HELSENORGE
Nevroortopedisk poliklinikk

Operasjoner i beina for barn og unge med CP og andre nevroortopediske tilstander

CP er den vanlegaste årsaka til fysiske funksjonsnedsetjingar i barnealder. Cerebral parese (CP) er ei utviklingsforstyrring som kjem av ein skade i hjernen som har oppstått før fødsel, i samband med fødsel eller innan 2 års alder. 

Innleiing

Hos CP forandrar ikkje hjerneskaden seg, men konsekvensane av han kan forandre seg over tid. Ved andre nevrologiske tilstander kan endringar oppstå underveis. Dette gjer at det kan bli behov for ortopedisk operasjon. Målet med operasjonen kan vere å betre eller halde ved like funksjon, hindre ytterlegare feilstillingar eller smertetilstandar.

Tilvising og vurdering

Lege kan tilvise til Ortopedisk avdeling for vurdering for operasjon. Ofte er det lege ved den lokale habiliteringstenesta som tilviser. 

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Utgreiing

Vurderinga går føre seg ved ein tverrfagleg poliklinikk der ein møter barneortoped, barnelege, fysioterapeut og ortopediingeniør. Dersom pasienten høyrer til HABU Bergen, vil fysioterapeut/ergoterapeut frå HABU Bergen òg delta i konsultasjonen. Lokal fysioterapeut eller ergoterapeut kan gjerne delta på vurderinga dersom du ønsker det, men då må du sjølv ta kontakt og samtykke til at dei blir med.

Les meir om NevroOrtopedisk poliklinikk
Dersom det er aktuelt med tilleggsundersøkingar til den tverrfaglege vurderinga, vil lege vise til dette. Dersom barnet/ungdommen er gåande, kan det vere aktuelt å gjennomføre ein tredimensjonal databasert ganganalyse før timen på Nevroortopedisk poliklinikk.
Les meir om Gange, undersøkelse

Gange, undersøkelse

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Dei fleste pasientane er barn.

 

Ganglaboratoriet er eit samarbeid mellom Ortopedisk klinikk og Barneklinikken. Her kjem pasientar med nevro-ortopediske lidingar.
Under kan du lese kva som skjer før, under og etter undersøkinga på Ganglaboratoriet.
  1. Før

    Barnet er blitt tilvist frå lege til Ganglaboratoriet for ein ganganalyse.
    Undersøkinga ved Ganglaboratoriet gjerast poliklinisk. Det betyr at pasienten kjem til ein avtalt time, ikkje blir innlagt og kan reise heim igjen med ein gong undersøkinga er ferdig.
    Undersøkinga tar frå 1-3 timer, avhengig av kor mange pausar barnet treng undervegs og om barnet skal gjere analysen med ortosar i tillegg. Det er derfor fint om barnet møter med litt mat i magen slik at energinivået er bra. Ta også med ein matpakke og drikke slik at barnet kan ha matpause undervegs om dette er ønskelig.
    Før analysen kan du førebu barnet ditt på at det skal undersøkas liggande på en undersøkingsbenk, og at det må sitte og stå ein del i ro medan vi festar refleksmarkørar til kroppen. Dette kan være ei utfordring for enkelte barn. Vi har det ikkje travelt under analysen, og barnet kan gjerne ta pausar undervegs.
    Ei klinisk undersøkelse, der vi tester bevegelse og styrke i hofter, knær og ankler, gjennomføres på benk.
    Databasert ganganalyse krev ein god del samarbeid frå barnet, og vi har ei nedre aldersgrense på fem år.
    Ta med ortosar
    Dersom barnet bruker ortopediske hjelpemidler, er det viktig at desse tas med til timen. De må i god tid før timen på Ganglaboratoriet sjå til at ortosane passer. Dersom dei er for små eller gneg kan dei gje barna ubehag og påverke gangmønsteret til barnet. Dersom barnet har innesko til ortosane skal desse tas med.
    Barnet vert undersøkt med lite klede, så ta gjerne med ein shorts og topp som barnet kan bruke under analysen.
    Det er ønske om at foresette er med på heile undersøkinga.
    Fint å vite
    • undersøkinga varer 1-3 timer
    • pasienten treng ikkje overnatte på sjukehuset
    • nedre aldersgrense 5 år
    • husk eventuelle ortosar
    • husk mat og drikke
    • resultatet av undersøkinga er ei rapport med anbefalingar om eventuell behandling

  2. Under

    De blir møtt av to damer, enten to fysioterapeutar eller ein fysioterapeut og ein ortopediingeniør.
    Vi startar med å vege barnet og måle høgda. Så ser vi om barnet kan gå på tå, på hæl, ta knebøyg og stå i ro i tjue sekundar, med samla bein og på eit bein av gongen.
    Nøyaktig plassering og innstilling av markørene er viktig for gode opptak.
    Deretter gjennomfører vi ei klinisk undersøking før markørane vert festa til kroppen. Nokre gongar tar vi den kliniske undersøkinga til slutt for å ha mest mogeleg konsentrasjon til sjølve gåinga. Under ei klinisk undersøking testar vi bevegelse og styrke i ankla, kne og hoftar.
    Forfotsmarkør festet med dobbelsidig tape.
    Det er seksten markørar som skal festas til kroppen. Markørene er små, lette kuler som er dekka med reflekstape. Desse vært festa på heilt bestemte punkt på kroppen med dobbelsidig tape. Dette er ein tupè-tape, og den er forholdsvis lett å ta av. Markørene vert festa på fot, ankel, legg, lår og bekken. Når markørene er festa og stilt inn, er det viktig at barnet ikkje røyrer på dei. Dersom barnet skulle falle og markørene flytter på seg er det ingen problem, men dei må stilles inn på nytt. Dette tar litt ekstra tid.
    Med markørane festa til kroppen går barnet frem og tilbake på ein oppmerka gangbane. Barnet kan gå alt frå 10-30 gonger avhengig av kva opptak vi får tatt undervegs. Kosedyr blir brukt som startstreker slik at vi kan registrere kvar barnet begynner å gå. Barnet skal forsøke å gå med ein så «vanleg» gange som mogeleg. Vi er ute etter å sjå korleis barnet går heime i sine vande omgjevnader.
    Barnet går på gangbanen med markører festa til kroppen.
    Det vert først gjort ein ganganalyse barføtt. Dersom barnet bruker ortosar tar vi markørene av og festar dei utanpå ortosar og sko. Så gjentar vi same prosedyre med ortosar og sko.

  3. Etter

    All data som er samla under ganganalysen krev prosessering før dei blir samla i ein rapport. Dette tek omtrent seks veker. Rapporten inneheld videofilmar, grafar, gangparametre og klinisk undersøking.
    Videofilmane viser korleis barnet går sett frå sida, framifrå og bakfrå. Grafane framstiller både kinematikk og kinetikk. Kinematikk er grafisk framstilling av bevegelsar som skjer i anklar, kne, hofter og bekken sett frå sida, framifrå og bakfrå. Kinetikk er grafisk framstilling av krefter som påverkar dei same ledda, sett frå sida og framifrå. Gangparametrane fortel blant anna om ganghastighet, skrittfrekvens (kor mange skritt barnet tar pr sekund) og hvor lange skritt barnet tar.
    Leddbevegelighet vert målt med vinkelmål.
    Resultata frå analysen blir samla og gjennomgått i eit tverrfagleg team med barnenevrolog , barneortoped, ortopediingienør og fysioterapeut. Oppsummeringa av rapporten blir vurdert i forhold til problemstillinga i tilvisninga. Eventuelle tiltak for barnet blir foreslått på eit tverrfagleg grunnlag på bakgrunn av ganganalysen.
    Rapporten med konklusjon av ganganalysen vert vanlegvis sendt til fastlege og eventuell lokal fysioterapeut og ortopediingeniør. Føresette til barnet får også tilsendt rapporten.
    Rapporten inneheld ein del faguttrykk og grafar. Dersom de har spørsmål til rapporten kan de gjerne ta kontakt med oss for å få ei enklare forklaring.
    Tilvisande instans, til dømes ortoped eller barnenevrolog, er ansvarlege for å sette i gang tiltak.

Gå til Gange, undersøkelse

Oppmøte

Vi heldt no til i Energisenteret for barn og unge, øvre underetasje. Energisenteret ligg i Barne- og ungdomsjukehuset.

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader

Behandling

Det finst fleire moglege operasjonar. Kva operasjon som er aktuell for barnet ditt, blir vurdert individuelt. Det kan hende barnet/ungdommen får fleire operasjonar. 


Les meir om Operasjon ved stram leggmuskulatur (spissfot)

Operasjon ved stram leggmuskulatur (spissfot)

Leggmuskulaturen kan av ulike årsaker bli for kort og det kan då vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon.

Det finst fleire behandlingsalternativ for stram leggmuskulatur. Ein prøver gjerne behandling med tøyingar, ortosar, gips eller medikament først. Nokon gonger kan det bli behov for operasjon med forlenging av akillessena eller operasjon med gastrocnemiusglidning.

  1. Før

    Før operasjon vil barnet/ungdommen bli undersøkt av ein ortoped som kartlegg kva utfordringar barnet/ungdommen har i kvardagen og kva årsakene til problema kan komme av. For fleire pasientar er det aktuelt å bli undersøkt og vurdert av eit tverrfagleg team saman med ortopeden. Av og til blir det gjort tilleggsundersøkingar som tredimensjonal ganganalyse.

    Når det blir vedtatt at behandlinga blir operasjon, er det viktig at det blir gjort nokre førebuingar. Dersom du har jamleg oppfølging i habiliteringstenesta, vil lokal habiliteringsteneste/ortopedisk avdeling vere med på nokon av førebuingane.

    Det kan vere lurt å ha førebudd følgjande:
    • Trening med fysioterapeut etter operasjon
    • Hjelpemiddel (rullestol/ganghjelpemiddel)
    • Ortosar/skjener til etter gipsfjerning
    • Transport til og frå skule/barnehage
    Faste

    Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

    De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.

    Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

    Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

    Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  2. Under

    Barnet/ungdommen blir enten operert ved Dagkirurgisk avdeling eller Sentraloperasjonen. Viss barnet/ungdommen blir operert ved Dagkirurgisk avdeling reiser barnet/ungdommen heim nokre timar etter operasjonen.

    Akilesseneforlenging
    Inngrep som blir gjorde når begge musklane i leggen er korte (både gastrocnemius og soleus). Det kliniske bildet er då dårleg rørsle oppover i ankelen (dorsalfleksjon i ankel) både med strakt og bøygt kne.
    Sjølve inngrepet kan vanlegvis gjerast som dagkirurgisk pasient.
    Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen.
    Det blir laga eit hudsnitt på 8-10 cm rett ved sida av akillessena. Når sena er tilgjengeleg blir det laga ein Z-plastikk i denne. Vi klarer då å forlenge sena 2-3 cm, og seneendene blir sydde saman side-mot-side. Denne tråden løyser seg opp av seg sjølv, når sena er grodd saman igjen. Huda blir lukka med tråd som løyser seg opp av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting. Ved slutten av inngrepet, blir det lagd ein gips der foten blir tøygd opp maksimalt.

    Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

    Skjematisk framstilling av korleis inngrepet blir gjennomført:

    Gastrocnemiusglidning

    Inngrepet blir gjort når berre den lange leggmuskelen er stram (gastrocnemius). Då har pasienten dårleg dorsalfleksjon i ankel på strakt kne, men betre rørsle når kneet er bøygd. Kan òg vere eit alternativ hos pasientar der ein er redd for at dei skal tape for mykje kraft i fråsparket ved ein full akillesseneforlenging.Sjølve inngrepet kan vanlegvis gjerast som dagkirurgisk pasient.

    Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen.

    Det blir laga eit hudsnitt midt bak på tjukkleggen, ca. 5-6 cm. Ein frilegg senebladet til gastrocnemius-muskelen og snittar gjennom heile sena, men lèt muskulaturen stå igjen. Den korte leggmuskelen (soleus), gjer ein ikkje noko med. Når senebladet er kutta, pressar ein ankelen opp i maksimal dorsalfleksjon, slik at seneendane blir trekte frå kvarandre. Senene blir ikkje sydde.

    Huda blir lukka med tråd som går i oppløysing av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting. Ved slutten av inngrepet, blir det lagd ein gips der foten blir tøygd opp maksimalt.

    Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

    Skjematisk framstilling av korleis inngrepet blir gjennomført:

  3. Etter

    Ved operasjonen får barnet/ungdommen ein gips frå tærne og opp til kneet.

    Gips frå terna og opp til kneet.

    • Akillesseneforlenging: Gipsen skal vere på dei første 6 vekene, men etter 3 veker blir det gjort eit gipsbyte. Du kan belaste og gå på gipsen frå 12-14 dagar etter operasjon.
    • Gastrocmeniusglidning: Gipsen skal vere på dei første 3-4 veker. Du kan belaste og gå på gipsen frå 10 dagar etter operasjon. Barnet/ungdommen har gips fram til ortosen er klar.
    Aktivitet og belasting
    Barnet/ungdommen kan belaste inntil smertegrensa etter 12-14 dager, og det er vanleg at auke av belastning skjer gradvis.
    Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det. Dette er gjerne 1-2 dagar etter operasjonen.
    Kontroll
    Ved akillesseneforlenging vil barnet/ungdommen bli kalla inn til Ortopedisk poliklinikk for kontroll ca. 3 veker etter operasjonen. Det vil då bli gjennomført eit gipsskifte og ortopediingeniør vil vere til stades for å ta støyp til nye ortosar. Neste kontroll er hos ortopediingeniør ved overgang til ortose 5-6 veker etter operasjonen. Kontroll hos ortoped etter 3 månader.
    Fjerning av sting
    Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker
    Hygiene
    Så lenge barnet/ungdommen har gips kan han/ho ikkje dusje foten.
    Smerter
    Dei fleste barn klarer seg med smertestillande Paracet og Ibux. Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
    Ortosar/skjener
    Ved operasjon med akillesseneforlenging får barnet/ungdommen ein avtale ved eit ortopediteknisk firma 6 veker etter operasjonen. Der blir gipsen klipt av over ankelen og denne blir no erstatta med ein ortose. Ortosen(e) skal brukast 7-8 timar dagleg. Ved operasjon med gastrocnemiusglidning blir gipsen erstatta med ortose etter 3-4 veker.
    Eksempel på ortose som brukast etter operasjonen.
    Hjelpemiddel
    Krykker
    Nokre barn/ungdommar treng ganghjelpemiddel for å avlaste den opererte foten. Dette kan vere krykker eller gåstativ. Krykker kan lånast på sjukehuset. Gåstativ må bestillast via ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand.
    Rullestol
    Fleire barn/ungdommar treng òg rullestol i perioden etter operasjonen, som avlastning til krykkene/gåstativet. Rullestol må bestillast gjennom ergo- og fysioterapitenesta i kommunen på førehand.
    Opptrening
    Opptrening i ulike faser.
    Gipsperiode 0-6 veker etter operasjon
    I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Dette kan til dømes være at barnet/ungdommen blir trygg på gipsen, finn ulike teknikkar for å flytte på seg og blir trygg på å ta belastning på operert bein etter 12-14 dagar. Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande). Resten av kroppen kan trenast som vanleg.
    Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet og det å flytte på seg går fint.
    Rehabilitering frå 6 veker til 12 veker etter operasjonen
    I denne fasen blir det tilrådd intensiv trening med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Behovet for oppfølging av fysioterapeut vil vere individuelt. Nokre barn/ungdommar treng tett oppfølging av fysioterapeut, medan andre kan trene meir sjølvstendig under rettleiing av fysioterapeut.
    Mål for treninga er å betre dei funksjonane som er viktige for barnet/ungdommen. For gåande barn kan dette vere å optimalisere gangfunksjonen ved å få betre knestrekk når dei går eller forsøke å få et gangmønster der foten landar med hælen først.
    For barn/ungdommar som ikkje har gangfunksjon, kan målet vere å få ein god fot å stå på slik at ein held oppe ståfunksjon (enten med eller utan ståstativ). Pasienten treng hjelp av fysioterapeut med å finne rett progresjon i treninga. Treninga må leggast opp etter noverande funksjonsnivå og mål for rehabilitering.
    For dei gåande barna/ungdommane bør den aktive treninga mellom anna bestå av styrketrening for leggmusklane. Dette kan bestå i av øvingar for å aktivere leggmuskulatur, hoppe på trampoline og gå i trapp. Ein bør òg tenke på fart, balanse og uthald.
    Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge.
    Rehabiliteringsperioden kan variere, men 12 veker etter operasjonen kan ein tenke at barnet/ungdommen er tilbake til vanleg fysisk aktivitet og idrett som dei held på med til vanleg.

Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle

Gå til Operasjon ved stram leggmuskulatur (spissfot)

Les meir om Operasjon med forlenging av sener på baksida av låret (hamstringsløsning)

Operasjon med forlenging av sener på baksida av låret (hamstringsløsning)

Muskulaturen på baksida av låra kan av ulike årsaker bli for kort. Dette kan føre til at det blir vanskeleg å strekke ut knea og det kan vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon.

  1. Før

    Før operasjon vil barnet/ungdommen bli undersøkt av ein ortoped som kartlegg kva utfordringar barnet/ungdommen har i kvardagen og kva årsakene til problema kan komme av. For fleire pasientar er det aktuelt å bli undersøkt og vurdert av eit tverrfagleg team saman med ortopeden. Av og til blir det gjort tilleggsundersøkingar som tredimensjonal ganganalyse.

    Når det blir vedtatt at behandlinga blir operasjon, er det viktig at det blir gjort nokre førebuingar. Dersom barnet/ungdommen har jamleg oppfølging i habiliteringstenesta, vil lokal habiliteringsteneste/ortopedisk avdeling vere med på nokon av førebuingane.

    Det kan vere lurt å ha førebudd følgjande:

    • Postoperativ trening med fysioterapeut
    • Hjelpemiddel (rullestol med vinkelregulerbare fotstøtter og regulerbar rygg, ståstativ/ståskal og ganghjelpemiddel)
    • Transport til og frå skule/barnehage
    Faste

    Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

    De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.

    Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

    Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

    Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  2. Under

    Barnet/ungdommen blir enten operert ved Dagkirurgisk avdeling eller Sentraloperasjonen. Viss barnet/ungdommen blir operert ved Dagkirurgisk avdeling, reiser barnet/ungdommen heim nokre timar etter operasjonen.

    Sjølve inngrepet:

    Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på magen.

    Det blir laga eit hudsnitt på baksida av låret, nokon cm over knehasen. Snittet blir ca. 5 cm langt. Ein frilegg sena m. semitendinosus, som blir kutta. Ein finn deretter sena til m. gracilis, som blir kutta. Så frilegg ein senebladet til m. semimenbranosus, der ein snittar gjennom sena, men lèt muskulatur stå igjen.

    Huda blir lukka med tråd som går i oppløysing av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting. Ved slutten av inngrepet blir det lagd på knestrekkeortosar med maksimal strekk i knea.
    Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

  3. Etter

    Under operasjonen blir det lagd på ortosar for å strekke i knea. Knestrekkeortosane skal vere på mest mogleg gjennom døgnet (dag og natt) dei første 6 vekene etter operasjonen. Ortosane blir festa med borrelås og kan takast av og på i situasjonar der det er praktisk/nødvendig (toalettbesøk, stell, bilkøyring o.l.).
    Eksempel på knestrekkeortosar som leggast på under operasjonen.
    Mange har ein del smerter dei første dagane etter operasjon. Det er derfor viktig at ein ofte justerer kneortosane gjennom dagen.
    Aktivitet og belastning
    Du kan belaste beina rett etter operasjonen. Det er positivt å komme opp å stå så snart som mogleg etter operasjonen. Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det, gjerne 2-4 dagar etter operasjonen. Nokon kan ha behov for å vere heime noko lenger, opp mot 2 veker.
    Kontroll
    Barnet/ungdommen får vidare oppfølging i habiliteringstjenesta lokalt.
    Sting
    Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.
    Hygiene
    Når såra har grodd, kan du dusje som vanleg utan ortosane på. Dette er vanlegvis etter ca. 2 veker.
    Smerter
    Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
    Ortosar/skjener
    Knestrekkeortosane skal vere på så mykje som mogleg gjennom døgnet dei første 6 vekene etter operasjonen. Etter dette kan dei brukast om natta, dersom dei ikkje i stor grad påverkar søvnen til barnet/ungdommen. I tillegg bør barnet/ungdommen halde fram med å bruke ankelfotortosar (AFO) dagleg dersom barnet har det.
    Hjelpemiddel
    Fleire barn/ungdommar treng rullestol i perioden etter operasjonen for å legge til rette for å bruke knestrekkeortosane gjennom dagen. Det er då behov for ein rullestol der ryggen kan leggast noko bakover og fotstøttene kan hevast (komfortrullestol).
    Ståstativ eller anna stå-/ganghjelpemiddel er veldig viktig å komme raskt i gang med etter operasjonen. Målet er å tøye ut knea i ståande stilling. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Ein må vere oppmerksam på at knea kan ha endra seg etter operasjonen og at knea kan strekkast meir ut i ståstativet. Justering av ståhjelpemiddel bør derfor avtalast 1-2 veker etter operasjonen.
    Fleire barn/unge har glede av å sitje i ein sakkosekk som ei stillingsforandring.
    Opptrening
    Opptreninga foregår i ulike faser.
    Første fase etter operasjonen (1-2 veker)
    I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Med dette blir meint at barnet/ungdommen blir trygg på bruk av kneskjenene, ulike teknikkar for å flytte på seg og det å ta belastning på beina.
    Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande).
    Kneskjenene må takast av dagleg, slik at barnet/ungdommane òg kan røre fritt på beina. Då kan ein samtidig observere og lufte huda. På tidspunktet kneskjenene er av, er det godt tidspunkt for å legge inn nokre aktive øvingar for knestrekk.
    Så snart smertene tillèt det, blir det tilrådd ståtrening i ståstativ. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet, det å flytte seg og bruk av kneskjener går fint.
    Rehabilitering frå ca. 2 veker til 8 veker etter operasjonen
    I denne fasen blir det tilrådd intensiv fysioterapi med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Mål for treninga er å få betre knestrekk i dei funksjonane som er viktige for barnet/ungdommen.
    Den aktive treninga bør bestå av styrketrening for musklane som strekker i kne og hofter. Her må øvingar leggast til rette ut ifrå barnets/ungdommens funksjonsnivå og målet for treninga/operasjonen. Eit eksempel kan vere: Knebøy/reise seg frå stol til ståande stilling.
    Det er viktig at ståtrening er godt etablert i denne fasen, helst 2 timar dagleg, gjerne oppdelt i fleire økter. Målet med ståtreninga i ståstativet er å få tøygd knea så godt som mogleg ut i strekk. I tillegg er ståande stilling positivt for kroppen generelt.
    Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge. Barnet/ungdommen kan gå i basseng når såra er tørre, tidlegast etter 14 dagar.
    Rehabilitering etter ca. 8 veker etter operasjonen
    No er målet å gjenoppta fysisk aktivitet og idrett som tidlegare. Fokus er funksjonstrening, styrke, uthald, hurtigheit og balanse.

Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:
  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle

Gå til Operasjon med forlenging av sener på baksida av låret (hamstringsløsning)

Les meir om Operasjon med forlenging av sener på innsida av låret

Operasjon med forlenging av sener på innsida av låret

Muskulaturen på innsida av låra kan av ulike årsaker bli for kort. Dette kan føre til at det blir vanskeleg å sprike i hoftene/ta beina frå kvarandre og det kan vere behov for behandling av denne muskulaturen. Eit behandlingsalternativ er operasjon. Denne operasjonen blir gjort av og til førebyggande for å prøve å unngå at hoftene går ut av ledd, som kan skje ved nokre tilstandar.

Det finst fleire behandlingsalternativ for unngå at musklane på innsida av låra blir for korte. Ein prøver gjerne ståstativ/ståskal med beina i sprik, tøyingar eller medikament først. Nokon gonger kan det bli behov for operasjon med adduktortenotomi.

  1. Før

    Før operasjon vil barnet/ungdommen bli undersøkt av ein ortoped som kartlegg kva utfordringar barnet/ungdommen har i kvardagen og kva årsakene til problema kan komme av. For fleire pasientar er det aktuelt å bli undersøkt og vurdert av eit tverrfagleg team saman med ortopeden.
    Når det blir vedtatt at behandlinga blir operasjon, er det viktig at det blir gjort nokre førebuingar. Dersom barnet/ungdommen har jamleg oppfølging i habiliteringstenesta, vil lokal habiliteringsteneste/ortopedisk avdeling vere med på nokon av førebuingane.
    Det kan vere lurt å ha førebudd følgjande:
    • Postoperativ trening med fysioterapeut
    • Hjelpemiddel (rullestol, ståstativ/ståskal og bilstol). Sjå meir om dette under «Hjelpemiddel».
    • Transport til og frå skule/barnehage
    Faste

    Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

    De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.

    Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

    Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

    Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

  2. Under

    Barnet/ungdommen blir enten operert ved Dagkirurgisk avdeling eller Sentraloperasjonen. Viss barnet/ungdommen blir operert ved Dagkirurgisk avdeling, reiser barnet/ungdommen heim nokre timar etter operasjonen.

    Sjølve inngrepet:
    Pasienten blir operert i narkose og inngrepet blir gjennomført enklast ved at pasienten ligg på ryggen.
    Det blir laga eit lite hudsnitt i lysken der ein frilegg sena til stram adduktormuskulatur. Senebladet blir kutta, men lèt muskulaturen stå igjen.
    Huda blir lukka med tråd som går i oppløysing av seg sjølv, slik at ein slepp å fjerne sting.
    Ved slutten av inngrepet, blir det lagd på hofteortose med maksimal sprik av beina.
    Dei fleste pasientar klarer seg med smertestillande ibuprofen og paracetamol etter operasjonen.

  3. Etter

    Under operasjonen blir det lagd på ein hofteortose som har som hensikt å halde beina så langt frå kvarandre som mogleg. Hofteortosen skal vere på mest mogleg gjennom døgnet (dag og natt) dei første 6 vekene etter operasjonen. Ortosen er festa med borrelås/klips og kan takast av og på i situasjonar der det er praktisk/nødvendig (toalettbesøk, stell, bilkøyring og liknande.).
    Nokon har ein del smerter dei første dagane etter operasjon. Det er derfor viktig at ein sikrar at barnet/ungdommen får endra stillingar og at ein justerer litt på ortosen gjennom dagen.
    Aktivitet og belastning
    Du kan belaste beina rett etter operasjonen. Det er positivt å komme opp å stå så snart som mogleg etter operasjonen. Barnet/ungdommen kan byrje på skulen så snart smertene tillèt det. Dette er gjerne 2-4 dagar etter operasjonen.
    Kontroll
    Barnet/ungdommen blir vidare følgd ved Habiliteringstenesta som barnet tilhøyrer.
    Sting
    Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig å fjerne stinga. Nokon gonger er det ein trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av av seg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.
    Hygiene
    Når såra har grodd, kan du dusje som vanleg utan ortosane på. Dette er vanlegvis etter ca. 2 veker.
    Smerter
    Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
    Ortosar/skjener
    Hofteortosen skal vere på så mykje som mogleg gjennom døgnet dei første 6 vekene etter operasjonen. I tillegg bør barnet/ungdommen halde fram med å bruke andre ortosar, som til dømes ankelfotortosar (AFO), dagleg dersom barnet har det.
    Hofteortose for maksimal sprik av beina.
    Hjelpemiddel
    For å legge til rette for å bruke hofteortosen etter operasjonen, vil fleire barn/ungdommar ha behov for ein rullestol med noko breiare setebreidde enn dei vanlegvis har. Dersom det er vanskeleg å få tak i dette, bør ein avgrense tida barnet sit i den vanlege rullestolen utan hofteortosen og heller tenke alternative stillingar å vere i. Dette kan vere på matte, i saccosekk eller vogn.
    Ståstativ eller anna stå-/ganghjelpemiddel er veldig viktig å komme raskt i gang med etter operasjonen. Eit ståstativ med sprik i hoftene sikrar tøying på innsida av låra og gir gunstig vektbering i hofteledda. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen. Ein må vere oppmerksam på at hoftene kan ha endra seg etter operasjonen og at det kan vere behov for justering av ståhjelpemiddelet barnet/ungdommen har. Justering av ståhjelpemiddel bør derfor avtalast 1-2 veker etter operasjonen.
    Barnet/ungdommen kan sitje i vanleg bilstol og ta av hofteortosen under bilturane dersom det ikkje er plass til denne i bilstolen.
    Opptrening
    Første fase etter operasjonen (1-2 veker)
    I denne fasen er det viktigaste at barnet/ungdommane tilvenner seg den nye situasjonen etter operasjonen. Med dette meiner ein at barnet/ungdommen blir trygg på bruk av hofteortosen, ulike teknikkar for å flytte på seg og det å ta belastning på beina. Barnet/ungdommen treng å endre stilling gjennom dagen og kan innta alle stillingar han/ho er fortruleg med (liggande på magen/ryggen eller sidan, sitjande eller ståande).
    Hofteortosen må takast av dagleg, slik at barnet/ungdommane òg kan røre fritt på beina. Då kan ein samtidig observere og lufte huda. På tidspunktet hofteortosen er av, er det godt tidspunkt for å legge inn øvelser hvor en beveger på beina (gjennombevegelsar av ledda i beina) . Så snart smertene tillèt det, blir det tilrådd ståtrening i ståstativ. Det blir tilrådd ståtrening til saman 2 timar dagleg etter operasjonen.
    Fysioterapi er aktuelt i denne perioden for å støtte barn/ungdom og foreldre i tida rett etter heimkomst og legge til rette slik at eigenaktivitet, det å flytte på seg og bruk av hofteortosen går fint.
    Rehabilitering frå ca. 2 veker til 8 veker etter operasjonen
    I denne fasen blir det tilrådd fysioterapi med styrketrening, tøying og funksjonstrening. Mål for treninga er å halde oppe god sprik i hoftene og halde ved like funksjonen barnet/ungdommen har.
    Det er viktig at ståtrening er godt etablert i denne fasen, helst 2 timar dagleg, gjerne oppdelt i fleire økter. Målet med ståtreninga i ståstativet er å få tøygd ledda i beina godt. I tillegg er ståande stilling positivt for kroppen generelt.
    Bassengtrening opplevast positivt for mange barn/unge. Barnet/ungdommen kan gå i basseng når såra er tørre, tidlegast etter 14 dagar.
    Rehabilitering etter ca. 8 veker etter operasjonen
    No er målet å ta opp att fysisk aktivitet som tidlegare. Fokus er funksjonstrening, styrke, uthald, rørsle og balanse.

Gå til Operasjon med forlenging av sener på innsida av låret

Oppfølging

Det vil vere behov for ulik type opptrening etter operasjonen, avhengig av kva operasjon som er gjort. Opptrening kan skje i heimen, med lokal fysioterapiteneste eller i spesialisthelsetenesta. 



Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Fann du det du leita etter?