Overvaking av barn i mors mage, Voss

Føde poliklinikk Voss

Fødselen er krevande for både mor og barn, og jordmor / lege vil følge med barnets tilstand gjennom heile fødselen.

Innleiing

Fødselen er viktig for å førebu barnet på livet utanfor livmora. Trykket og presset mot barnet frå riene og under passasjen gjennom fødselskanalen, er viktig for det som skjer med barnet i overgangen frå livet i magen til livet utanfor. 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Fosterbevegelsar og spark

Etter svangerskapsveke 18 vil dei fleste gravide dagleg kjenne fosterbevegelsar og spark. Du vil etter kvart lære deg barnets rytme og aktivitetsmønster. Nokon foster / barn er meir aktive delar av dagen, andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, eller når mor er i aktivitet eller nett har ete og lignande. Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet beveger seg / sparkar minst 10 gonger dagleg.

Etter kvart som magen veks og det blir mindre plass til bevegelse i livmora, vil du kjenne barnets aktivitet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet - men du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet.

Ver merksam

Er du usikker på om barnet sparkar eller beveger seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, så kan du prøve å framkalle aktivitet. Gjer noko som du veit pleier å vekkje barnet; sett på musikk, drikk ein søt og kald drikke eller lignande. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra.

Får du ikkje ønska respons frå barnet, bør du kontakte jordmor, lege eller fødeavdelinga for å få ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.

2. Under

Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen. Graden av fosterovervaking under fødselen blir vurdert ut i frå korleis svangerskapet ditt har vore, om du og barnet ditt er friske og alt ligg til rette for ein normal fødsel - eller om det er faktorar hos deg eller barnet som krev meir overvaking. 

Jordmorstetoskop

Jordmorstetoskop er eit holt trerøyr som blir plassert på magen din, rett over det området der hjarteslaga til barnet kan høyrast best. Ved hjelp av jordmorstetoskop kan jordmor / lege lytte på barnets hjartefrekvens / puls. I samband med fødsel omtaler jordmor / lege barnets hjartefrekvens som fosterlyden. Fosterlyden blir angitt i frekvens og regelmessigheit. Normalt vil fosterlyden variere mellom 110 – 150 slag per minutt.

Jordmor lytter på mors mage med jordmorstetoskop. Foto

Fosterlyd saman med informasjon om fostervatn (når det er gått) og barnets aktivitet gir viktig informasjon om korleis barnets tilstand er og korleis barnet taklar fødselen. Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på barnets tilstand gjennom fødselen.

Jordmor vil lytte på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen når barnet passerer den trongaste delen av fødselskanalen, lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er den mest anstrengande for barnet.

 

Doppler-apparat

Doppler er eit elektronisk apparat som blir brukt til å lytte på barnets hjartefrekvens / fosterlyd, og blir brukt på same måte som eit jordmorstetoskop. Forskjellen er at Doppler er eit elektronisk apparat med høgtalar som gjer at fosterlyden kan høyrast av alle i rommet. 

Om jordmor / lege er usikker eller finn teikn på at barnet ikkje har det optimalt, vil barnet bli overvaka over tid, eventuelt kontinuerleg gjennom heile fødselen.

CTG (carditokografi)

CTG er ein elektronisk overvaking av barnets hjarteslag. Ved hjelp av denne overvakinga kan vi kartleggje barnets hjarteslag og kor ofte riane kjem. Dette gir eit godt bilde av korleis barnet har det, og kva for ressursar det har til å takle fødselen.

Ved CTG-overvaking blir to elektrodar / transducere plassert på magen din og festa med elastiske band. Den eine registrerer hjartefrekvensen til barnet, den andre registrerer riane. Både hjartefrekvens og riane som blir registrert, visast på eit display på CTG-apparatet – og registreringa kan skrivast ut.

 CTG-undersøkelsesbelte på gravid mange. Foto

Barnets spark eller bevegelsar kan også registrerast – anten av apparatet eller ved at du trykker på ein knapp kvar gong du kjenner aktivitet hos barnet. 

Om barnet viser teikn på stress, eller har få ressurser til å takle fødselen (for eksempel fødsel etter svangerskap med komplikasjonar, sjukdom hos mor eller hos barn), så vil barnet bli overvaka kontinuerleg. Dette vil sjøvsagt bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

For å få ein meir nøyaktig og sikker overvaking vil det då vere aktuelt å feste ein elektrode direkte på barnet. Jordmor / lege vil då under ein vaginalundersøking feste elektroden i huda på barnet. Barnet vil kjenne dette som eit stikk.


3. Etter

Jordmor eller lege vil fortløpande informere deg om barnets tilstand. Når barnet er fødd blir det i nokre tilfelle tatt blodprøve frå navlesnora. Denne blodprøva blir analysert fordi ho kan gje indikasjon på om barnet har vore utsett for surstoffmangel i fødselsforløpet.

Kontakt

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet på kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum ved Rokneparken (nær togstasjonen), i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
  • Pasientvenner. På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors.​​​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.