Rehabilitering - Tidligrehabilitering etter ervervet hjerneskade, nynorsk
Når du reknast som medisinsk stabil etter eit hjerneslag eller annan traumatisk hjerneskade, kan du bli overført til tidlegrehabilitering dersom du fyller inntakskriteria.
Kvar enkelt søknad om rehabiliteringsopphald blir vurdert ut i frå kva nytte ein forventar at det tverrfaglege rehabiliteringstilbudet kan gi. Fokus rettast mellom anna mot deltaking i tidlegare aktivitetar, og på bakgrunn av dette er det ofte pasientar i yrkesfør alder som blir prioritert.
Tilvising og vurdering
Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde områdene i sjekklista under.
Utredning
Når du er medisinsk stabil og klar for rehabilitering rett etter akuttfasen, vurderer vi fortløpande tidspunkt for overflytting. Dette gjer vi i tett dialog med avdelinga som tilviser deg.
For å kunne gi eit behandlingstilbod som er retta mot dine behov og mål blir følgande område kartlagt:
- Medisinske forhold
- Smerter
- Bevissthetsnivå
- Kognitiv funksjon
- Språk og kommunikasjon inkludert munn / svelgfunksjon
- Motorisk funksjon
- Ernæring
- Sosiale og miljømessige faktorar
Behandling
Behandling og opplæring blir gjennomført i trygge og tilrettelagte omgivnader. Målet er å auke dei ferdigheitene som trengs for at du skal bli mest mogleg sjølvhjelpt, at du skal bli mest mogleg uavhengig og sett i stand til å meistre ditt eige liv. Lengda på tidlegrehabiliteringsopphald varierer, men er vanlegvis ikkje lenger enn 3 månader.
Ved innlegging møter du det tverrfaglege teamet som skal støtte deg i rehabiliteringsprosessen. Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din, og saman med deg og evt dine pårørande blir det sett mål for opphaldet og vi lagar ein ein rehabilteringsringsplan.
Du har eiga primærkontakt under opphaldet. Denne har eit spesielt ansvar for å koordinere det som skjer medan du er innlagt.
I tidligrehabiliteringa tilstreber vi ein balanse mellom å hjelpe deg med å dekke grunnleggande behov, og hjelpe deg med å bli mest mogleg sjølvhjelpt. Derfor vil mange daglegdagse oppgåver som for eksempel personleg stell og matlaging vere ein viktig del av treninga.
Ein del av den tverrfaglege oppfølginga vil også vere å sikre deg rette hjelpemiddel, tilpassing av heimen din og hjelpe deg med å søke på aktuelle stønader. Vi tar tidleg kontakt med heimkommunen din for å planlegge både permisjonar og utskrivning. Dette er viktig, sidan du kan ha behov for hjelp frå heimetenesta når du kjem heim.
Medverknad står sentralt i rehabiliteringa og vi baserere tenestene våre på samhandling mellom deg spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Etter utskriving blir du fulgt opp av fastlegen din og eventuelt anna helsepersonell i kommunen. Epikrise blir sendt til fastlege, og tverrfagleg rapport blir sendt med ditt samtykkje til dei som skal følge deg opp.
Vi kan også komme med anbefaling om videre utgreiingar/tilvisningar og vidare tiltak.
I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt med behandling og/eller oppfølging av tiltak via poliklinikken eller andre rehabiliteringsopphald på sjukehuset.
Kontakt
Nordåsgrenda 4
Fysikalsk medisin og rehabilitering - sengepostar
Oppmøtestad
Nordåsgrenda 4Nordåsgrenda 4
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal