Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Amputasjon av arm/hånd/finger - rehabilitering , nynorsk

Ein amputasjon er eit kirurgisk inngrep der ein fjerner heile eller ein del av eit lem. Vi skiljer mellom armamputasjon (gjennom eller ovanfor handleddet), hand-/delhandsamputasjon (heile eller deler av handa) og fingeramputasjonar. Dei fleste arm-, hand- og fingeramputasjonar skjer på grunn av skader. Andre vanlege årsaker er svulstar og komplikasjonar etter infeksjon.

Amputasjonen kan påverke både fysisk funksjon, utsjånad, arbeidsevne og livskvalitet. Gjenoppretting av optimal funksjon og førebygging av sekundære plager som muskelskjelettsmerter og overbelastingsplager forutset tilgang til spesialisert, tverrfagleg rehabilitering. Målet er at pasienten skal bli mest mogeleg sjølvhjelpen i daglege aktivitetar i heimen, skule, barnehage, arbeid og fritid.

Tilvising og vurdering

Som nyamputert får du tilbod om tilvising til eit av dei tverrfaglege armamputasjonsteama før du blir skriven ut frå kirurgisk avdeling. Det er fem armamputasjonsteam i Norge. Sjå oversikt under "Sjekkliste for tilvising". 

Det regionale teamet skal arbeide for å opprette kontakt med nytilviste pasientar innan ein månad etter amputasjonen. Du er klar for vurdering med tanke på protesetilpassing når stumpen er grodd og allmenntilstanden tilseier det.

Ved kirurgisk avdeling skal du også få tilbod om samtale med ein annan amputert, ein såkalla likeperson.
Du skal også få informasjon om dei to pasientforeiningane for amputerte:

Landsforeningen for amuputerte

Momentum

Det regionale teamet skal arbeide for å opprette kontakt med nytilviste pasientar innan ein månad etter amputasjonen. Pasienten er klar for protesetilpassing når stumpen er grodd og allmenntilstanden tilseier det.
 

Tilvising blir sendt til pasientens regionale armamputasjonsteam

Sykehuset Innlandet, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Ottestad
Dysmeli- og armamputasjonsteamet
Jørgen Jensens vei
2312 Ottestad
Telefon: 62 55 84 00

Oslo universitetssykehus Rikshospitalet, Oslo
Dysmeliteamet
OUS Rikshospitalet
Postboks 4950 Nydalen
0424 Oslo
Telefon: 23 07 29 00

Haukeland universitetssjukehus, Bergen
Seksjon for ortopedisk rehabilitering
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen
Telefon: 55 97 70 40

St. Olavs Hospital, Trondheim
Armklinikken
Trøndelag ortopediske verksted
Elgeseter gate 10
7006 Trondheim
Telefon: 73 84 56 30

Universitetssykehuset Nord-Norge, Tromsø
Dysmeli- og armamputasjonsteamet
Fysioterapitjenesten v/koordinator Kari Lofthus
Postboks 12
9038 Tromsø
Telefon: 77 62 63 90
 

Innhald i tilvisinga

Tilvisinga bør minimum innehalde informasjon om amputasjonstidspunkt, -nivå, -side og -årsak, tidlegare sjukdommar, andre skader, smerter (stump, fantom, andre), aktuell medikamentbruk samt eventuell nedtrappingsplan. Dersom amputasjonen var ein yrkesskade, bør det opplysast om dette, og det bør også opplysast om det er søkt om yrkesskadeerstatning.

Erfaringsmessig er det i hovudsak pasientar med amputasjonar som medfører grepstap som vil ha størst trong for tverrfagleg rehabilitering og oppfylgjing. Alle arm-, hand- og fingeramputerte bør imidlertid får tilbod om tilvising for ei fyrstegongsvurdering.
 
Ved tilvising for gjentatt kontakt bør tilvisinga i tillegg til nemnde opplysningar også innehalde informasjon om protesebruk, yrkesdeltaking samt aktuelle problemstillingar. 


Lav terskel for gjentatt vurdering

Seinare i forløpet er det viktig at pasienten kjem i kontakt med det tverrfaglege teamet når det er trong for det. Teama har difor låg terskel for å ta imot pasientar til gjentatt vurdering. Førespurnad om slik vurdering kan kome frå pasientens fastlege. Pasientar som er kjende i teamet, kan også bli tatt imot etter tilvising frå behandlande ortopediingeniør eller etter direkte kontakt.  

Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Nordåsgrenda 4 Fysikalsk medisin og rehabilitering

Kontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering

Oppmøtestad

Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Logg inn for å endre time

Nordåsgrenda 4

Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal

Transport

Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen.

Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.

​​Det er gratis parkering for pasientar og pårørande utanfor bygget. 

There is free parking for patients and relatives outside the building.

Praktisk informasjon

​​Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.

​​Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast​.