Diagnose

Psykiske lidingar hos barn og unge - pakkeforløp

Nasjonale pasientforløp for psykiske lidingar, barn og unge, skal bidra til at du får heilskapleg hjelp utan at du må vente unødig. Vi legg til rette for at du skal få vere med og bestemme i avgjerder om di behandling, og for at behandlinga skal vurderast undervegs.

Kva er eit nasjonalt pasientforløp for psykisk helse? Les meir på helsenorge.no

For å sikre god oppfølging og unngå unødig venting har vi det som blir kalla forløpskoordinatorar. Forløpskoordinatoren er ein kontaktperson for deg og foreldra dine, og kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i behandlingsforløpet.

Alle kan ha vonde kjensler og vanskelege tankar av og til. Det er heilt vanleg. For nokon kan kjenslene eller tankane likevel bli så plagsame og ta så mykje plass at det gir store problem på skulen, heime, blant vennar og i fritida. Viss du har det sånn, kan det vere at du, og kanskje menneska rundt deg, treng hjelp til å forstå kva som føregår inne i deg og til å finne ut kva som skal til for at du kan få det betre.

Tilvising og vurdering

Viss legen din eller andre hjelparar meiner at du treng hjelp med kjenslene  og tankane dine, kan dei be Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) om dette ved å sende tilvising. Ei tilvising er ein beskjed som fortel kven du er, korleis livet ditt er og kva dei trur du strevar med. Tilvising kan for eksempel bli sendt  fordi: 

  • du føler deg deprimert
  • du kjenner på angst 
  • du har tankar om å ikkje ville leve lenger 
  • du tenker på å skade andre eller deg sjølv
  • du opplever å ha eit vanskeleg forhold til mat 
  • du ruser deg 
  • du har opplevd eller opplever noko alvorleg og/eller vondt
  • du slit med søvnen
  • du har stort fråvêr, problem med konsentrasjonen eller du ofte hamnar i trøbbel på skulen

Før tilvisinga blir sendt, skal den som skriv ho ha snakka med deg om dine opplevingar og kva du sjølv tenkjer er lurt å gjere. Du skal også få informasjon om kva som skjer når tilvisinga er sendt. Viss du vil, kan du skrive ei eiga tilvising som blir sendt saman med den andre tilvisinga.

Når BUP mottar tilvisinga, vil det bli vurdert om BUP er den rette staden for deg å få hjelp. Ikkje alle treng hjelp på BUP. Mange kan for eksempel få god hjelp frå helsesøster eller ein lærar. Når vurderinga er gjort, får de eit brev om kva dei har bestemt.

Utredning

Det første BUP vil gjere er å prøve å forstå kva du strevar med og kva slags hjelp du treng. Dette blir kalla utgreiing. Utgreiinga  begynner alltid med samtalar for å:

  • bli kjent
  • gå gjennom tilvisinga  og bli einige om kva du treng
  • få vite korleis plagene dine har utvikla seg
  • få vite kva du og foreldra dine tenkjer om kva som er problemet og årsaka til det 
  • gi informasjon om utgreiiinga 
  • vurdere om det er fare for sjølvmord og/eller vald
  • spørje om søsken og kva dei treng
  • finne ut om kroppen din treng å bli undersøkt for sjukdommar
  • snakke om kva hjelp du og familien din kan trenge

I tillegg til fleire samtalar med deg og foreldra dine, kan det hende at BUP vil be deg om å svare på spørjeskjema eller gjere forskjellige oppgåver, for eksempel på pc. Det kan også hende at dei vil snakke med ein lærer eller andre vaksne som er viktige for deg. Dette får du i så fall vite om.

Den utgreiinga som BUP startar med blir kalla  for basisutgreiing. Ei basisutgreiing skal gjerast ferdig i løpet av seks veker frå din første samtale på BUP. For mange vil denne utgreiinga vere nok. Treng BUP lenger tid, kan dei bruke seks veker ekstra på ei utvida  utgreiing som består av fleire samtalar og undersøkingar.


Etter utgreiinga vil BUP tenke grundig gjennom korleis dei oppfattar det du strevar med og bestemme seg for kva som bør gjerast. Viss dei finn ut at du har ei psykisk liding vil dei setje ein diagnose, det vil seie eit «namn» på dei teikna du viser på psykisk liding. Diagnosen hjelper dei å finne ut:

  • om du treng behandling
  •  om du treng oppfølging frå andre enn BUP

Dei tilsette på BUP vil heile vegen samarbeide med deg og lytte til kva du opplever som problemet og kva du meiner er det viktigaste målet for deg.

Behandling

Behandling vil seie at du og foreldra dine jobbar saman med BUP for at du skal få det betre. De planlegg behandlinga med utgangspunkt i kva akkurat du treng.

Kva som skal skje, når og kvifor blir skrive  ned i ein behandlingsplan. Behandling kan for eksempel vere:

  • Samtalar med deg åleine, med deg og familien din eller i gruppe med andre ungdommar som har liknande opplevingar
  • At du gjer forskjellige oppgåver, som å trene på triks som kan hjelpe 
  • At dei vaksne rundt deg får tips og råd om korleis dei kan hjelpe og støtte deg
  • Medisinar

Å få behandling betyr ikkje alltid at ein  kan ta vekk det som er vondt eller vanskeleg. Nokon gongar handlar det også om å lære seg lure triks som kan hjelpe når kjenslene  eller tankane blir plagsame.

Viss du har fleire hjelparar kan det vere nyttig med samarbeidsmøte. Då kan alle samarbeide for at du skal få det best mogleg. BUP inviterer berre til slike møte dersom det er bra for deg og du og foreldra dine sjølve vil det. Viss du får hjelp frå fleire kan det bety at du kan få ein individuell plan. Det er ein plan over kven som skal gjere kva.

Oppfølging

Kva skjer når behandlinga er ferdig?

Før behandlinga blir avslutta, skal BUP snakke med dykk om korleis utgreiinga og behandlinga har vore. Då kan dei lære av det de fortel og bli endå betre på å gi god hjelp.

De vil også snakke om kva du og familien din kan gjere framover viss ting blir vanskeleg. Og om du treng  vidare hjelp og støtte etter at behandlinga på BUP er avslutta, lagar de ein plan for det.

Til slutt skriv BUP ei melding som blir sendt til fastlegen. Denne meldinga blir kalla epikrise og fortel kva som er gjort, kva du treng framover og kven som gjer kva. Når du er ferdig på BUP vil det vere legen din, helsesøster eller andre som følgjer med på korleis du har det.

Rettane dine

Er du 16 år er du helserettsleg myndig. Det vil seie at du må vere einig i helsehjelpa du skal få. Du kan også velje kor mykje foreldra dine (dei som har ansvar for deg) skal involverast i det som skjer.

Er du over 12 år har du rett til å få informasjon og til å bli høyrt når du seier meininga di.  Er det spesielle grunnar til at du ikkje vil at foreldra dine skal involverast eller informerast, bør dette respekterast. Dei kan likevel ha krav på informasjon, viss det er nødvendig for at dei skal kunne ta vare på deg. Dette gjeld også sjølv om du er over 16 år. I så fall vil dei tilsette på BUP snakke med deg for å finne ut kva som er riktig, mogleg og trygt i ditt tilfelle. Skal foreldra dine få informasjon mot din vilje, skal du få vite kva som vil bli sagt og få moglegheit til å bli med i planlegginga av korleis det skal bli sagt.

Kontakt

  • Kontakt BUP Fana

    Oppmøtestad

    Vi held til i Østre Nesttunveg 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

  • Kontakt BUP Nordhordland

    Oppmøtestad

    4. etasje i Region Nordhordaland Helsehus (RNH) på Knarvik. 

     

    Kvassnesvegen 44, Knarvik

    Kvassnesvegen 44, 5914 Isdalstø

    Transport

    ​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


  • Kontakt BUP Sentrum

    Oppmøtestad

    Vi held til i 3. etasje i Østre Murallmenning 7.

     

    Østre Murallmenningen 7

    Østre Murallmenningen 7

    5012 Bergen

    Praktisk informasjon

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt BUP Voss

    Oppmøtestad

    Knutepunktet Voss, Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss

     

    Voss sjukehus

    Sjukehusvegen 16

    5704 Voss

    Transport

    Reisetid til Voss frå:

    • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
    • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
    • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
    • Oslo med bil, ca 6t 30min

    ​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

    Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

    ​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

    Prisar 

    Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
    Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

    Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

    ​​Voss Taxi
    Telefon ​56 51 13 40​

    Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

    Reisetid til Voss frå: 

    • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
    • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

    Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

    Praktisk informasjon

    Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

    • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
    • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
    • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

    ​​​Generell besøkstid
    ​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

    Intensivavdeling
    ​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

    Føde-/barselavdelinga

    Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

    Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
    Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

    For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

    Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

    ​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

    Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
    ​​​

    • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
    • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
    • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
    • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
    • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
    • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
    • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
    • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt BUP Ytrebygda

    Oppmøtestad

    BUP Ytrebygda er samlokalisert med BUP Fana i Østre Nesttunvei 20.

     

    Østre Nesttunvei 20

    Transport

    ​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
    Rutetabellar finn du på Skyss.no.

  • Kontakt BUP Øyane

    Oppmøtestad

    BUP Øyane held til i Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) i Blombakkane på Straume.

     

    Inngangsparti Øyane DPS. Foto

    Blombakkane 75

    Blombakkane 75

    5353 Straume

    Transport

    ​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

    ​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

    Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

    Praktisk informasjon

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

  • Kontakt BUP Åsane

    Oppmøtestad

    BUP Åsane har adresse Heiane 4 B, 3. etasje. Inngang på østsida av bygget.

     

    Heiane 4 B, Åsane

    Heiane 4 B

    5131 Nyborg

  • Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

    Oppmøtestad

    Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

    Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.