Når du kjem til oss, vil vi først prate litt med deg og dine føresette om korleis du har det, og om kva ting du synest du får bra til og kva som er vanskeleg. Ofte spør vi også om å få snakke med læraren din eller kanskje ein annan vaksen som kjenner deg godt.
Dei aller fleste barn som kjem til oss tar også nokre testar. Då jobbar du saman med ein vaksen som forklarar deg kva du skal gjere. Testane kan likne litt på ting som du gjer på skulen. Testane seier oss for eksempel noko om korleis du lærer, hugsar og konsentrerer deg, snakkar og forstår språk, kor godt hendene dine klarar å gjere ting og korelis du er saman med andre.