfølging.



Kontakt

Glasblokkene Habiliterings­tenesta for barn og unge (HABU)

Kontakt Habiliterings­tenesta for barn og unge (HABU)

Oppmøtestad

Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 15. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30.
Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800. Sjukehuset dekkjer ikkje utgifter til reise og opphald for pårørande til vaksne pasientar. Ta eventuelt kontakt med NAV. ​

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir om gåver og donasjonar

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.