Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost. Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.
Det er vanleg å oppleve noko smerte i dagane etter operasjonen. Du får smertestillande medisin som du gradvis skal trappe ned.
Du kan bevege deg fritt etter operasjonen og du bør vere i mest mogleg normal bevegelse. Gå tur, ver i aktivitet og beveg deg så naturleg som du klarar.
Det er vanlegvis ikkje nødvendig med opptrening på institusjon etter utreise.
Etter utskriving
Dei fleste blir på sjukehuset i 1-2 dagar. Det er ikkje nødvendig med rehabiliteringsopphald eller fysioterapi etter utreise. Gjer øvingar og ver i daglegdags aktivitet når du kjem heim. Du kan gradvis starte opp med fritidsaktivitetar/trening.
Sjukmelding/reseptar
Du vil få med resept på smertestillande medisinar. Normalt er det naudsynt med sjukmelding frå 2 veker og oppover, avhengig av yrke.
Operasjonssåret
Bandasje skal brukast i ca 14. dagar etter operasjonen. Om du skal dusje, må operasjonssåret lufttørkast før du legg på ein ny, steril bandasje. Det er normalt ikkje sting å fjerne, dei ligg under huda og vert løyste opp av seg sjølv. Om du har sting/stiftar i huda, skal desse fjernast etter 12-14 dagar hos fastlegen din.
Smertereaksjon
Dei fleste vil få ein reduksjon av smerter etter operasjonen. Hos nokon kan det ta nokre veker med minkande smerter. Det er normalt å kjenne stivheit og smerte i sår nedst i ryggen den første tida etter operasjonen. Denne reaksjonen er svært individuell. Smerta er som regel verst det første døgnet. Deretter blir det normalt ei gradvis betring.
Dersom du har vore nummen eller plaga av lammingar før operasjon, kan desse plagene halde fram i fleire månader og år.
Feber
Etter inngrepet kan du få ein lett feberreaksjon med temperatur opp til 38-38.5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg, kan du ta kontakt med fastlegen din eller legevakta.
Infeksjon
Det er uvanleg at det blir infeksjon i operasjonssåret. Du bør likevel vere merksam på aukande smerter frå operasjonssåret eller stigande feber etter operasjonen.
Aktivitet
Generelt er det viktig å komme raskt i gong med aktivitet. Dei fleste kan komme opp å stå/gå same dag som ein er operert. Gå turar og beveg deg så naturleg som mogleg etter operasjonen.
Poliklinisk kontroll
Du får time til kontroll på poliklinikken vår ca. 3 månader etter operasjonen.
Bilkjøyring
Du må ikkje køyre bil før du er i stand til det etter Vegtrafikklova.
Informasjon frå fysioterapeut
Ryggøvingar etter ryggoperasjon.
1. Vektoverføring, sidelengs + fram og tilbake: Sidelengs: Finn midtstilling: overfør kroppstyngda frå høgre til venstre bein, finn midten. Gjenta. Fram og tilbake: Overfør så kroppstyngda frå tå til hel, finn midten. Gjenta. Kjenn at du står godt og har god kontakt med golvet når kroppstyngda er plassert i midten.


2. Samantrekking av skulderblad: Stå med armane hengande ned langs sida. Trekk skulderblada saman og litt ned, hald i 3-5 sek, slapp av og gjenta.

3. Knebøy: Stå med ei hoftebreiddes avstand mellom føtene. Bøy i hofte og kne. (tenk at du skal sette deg ned på ein stol). Strekk i hofte og kne og kom tilbake til ståande stilling. Gjenta.

4. «Armhevingar» mot vegg: Støtt deg mot veggen - med armane i brysthøgd. Hald kroppen strak. Senk kroppen mot veggen og skubb tilbake. Gjenta.

5. Rette magemusklar: Ligg på rygg med bøygde kne, armane langs sida. Aktiver magemuskulaturen, rull overkroppen opp og strekk armane fram. Rull ned igjen og kvil hovudet mot underlaget/puta. Gjenta.

6. Skrå magemusklar: Løft hovudet og strekk venstre arm/alboge mot høgre kne. Rull roleg ned att og kvil hovudet mot underlaget. Gjer det same til venstre side. Gjenta.

7. Seteløft: Ligg på rygg med bøygde kne. Knip setet (rumpeballane) saman og løft bekken og nedre del av rygg frå underlaget. Hald i 3-5 sek. Kvil og gjenta. Gjenta.
8. Mageliggande diagonalhev: Ligg på magen med strake armar og bein. Løft den eine armen og det motsette beinet ca 5cm opp frå golvet. Hald ca 3sek. og slapp av. Løft motsette bein og arm. Gjenta.
