Når operasjonen er ferdig blir såropninga lukka med sting eller strips og dekka med bandasje. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening for å unngå tilstiving og forhindre blodpropp.
Du skal nytte krykker dei første dagane. Ved omfattande meniskoperasjon vil du få på ei ortose med borrelås som du får låne med deg heim. Denne er låst i nesten full strekk og du skal som regel avlaste kneet dei første vekene, dette kan variere utifrå inngrepet. Skinna skal gradvis stillast inn i auka fleksjon frå veke til veke.
Du vil få med tilvisning til fysioterapeut for opptrening av muskulatur og bevegelse. I tillegg til fysioterapirekvisjon, vil du få med deg resept på smertestillande medisinar.
Vanlegvis treng du sjukemelding for 2-3 veker ved reseksjon, og 8-12 veker ved meir omfattande inngrep, avhengig av yrke. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant.
Du vert kalla inn til kontroll etter 2 veker.