Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Navlebrokk, Voss

Navlebrokk er ei svakheit i bukveggen som fører til ein utposning frå navlen. Navlebrokk er vanlegast hos barn og i dei fleste tilfelle går det tilbake av seg sjølv.  Dersom brokket ikkje er gått tilbake innan seksårsalderen, kan vi vurdere operasjon – òg av kosmetiske grunnar. Vaksne med navlebrokk, kan forsøke å presse tilbake utbukinga ved å trykke lett på den. Vaksne som får navlebrokk kan nokre gongar oppleve at det blir inneklemt og må opererast.

Tilvising og vurdering

Fastlegen kan tilvise både barn og vaksne til vurdering av planlagt operasjon.

Sjekkliste for tilvising:    

  • God klinisk undersøking og skildring av brokket
  • Eventuelle tidlegare sjukdommar

Før

Diagnosen kan ofte bli stilt med ei god klinisk undersøking. Barn og vaksne blir undersøkte av kirurg på poliklinikk, og får deretter ei anbefaling om behandling.

Operasjon av navlebrokk kan bli utført utan innlegging på sjukehus. Du møter fastande om morgonen og kan reise heim nokre timar etter operasjon. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagt både før og etter operasjonen.

Førebuing til operasjon

  • Du skal ikkje ete mat, drops, tyggegummi, røyke eller snuse inntil 6 timar før operasjon. Vatn, te, svart kaffi, saft, brus og eplejuice kan du drikke inntil 2 timar før operasjon, men berre etter avtale med personalet
  • Reingjer navlen. Fjern ringar, smykker og neglelakk kvelden før operasjonen. Du bør fjerne piercing og liknande før du kjem på sjukehuset. Er dei vanskeleg å fjerne kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem
  • Ta ein grundig dusj med hårvask om morgonen operasjonsdagen. NB! Ikkje bruk hudkrem eller sminke etter du har dusja
Før operasjon blir du tatt imot av sjukepleiar, og du får samtale med kirurg og anestesilege.


Under

Brokkplastikk (barn)

Vi lagar vi eit lite snitt over utposinga, dyttar den tilbake og syr svakheita i bukveggen slik at det ikkje oppstår navlebrokk på nytt. Denne metoden er best eigna hos barn og det er sjeldan tilbakefall. Operasjonen blir gjort i narkose, og varer cirka 30 minutt.

Brokkplastikk med nett (vaksne)

Akutt operasjon: Hos vaksne med akutt behov for operasjon utfører vi brokkplastikk på same måte som hos barn, men vi må og vurdere om det kan foreliggje permanente sirkulasjonsforstyrringar i inneklemt tarmsegmen. Avhengig av funn vil vi vurdere å sette inn eit nett for å unngå at brokket skal kome tilbake.

Planlagt (elektiv) operasjon: Hos vaksne som skal til planlagt operasjon vil normalt operasjonen bli utført med åpen brokkplastikk - og vi forsterkar samtidig svakheiten med eit nett som forhindrar fremtidige hendingar. Operasjonen blir utføra i narkose og varer rundt ein time. Dersom det er svært store navlebrokk (sjelden) kan vi gjere inngrepet med kikkhulls metode, eller som ein større åpen operasjon. Vi forsterkar med nett også når brokket er stort.

 
Sjukemelding blir vurdert individuelt. 


 

Etter

Etter operasjonen blir du passa på til du vaknar. Så får du litt mat og drikke. Du kan forventa å reise heim etter 2-4 timar. Du må ha late vatnet før heimreise.

Før du reiser heim får du munnleg og skriftleg informasjon. Du får med deg nokre smertestillande tablettar og eventuelt resept. Du kan ikkje køyre bil eller betene maskiner første døgnet etter operasjonen. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.

Etter operasjonen skal du unngå tunge løft i ca. 4-6 veker. Vi anbefaler at du starter med lett fysisk aktivitet så snart som mogleg etter operasjonen. Stinga vil løyse seg opp av seg sjølv.

 
Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg etter operasjon. 

Ver merksam

Kontakt sjukehuset dersom du opplev at såret er raudt, hove og det kjem puss/verk.

Kontakt

Voss sjukehus Operasjons­avdelinga Voss

Kontakt Operasjons­avdelinga Voss

Oppmøtestad

Oppmøtestad står i innkallingsbrevet.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.