I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjorde varierer, og avheng av kva undersøkingar som er utførte før du kjem til vidare utgreiing. Vi tar ofte blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiing. Svar på vevsprøve vil gi endeleg diagnose.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne avklare om du har kreft eller ikkje og vi tar avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Undersøkingar som kan vere ein del utgreiinga
Les om
I somme tilfelle vil det også vere nødvendig å gjennomføre ei Pet-CT-undersøking, ei bildeundersøking med sporstoff.
Kartlegging av annan sjukdom som får noko å seie for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte/lungefunksjon. For nokre kvinner vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Dei dagane du er på ulike undersøkingar og samtaler ved sjukehuset, er det lurt å rekne med god tid. Ta gjerne med lesestoff eller lignande, då det kan bli litt venting.
Delta i kreftstudier?
Ved Seksjon for gynekologisk kreft ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus i Bergen, pågår fleire ulike kreftstudier. Dersom ansvarleg lege vurderer det som aktuelt, vil du få tilbod om å delta. Det er frivillig å delta, og det er viktig å vite at all informasjon som blir registrert og brukt er heilt anonym. Du vil få god informasjon om dei aktuelle studiene når du møter til utgreiing.
