Når undersøkinga begynner, må du ligge på et undersøkelsesbord. Du må kle av deg bukse og truse, så får du eit håndkle over deg.
Vi brukar ikkje lenger blyforkle på pasientar som kjem til røntgen, då det har vist seg at dette kan komme i vegen for ei god undersøking.
- Vi begynner med å vaske rundt urinrøret, då må du ligge med beina ut til sidene.
- Så smører vi på litt bedøvelsesgele. Geleen gjer undersøkinga mindre ubehagelig.
- Så set vi et tynt mjukt plastrør (kateter) gjennom urinrøret til urinblæra. Eit kontrastmiddel skal renne gjennom kateteret heilt til blæra er full, og du kjenner at du blir tissetrengt.
- Kontrastmiddelet gjer at blære og urinrør visest på røntgenbildene.
- Når blæra er full, tar vi vekk kateteret og så skal du prøve å tisse medan du ligg på benken.
- Det kan vere litt vanskelig å få til, og kan vera det som tar lengst tid. Grunnen til at du må tisse medan du ligg er fordi vi skal ta røntgenbilder samtidig som du tisser.
- Når det er gjort, er du ferdig med undersøkinga, kan kle på deg og reise heim.
- Heile undersøkinga tar frå 30 min til 1 time avhengig av kor lang tid det tar å tisse