Utgreiing hos eiga lege
Ved utgreiing av ufrivillig barnløyse hos fastlege/gynekolog blir mannen tilvist til eit laboratorium for å få undersøkt sædkvaliteten. Sædprøven blir undersøkt på mengde (volum), tal (konsentrasjon), rørsle (motilitet) og korleis sædcellene ser ut (morfologi).
Ved eventuell tilvising til infertilitetsbehandling, må svaret på sædprøven leggast ved.
Varierande kvalitet
Kvaliteten på sædprøven kan variere ein del, derfor kan vi ikkje konkludere med mannleg infertilitetsårsak på grunnlag av ein einskild redusert sædprøve. Sædkvaliteten kan for eksempel bli svært redusert etter ein feberinfeksjon, men den er normal igjen etter 1-3 månader. Er prøven redusert må det derfor vere tatt to prøvar før tilvising.
Tilvising til Seksjon for assistert befruktning
Er det ingen sædceller i prøven, kan det tilvisast til TESA (Testicular Sperm Aspiration) hjå oss. Om det ikkje blir funne sædceller etter TESA kan vi ikkje tilby behandling, sidan me ikkje har tilbod om donorsæd. Paret kan visast vidare til klinikkar som har det tilbodet.