Spise- og ernæringsvansker hos barn, tiltak
Etevanskar er ofte av samansett karakter, og i dei fleste tilfelle er det behov for ei tverrfagleg tilnærming. Behandlinga vil variere noko, avhengig av kva type etevanskar som er mest framståande, om barnet viser vegring, munn- og svelgmotoriske vanskar, eller har eit snevert kosthald. Avvikande eteutvikling er vanlegare hos barn med alvorleg sjukdom og er særleg utbreidd ved enkelte diagnosar.
- Vanskar relatert til mengde: dårleg appetitt, manglande interesse for eller avvising av mat, som medfører at barnet ikkje klarer å ete/drikke tilstrekkelege mengder. Det blir gjerne beskrive som «småspistheit» og spisevegring.
- Vanskar relatert til konsistens: problem med å ete mat/drikke med konsistens som barn på same alder vanlegvis meistrar, for eksempel mat som krev munnmotorisk omarbeiding og må bli togge. Det blir omtalt som umoden munnmotorikk, oralmotoriske vanskar og dysfagi.
- Vanskar relatert til samansetninga av kosthaldet: avvising av all mat utanfor eit snevert og avgrensa utval, ekstremt og vedvarande kresen, og preferanse for sære smakar. Det blir omtalt som selektivt kosthald, «ekstrem kresenheit» og «særspising».
Før
Før utgreiing og behandling for etevanskane er det viktig at foreldre er forberedt på spørsmål om eteutviklinga og ernæringssituasjonen til barnet heilt frå nyføddperioden fram til undersøkinga. Ei grundig vurdering av eteutviklinga og sjukdomshistoria til barnet vil vere utgangspunktet for utgreiing. Foreldra kan bli bedt om å gjennomføre kostregistrering (skrive ned alt barnet et og drikk i fire dagar) og gjere videoopptak frå måltid heime og i barnehage / på skule.
Under
Gjer det vondt?
Kor lenge varer behandlinga?
Etter
Kontakt
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 15. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30.Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen