Kva er pakkeforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no
Viss du har eitt eller flere teikn på moderate til alvorlege psykiske lidingar, kan du bli tilvist til pakkeforløp for psykiske lidingar hos vaksne. Pakkeforløpet startar når du blir tilvist.
For å sikre at du får god oppfølging og for å unngå unødvendig venting har vi ein ressurs som blir kalla forløpskoordinator. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og dine pårørende som kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i forløpet. Du vil få beskjed om kven som er koordinatoren din.
Slik ser hovudpunkta i eit pasientforløp ut:

Tilvising > Vurdering av rett til helsehjelp > Første samtale > Utgreiing > Behandling > Evaluering > Avslutning > Vidare oppfølging i kommunen
Du kan bli tilvist til pakkeforløpet når du har eitt eller fleire teikn på alvorleg psykisk liding. Ved behov for akutt hjelp skal du tilvisast direkte til akuttilbod i psykisk helsevern.
Tilviser vurderer om du skal tilvisast eit pakkeforløp for utgreiing eller eit pakkeforløp for ein spesiell tilstand. Ved mistanke om psykose skal du tilvisast til pakkeforløp for psykoselidingar. Ved mistanke om tvangsliding (OCD), kan du tilvisast til pakkeforløp for tvangsliding (OCD).
I kartlegginga må den som tilviser deg til oss, så langt som mogleg, sørge for at du og dine pårørande er delaktige i beslutninga, for å sikre god dialog og informasjonsutveksling.
Når du er tilvist til spesialisthelsetenesta vurderer vi om du har rett til helsehjelp. Vurderinga blir gjort ut i frå informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsføreskrifta og prioriteringsrettleiarane. Sjå Aktuell informasjon om lov og forskrift for prioriteringsveilederne.
Dersom vi vurderer at din tilstand ikkje gir rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, avsluttar vi pakkeforløpet og gir melding om dette til den som har tilvist deg.