Når du møter til mammografiscreening, blir du tatt i mot av ein radiograf som vil stille deg nokre spørsmål og gje litt informasjon om vidare forløp.
Radiografen vil også sjå over brysta dine og markere eventuelle føflekkar, arr eller mindre merke på huda.
Det blir tatt bilde i to projeksjonar for kvart bryst. Bilde kan tas uavhengig av storleiken på brystet. To radiografar jobbar saman med deg for å få optimale bilde. Undersøkinga tar berre nokre få minutt.
Det blir lagt press på brysta når bilda blir tatt. Presset varar kun nokre sekund. Du kan gå når bildetakinga er ferdig. Som oftast vil ein få tilsendt eit skriftleg svar i løpet av 2-3 veker etter undersøkinga.