Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rettar ved pasient- og pårørandeopplæring i grupper

Pasientar, pårørande og følgjesperson kan ha rett til refusjon av utgifter til reise og opphald, kostpengar og opplæringspengar ved opplæringstiltak i grupper. Pasientar og pårørande har også rett til val av behandlingsstad.

Pasientar og pårørande kan ha rett til dekning av reiseutgifter ved opplæringstiltak i sjukehuset. Fastlege eller sjukehuslege avgjer om det er nødvendig at pasient og pårørande blir tilvist til opplæring. 

Hovudregelen er at du får pengestøtte for reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du har brukt. Dersom du skal reise med fly må du bestille reisa via Pasientreiser. Du må betale eigendel for reisa, dersom du ikkje har frikort. For pårørande inngår ikkje eigendelen som ein del av frikortordninga. 

Det er eigne satsar og reglar for godtgjersle av utgifter til mat og overnatting. Utgifter utover desse satsane må du betale sjølv. Du må sjølv bestille overnatting. 

Har du spørsmål om utfylling av reiserekningsskjemaet, dekning av reiseutgifter eller bestilling av pasientreisa di, kontakt Pasientreiser: 05515. 

Pasienten betaler eigendel på opplæringskurs, tilsvarande poliklinisk takst i sjukehuset. Pårørande betaler ikkje eigendel. Eigendelen er ein del av frikortordninga for pasienten. Barn har ikkje eigendel. 

 Betaling for helsetenester på helsenorge.no 

Som pasient kan du få sjukmelding for å delta på opplæring i sjukehuset. Dette bør du avklare med tilvisande lege. Du kan også søkje arbeidsgivar om velferdspermisjon. 

Er du pårørande til ein vaksen pasient, kan du søkje arbeidsgivar om velferdspermisjon for å delta på kurset. 

Opplæringspengar er for deg som må vere borte frå jobb for å delta i nødvendig opplæring for eit barn eller ein vaksen som har ei funksjonshemming eller langvarig sjukdom. 

NAV om opplæringspengar  

Deltaking på opplæringstilbod kan gi rett til å velje behandlingsstad. 

Rett til val av behandlingsstad 

Sist oppdatert 20.02.2023