HELSENORGE
Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler

Rekonstruksjon av større skade på skjede / endetarm etter tidlegare fødsel

Under fødselen blir bekkenbotnen strekt og det kan oppstå rifter i huda. Mange fødande får mindre rifter, men i blant kan den fødande få større fødselsrifter. Det kan føre til skade på endetarmens lukkemuskel.

Ventetider

Innleiing

Lukkemuskelen er ein ringmuskel rundt den nedste delen av endetarmen og funksjonen er å halde på luft og avføring. Muskelen er konstant trekt saman, men om han har blitt skada og ikkje har blitt fullstendig lækja, kan lukkemekanismen vere svekka. Då kan ein få plager med at ein lekker luft, ikkje har full kontroll på avføringa eller har problem med å rekke toalettet i tide.

Før

Rifter i lukkemusklane kan oppstå under fødselen, og dersom du er førstegongsfødande, føder eit stort barn, eller om det blir forløyst med tang eller vakum, har du større risiko for ein slik skade.

Under

For å reparere ein skadd lukkemuskel, syr vi dei skadde endane på muskelen saman. Deretter reparerer vi resten av rifta slik at det skada området skal bli mest mogleg normalt igjen. Tråden som blir brukt vil løyse seg opp av seg sjølv, og ein treng ikkje fjerne stinga.

Etter

Smerter etter fødsel

Dei første dagane etter fødselen er det normalt at det svir når du tissar, og dei første vekene kan det klø i området der det er sydd. Såret vil vanlegvis lækjast innan tre til fire veker. Det kan ta opp mot ein månad før du er utan smerter, og du har fått normal kjensle rundt skjeden.

Nokon har behov for smertestillande tablettar i ein til to veker etter fødselen, og vi anbefaler då at du bruker 1 gram Paracet opp til fire gangar i døgnet. Om nødvendig, kan du ta 400 mg Ibux saman med Paracet, men maks tre gongar i døgnet. Smertestillande medisin skader ikkje barnet via morsmjølka når du ammer.

Sårhygiene og amming

Skyll deg med lunka vatn etter du har hatt avføring og bruk elles handdusjen når du skal vaske underlivet. Bruk eit reint handkle.

  • Unngå å sitte for lenge om gangen. Det kan belaste såret og gi meir smerte. Prøv å sitte på to samanbretta handkler
  • Legg deg på sida når du skal inn og ut av senga
  • Ligg helst på sida når du ammer
  • Hald avføringa mjuk
  • Unngå å løfte tungt i fire til seks veker etter fødselen
  • Bruk reseptfrie, smertestillande medikament mot smerter frå såret

Tarmfunksjon

Treg mage er vanleg etter fødselen. Difor får du avføringsmiddel (Laktulose 15 ml to gonger dagleg) medan du er innlagd. Du kan halde fram med det i eit par veker etter fødselen for å halde avføringa mjuk. Unngå å trykke mykje ved toalettbesøk.

Du bør drikke rikeleg med vatn og ete fiberrik kost (fullkornsbrød, frukt, rosiner/svisker).

Mange klarer ikkje å halde på luft frå endetarmen dei første vekene etter fødselen. Dette kjem seg ofte gradvis etter som bekkenbotnen blir sterkare i halvåret etter fødselen.

Fysioterapi og opptrening

På fødeavdelinga får du råd om trening etter fødsel. Du får og ei tilvising til fysioterapeut som kan hjelpe deg med bekkenbotntreninga vidare.

Start med lett trening av musklane i bekkenbotnen så raskt som mogleg etter fødselen. Ligg i kvilestilling, knip saman musklane rundt endetarm, skjede og urinrørsopninga. Gjenta fire-fem gonger, tre gonger om dagen.

Etter kvart som bekkenbotnen blir sterkare kan du auke til ti knip om gongen. Heime kan du gjere øvingane medan du ligg på golvet. Ta i så godt du kan utan å halde pusten, og utan å bruke musklane i baken, låra eller magen. Hald knipet så lenge du klarer, kvil nokre sekund og knip på ny. Du bør halde fram med knipeøvingane i tre til seks månader.

Prøv å knipe igjen også når du hostar eller nys, og før du løftar barnet eller noko tungt. Om du held fram med knipeøvingar også etter barseltida, auker sjansen for at du ikkje bli plaga med lekkasje av urin, luft eller avføring seinare.

Om du treng meir informasjon, anbefaler vi desse nettstadane:

Sex etter fødsel

Det vil ta om lag ein månad før rifta i endetarmens lukkemuskel har grodd. Vent derfor i 4-6 veker med å ha samleie, slik at ikkje rifta går opp att. Mange kvinner ønsker ikkje sex dei første 2-3 månadene etter fødselen fordi dei er slitne, redd for smerter eller manglar sexlyst. Hormonendringar gjer ofte at skjeden kjennast tørr, og det er lurt å bruke eit glidemiddel. Vi tilrår ikkje analt samleie dei to første månadene etter fødselen.

Kontroll

Du vil få tid for ein poliklinisk kontroll 9 til 12 månader etter fødselen.

Men du må ta kontakt med fastlegen din om du får problemer med såret i underlivet i vekene etter fødselen. Teikn på infeksjon er aukande smerter, at området hovnar opp og feber. Det er viktig at du blir tilvist og undersøkt på sjukehuset dersom det er teikn på at såret har gått opp igjen, eller om du lek avføring. Om du slit med plagar er det viktig at du tar kontakt med fastlegen din før den planlagde kontrolltimen.

Ved kontrolltimen 9 til 12 månader etter fødselen er det venta at skadene er grodd, og at du har fått tilbake krafta i bekkenbotnen. Ofte vil plager du hadde dei første månadene ha gått over. Saman med deg vil vi vurdere om bekkenbotnsfunksjonen er svekka etter skaden.

Før timen bør du tenke gjennom og registrere plager du kjenner, og kva innverknad dei har i kvardagen. Vi vil gjerne diskutere med deg om du bør føde normalt eller med keisarsnitt i eit seinare svangerskap, og korleis oppfølginga bør vere. Om du ikkje har plager etter skaden vil ein oftast tilrå vaginal fødsel neste gong.

Blir eg normal igjen?

Dei fleste som har fått skade på lukkemuskelen under fødsel får ikkje varige, alvorlege plager. Det vanlegaste er at ein ikkje har full kontroll på luft frå tarmen. Det kan vere vanskeleg i kvardagen, sosialt og på arbeid. Det er meir sjeldan med problem med å halde på avføringa.

Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen din om du har slike problem, også om det har gått lengre tid sidan du fødte. Da kan du få utgreiing og best mogleg behandling. Det finst ulike behandlingstilbod som kan vere til god hjelp.

Ver merksam

Ta kontakt med lege dersom du:

  • Får feber
  • Vevet rundt såret blir meir hovent
  • Dersom smerta i såret aukar
  • Trur såret kan ha sprukke opp
  • Lekk avføring

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?