Vask hendene grundig før du startar. Bruk flytande såpe og vask hendene i minst ti sekund. For å unngå bakteriar kan du skru igjen vasskrana med papir etter at du har tørka hendene med det.
Brystvortene vaskar du berre med lunkent vatn og lar dei lufttørke før pumpinga. Ikkje bruk desinfeksjonsmiddel på brystvortene. Det kan gjere dei såre og gi sprekkdanning.
Det er lettast å pumpe seg etter at du har amma. Pump til brystet kjennest mjukt, eller så lenge mjølka renn ned i flaska. Erfaring viser at det kan vere lurt å veksle mellom brysta.
Dersom du pumpar deg før amming, eller bruker eit bryst barnet ikkje har suge av, kan du klemme ut dei første dropane og tømme dei ut. Mjølkegangane vil då bli reinsa for bakteriar før du startar sjølve pumpinga.
Kor mange gonger du kan pumpe deg, er veldig individuelt. Prøv å få til ein rutine som passar deg og babyen din.
Kvar gong du leverer mjølk, vil det bli tatt bakterieprøver av den frosne mjølka. Dersom mjølka inneheld for mykje bakteriar, kan den ikkje bli brukt av våre pasientar.