Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?
Før PSG registrering plasserer sjukepleiar ved søvnsenteret aktuelle elektrodar på huda ulike stader på kroppen. Det er svært viktig med god hudkontakt så huda må vaskast godt. Elektrodane vert deretter festa med plaster og hovudet dekt med netting. Påkobling av utstyr tek ca. 1,5 -2 timer.
- Legg-elektrodar registrerer muskelaktivitet i leggane.
- Brystelektrodar fangar opp hjerteaktivitet.
- 2 elastiske belte rundt mage/ bryst registrerer pusteaktiviteten.
- Elektrode på hals registrerer eventuell snorking.
- Elektrodar under hake registrerer muskelspenning/-avslapping.
- Ein elektrode i ytterkant av kvart auga registrerer augeaktiviteten.
- Elektrodar bak begge øyrene.
- Elektrodar i hovudbotn fangar opp hjerneaktivitet og søvnfasar.
- 1-2 sensorar vert plassert i-/ under nase og registrerer luftstraumen gjennom nase/munn (Vert montert på til natta).
- Sensor blir plassert på ein finger eller ei tå til natta. Denne registrerer surstoffet i blodet.
Sjølve apparatet som registrerer alle data ligg i ei lita veske som vert festa med eit belte rundt magen. Registreringa vert gjort om natta og ein overnattar på sjukehuset, på Haukeland hotell eller heima etter nærmare avtale.