Psykiske lidingar hos vaksne - pakkeforløp ved Kronstad DPS

Behandlingsprogram, Kronstad distriktspsykiatriske senter

Pakkeforløp for psykiske lidingar hos vaksne skal bidra til at du får tilpassa og heilskapleg hjelp utan at du må vente unødvendig. I pakkeforløpet legg vi til rette for at du skal få vere med å bestemme i behandlinga, og at behandlinga skal vurderast undervegs.

Innleiing

Kva er pakkeforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

Viss du har eitt eller flere teikn på moderate til alvorlege psykiske lidingar, kan du bli tilvist til pakkeforløp for psykiske lidingar hos vaksne. Pakkeforløpet startar når du blir tilvist.

For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Du vil få beskjed om kven som er koordinatoren din.

Slik ser hovudpunkta i eit pasientforløp ut:

Prosessflyt pakkeforløp psykisk helse. Grafikk

Tilvising > Vurdering av rett til helsehjelp > Første samtale > Utgreiing > Behandling > Evaluering > Avslutning > Vidare oppfølging i kommunen


Tilvising og vurdering

Du kan bli tilvist til pakkeforløpet når du har eitt eller fleire teikn på alvorleg psykisk liding. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.

Tilviser vurderer om du skal tilvisast eit pakkeforløp for utgreiing eller eit pakkeforløp for ein spesiell tilstand. Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pakkeforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pakkeforløp for tvangsliding (OCD).

I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.

Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.

Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pakkeforløpet og gir melding om dette til den som har tilvist deg.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilvisande instans bør gjennomføre ei kartlegging som inkluderer punkta i sjekklista nedanfor før dei sender tilvisinga. Pasienten bør få kopi av tilvisnga.      

Aktuell problemstilling

  • Pasienten si oppleving av eigen situasjon og ønske om hjelp
  • Moglege utløysande årsaker til problema, som for eksempel belastande livshendingar
  • Tidlegare behandlingserfaring og effekt av dette
  • Symptomutvikling og funksjonsnivå
  • Iverksett behandling og effekt av denne
  • Pasienten sine ressursar
  • Rusmiddelbruk
  • Psykiatrisk status inkludert risikofaktorar for sjølvskading/sjølvmord 
  • Somatisk status
  • Tilleggsundersøkingar med eventuelle funn

Familie/sosialt

  • Familiesituasjon
  • Barn som pårørande eller mindreårige søsken
  • Arbeid/skule
  • Tolkebehov og kva språk det gjeld

Tidlegare sjukdommar

  • Tidlegare psykiske problem eller lidingar
  • Tidlegare og noverande somatiske sjukdommar av betyding

Forventa utgreiing/behandling 

  • Begrunning for tilvisinga og forventa nytte av utgreiing/behandling

Relatert helsepersonell 

  • Noverande tilbod frå andre behandlingsstader

Legemiddel

  • Legemiddel i bruk (LIB), og relevante tidlegare legemiddelbruk

Kritisk informasjon som allergi og eventuell smitterisiko

1. Utgreiing

Hensikta med den første samtalen er å etablere ei trygg ramme og å ta opp aktuelle problem. Din behandlar ønskjer å finne ut korleis du har det, kva du har behov for av hjelp og eventuelt kva hjelp du ønskjer. All informasjon skal vere forståeleg, og du og din behandlar finn ut om det er behov for vidare kartlegging og behandling. 

Du og behandlaren din blir einige om ein kartleggingsplan. Vanlegvis vil kartlegginga innebere samtalar, strukturerte intervju og spørreskjema. Hensikta er å saman avklare kva som er hovudutfordringane dine, kva behov du har for eventuell vidare oppfølging, og å utarbeide ein plan for vidare behandling. Ein slik plan kallar vi ein behandlingsplan. Du får ein kopi av behandlingsplanen din.

2. Behandling

Når du startar behandlinga er det viktig at du og behandlaren din blir einige om behandlingsmål og framgangsmåte. Du får informasjon om behandlingsalternativa vi kan tilby. Du og din behandler skal drøfte  varigheita på behandlinga, og kva du og din behandlar skal gjere for å nå måla. 

Behandlinga varierer ut frå tilstanden din og alvorlegheitsgrada av problema. Vi tilpasser behandlinga til dine ønske og behov. Du må vere aktiv i di eiga behandling. Psykisk helsehjelp skal vere i tråd med anbefalt god praksis.

Du får eit spørreskjema for å kunne gi tilbakemelding på korleis du opplev behandlingseffekten, og relasjonen til behandlaren din. Dykk vil saman vurdere effekt av behandlinga fortløpande, og tilbakemeldingane dine er viktige.

Dersom du også har oppfølging i kommunen eller NAV, kan dette også verte en del av behandlingsplanen din. Din behandlar i spesialisthelsetenesta vil da samarbeide med dei kommunale tenestene, og det vil vere oppfølgingsmøter undervegs i behandlinga.

3. Oppfølging

Planlagt avslutning av pakkeforløpet skjer etter ein gjensidig avtale mellom deg og behandlaren din. Dykk skal saman evaluere behandlinga, når dykk avsluttar pakkeforløpet. 

Dersom det er behov for vidare oppfølging av annan instans, bør vi ha på plass ein konkret, skriftleg plan for oppfølging. Denne må gjerne vere ein del av individuell plan (IP).

Koordinator eller behandlar i kommunen har ein koordinerande og sentral rolle etter at du har avslutta behandlinga i spesialisthelsetenesta. Tilrettelegging og samarbeid i samband med utskriving må sjåast i samband med Forskrift om utskrivningsklare pasienter (lovdata.no).

Sjekkliste for utskriving - fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

  • Ein konkret fagperson er ansvarleg for oppfølging/koordinering av eventuelle vidare tiltak i kommunen
  • Pasienten har ein eigna bustad
  • Pasienten har fått tilbod om meiningsfull aktivitet og hjelp til nettverksbygging
  • Pasienten er informert om kvar han eller ho kan ta kontakt ved behov for ytterlegare behandling i psykisk helsevern
  • Primærhelsetenesta/fastlege er informert om aktuelle sjølvmordsvurderingar/valdsrisikovurderingar og eventuelle igangsette tiltak

Eksterne kurs

Kontaktinformasjon

Kronstad distriktspsykiatriske senter
Telefon
Sentralbord 55 95 60 00
Forløpskoordinator Silje Christine Moe 55 95 60 88
Forløpskoordinator Merete Olderkjær Veka 55 95 60 81
måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Helse Bergen sentralbord 55 97 50 00 på ettermiddag / kveld / helg
E-post
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400
5021 Bergen
Kronstad DPS
Besøksadresse
Fjøsangerveien 36(Kart)
5054 Bergen
Telefon
55 95 60 00 / 55 97 50 00
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Familierom og samtalerom

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.