Tenesta er ein del av Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma.
Symptom på yrkesastma kan vere tung pust, piping i brystet og at det renn frå nase og auge. Mange kan også oppleve at symptoma kjem etter at dei har vore på jobb, og det er typisk at symptoma blir betre i friperiodar.
For dei fleste pasientar med mistanke om yrkesastma, kan ein finne ein årsaksdiagnose ved ein mykje mindre krevjande type diagnostikk - nemleg PEF-måling heime og på jobb saman med konvensjonelle allergologiske metodar.
Kva er spesifikk bronkial provokasjon?
Spesifikk bronkial provokasjon (SIC = spesifikk inhalasjonsutfordring) blir sett på som ein referansemåte ved årsaksdiagnostisering av allergisk yrkesastma. Ved SIC blir pasienten utsett for kontrollerte eksponeringar for det mistenkte utløysande agens (stoffet som vi mistenkjer er årsaken til astmaen).
Kort oppsummert blir spesifikk bronkial provokasjon gjort som eit forsøk der pasienten blir utsett for kontrollerte eksponeringar for det agenset som mistenkjer å vere årsak til pasienten sin astma. Testmaterialet kan vere både høgmolekylære og lågmolekylære stoff. Lungefunksjon og klinisk status blir registrert kvar våkne time i 4-5 dager.
Testen blir rekna som positiv for astma når det er ein reduksjon på minst 15% av tvungen utpustevolum på eitt sekund (FEV1) i to påfølgjande målingar.
SIC blir utført etter ei protokoll publisert av ei arbeidsgruppe nedsett av European Respiratory Society (ERS).