Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
eBehandling
Sosial angst - veileda internettbehandling
Sosial angst er den vanlegaste angstlidinga i Noreg, og er kjenneteikna av ei vedvarande frykt for at andre skal tenke negativt om oss. Redselen kan gjelde i éin eller nokre få bestemte typar situasjonar, eller i ulike situasjonar. Symptoma er meir omfattande enn hos ein person som er sjenert eller har prestasjonsangst. Sosial angst kan føre til at ein ikkje tar del i familieliv, arbeidsliv, skulegang eller sosiale samanhengar. Opplever du at sosial angst gjer det vanskeleg for deg å fungere i det daglege, finst det behandling som kan hjelpe deg.
Kva er eBehandling?
I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ei form for internettbehandling med fagleg rettleiing.
Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis kroppslege reaksjonar, tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gje deg innsikt i kva som bidrar til sosial angst, og korleis du kan meistre angsten. Du lærer korleis du kan gjere eksponering mest mogleg effektivt. Du lærer også korleis du kan kjenne igjen, og endre handlingar og tankemønster som opprettheld angsten.
Tilvising og vurdering
Korleis få tilbod om eBehandling for depresjon?
Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønsker vi at du søker i samråd med behandlaren din.
Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be legen om å skrive i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svaret på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare, og om rettane dine.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eBehandling.
Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må utgreiast lokalt og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon, før tilvisinga sendast til eBehandling.
Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.
Ring oss gjerne på telefon 56 34 32 50 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling
eBehandling vurderar om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eBehandling innan 2-3 veker. eBehandling held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eBehandling er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.
Før
Dersom vi kjem fram til at du kan ha nytte av eBehandling, vil du bli kalla inn til ein vurderingssamtale. Timen kan vere ein videokonsultasjon eller eit møte ansikt til ansikt. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Før vurderingsamtalenrår vi deg til å lese første kapittel av eBehandling sosial angst.
I vurderingssamtalen
Du vil vil møte ein behandlar frå eBehandling. Saman med deg vil behandlar kartlegge vanskane dine og livssituasjonen din. Du kan også stille spørsmål om ebehandlinga. Saman vil de vurdere om eBehandling vil vere eit godt tilbod for deg.
Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eBehandlingsprogramma ta kontakt med oss på epost ebehandling@helse-bergen.no eller tlf. 56 34 32 50
Under
Behandlinga
Dersom de kjem fram til at tilbodet eignar seg for deg, kan du starte behandlinga samme dag. Du vil få tilsendt informasjon om innlogging, og du loggar deg på behandlinga med din BankID.
eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver du skal trene på i kvardagen din.
Behandlinga for sosial angst inneheld:
informasjon om sosial fobi.
ein modell for sosial fobi og eksponering for kroppslege reaksjonar.
eksponering for sosiale situasjonar.
korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv.
meir om eksponering.
å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept.
handtering av tilbakesteg.
korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida.
Samarbeid med din eBehandlar
Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med øvingane, kva du har tenkt på, og stille spørsmål.
Behandlaren din vil lese det du skriv, gi deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.
Ta med dine næraste
Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga.
Vår erfaring viser at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.
Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside eBehandling
Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.
Etter
Når eBehandlinga er gjennomført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Etter dette møtet blir behandlinga avslutta, men du vil ha lesetilgang til alt innhaldet i 6 månader.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.