Du ligg/sit på ein benk mens radiologen set inn ståltråden ved hjelp av ultralydrettleiing eller røntgenrettleiing.
Du vil kjenne eit stikk i huda idet ståltråden blir sett på plass. Den blir teipa godt fast på huda og du bør bevege deg forsiktig etter at prosedyren er utført. Sjølv om strengen er festa kan den ramle ut ved store armbevegelsar.
Vi tar mammografi for å kontrollere at ståltrådane er plassert rett.