Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Spilleavhengighet
Ein definisjon på spelavhengigheit er at du har mista kontrollen på spelinga og at det dominerer både tankar, kjensler og åtferd. Behandlinga kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og lære deg å handtere risikosituasjonar.
Her finn du fareteikna på speleavhengnad, og informasjon om korleis ein kan få hjelp.
Om lag 55 000 personar i Noreg har truleg problem med gambling og pengespel. Risikoen for å vere problemspelar er størst hos:
menn
personar med låg utdanning
personar som får ei form for offentleg stønad
personar med fødestad utanfor Noreg
Om pengespel i Noreg
Om lag 60 prosent av befolkninga i alderen 16–74 år speler pengespel kvart år. Dei mest populære spela er talspel og skrapelodd.
Speleautomatar på nett er dei spela som flest personar slit med å kontrollere.
Nye typar pengespel, plattformer og kanalar blir stadig utvikla, og tilbodet av fjernspel, blant anna via internett, veks. Ein stor del førespurnader til Hjelpelinjen for spilleavhengige og til behandlingsstader skriv seg frå spel frå utlandet.
I behandlinga ønsker vi å gjere deg bevisst på samspelet mellom tankar, kjensler og handlingsmønster, slik at du kan bli betre i stand til å meistre avhengigheiten din.
Med yngre pasientar kan behandlingsprosessen òg inkludere foreldre/pårørande. Skule, fastlege og NAV kan involverast etter behov og ønske.
Tilvising og vurdering
Fastlege, barnevernsteneste eller konsulent på ditt lokale NAV-kontor kan tilvise til spesialisthelsetenesta for behandling av spelavhengigheit.
Kor lang tid vil det ta før du kan kome i behandling /utgreiing?
For deg som er under 23 år skal behandlinga starte innan fire veker. For andre er det gitt ein rettleiande frist på 12 veker. Merk deg at ventetid kan variere avhengig av kor alvorleg tilstanden er.
Før
Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.
Før behandlinga startar vil behandlaren din saman med deg, basert på opplysningane i tilvisninga, danne seg eit bilete av kor alvorlege speleproblema dine er. Det vil deretter bli stilt diagnose og utarbeidd ein behandlingsplan.
Under
Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. I desse samtalane vil vi snakke om følgjande:
snakke om motivasjonen din for å gjere endringar med tanke på spelinga di
Det kan variere kor ofte du møter til samtalar. Det er vanleg med ein gang i veka.
Kor lang tid tar behandlinga?
Behandlingsperioden vil variere i lengde, intensitet og hyppigheit ut frå følgjande:
har du andre psykiske lidingar i tillegg
kor klar du er til å gjere endringar
i kva grad du har tru på at du kan få til endringar
Behandlinga vil bestå av polikliniske samtalar individuelt, i gruppe, eller med ein kombinasjon av desse. I desse samtalane vil vi snakke om følgjande:
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.