Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinikk for barn og unge med leppe-kjeve -ganespalte

Fellesklinikk LKG

Alle barn som er fødd med leppe-kjeve-ganespalte og operert i Bergen, blir innkalla til ein poliklinisk kontroll både ved 6 års alder og 16 års alder.  Her vil du møte alle faggruppene i leppe-kjeve-gane-teamet. Det vil seie at du og dine foreldre vil treffe både plastikkirurg, kjeveortoped, logoped, psykolog og øyre-nase-halslege.

​Fellesklinikken er tverrfagleg og inneber at de må møte i ulike stader:

  1. Barne- og ungdomsklinikken, Glasblokkene, Haukeland universitetssjukehus.
  2. Øre-nese-hals poliklinikk, 2. etg. i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
  3. Tannhelsetenestens kompetansesenter Vestland (TKV) ligg i nærleiken av Danmarksplass 
Mykje av denne dagen vil gå med til det planlagde programmet. Det kan bli ein del venting mellom undersøkingane. Derfor er det lurt ta med seg noko som du likar å halde på med medan du ventar. ​Fellesklinikken er som regel ferdig ca kl.15.

Det hender at nokre barn eller ein unge gruar seg til fellesmøtet. Da er det fint om pårørande tar kontakt med oss i teamet i god tid på førehand, så skal vi legge til rette det vi kan for å redusere bekymringane.

Her er litt informasjon om kven du møter denne dagen


Møte med plastikkirurg

Plastikkirugane vil i møte med deg vurdere om du treng fleire operasjoner eller undersøkingar enn det som er planlagt. Dette vil i så fall bli tatt opp med deg og dine foreldre.

Møte med øyre-nase-halslege

Barn med spalte har oftare problem med øyrene enn andre barn og vil derfor bli undersøkt av øyre-nase-halslege . 

På 6-års kontrollen skal alle som er fødd med ganespalte ta hørselstest hos audiograf. Ofte dannar det seg væske i mellomøyre som kan gjere at du høyrer dårlegare. Dette gjer som regel ikkje vondt, men kan vere ein årsak til at ein høyrer litt dårlegare. Under hørselstesten får du på deg øyreklokker og får beskjed om å klikke på ein knapp når du høyrer lydar i øyreklokkene. Audiografen måler også trykket i mellomøyre ved hjelp av ein ørepropp som lagar ein liten summelyd inne i øyret. 
Etterpå undersøker legen øyrene, nasen og munnen din. Nokre gonger finn legen øyrevoks. Ved hjelp av ein liten øyre-støvsugar eller ei lita øyretang, vil legen forsiktig fjerne øyrevoksen. Når øyrevoksen er borte, er det lettare for legen å sjå inn i øyret. Desse undersøkingane gjer ikkje vondt. 
16-åringar blir rutinemessig ikkje undersøkt av øre-nase-hals lege. Vi ber likevel unge som opplever plager i øyre eller nase, om å informere om dette i god tid før 16. års kontrollen. Da vil han/ho bli sett opp til time også hos øyre-nase- halslege. 

Møte med psykolog

Timeavtale med psykolog for foreldre og barn er ein del av 6 års- kontrollen. Vi er opptekne av å skape eit godt møte der det er lett å snakke saman, og barn kan gjerne teikne eller pusle med små ting under samtalen. 
I forkant av fellesklinikken har foreldra fått eit spørreskjema som dei er bedne om å fylle ut. Det utfylte spørreskjemaet skal vere med til samtalen med psykologen, og blir nytta som eit utgangspunkt for møtet.  Samtalen varer vanlegvis mellom 20-30 min, men dette kan tilpassast etter behov. Både barn, unge og foreldre vil ha moglegheit til å ta opp spørsmål eller bekymringar. Det kan for eksempel vere ønskeleg å snakke om tema som trivsel, fungering i kvardagen og utvikling.
Andre som har behov for samtale med psykologen, kan ta kontakt med koordinator for LKG-teamet, så ordnar vi ein time. 

Møte med fotograf 

Personar med leppe-kjeve-ganespalte blir fotografert med jamne mellomrom frå dei er nyfødde fram til  25-30 års alderen. Fotografen vår tar ein serie med bilete på begge fellesklinikkdagane ved 6 og 16 års alder. Bileta er viktig for å dokumentere behandlinga og resultatet av denne. Desse bileta blir lagra i journalen din. 


Møte med logoped

Det vil vere to logopedar som kjem til møte med deg. Her er kva du skal gjere i lag med dei:
Først vil de sjå i ei bildebok sama, der du foretel kva du ser på bileta. Deretter vil dei be deg om å gjenta stavelsar som pi-pi, pa-pa, og nokre ord og setningar. 
Logopeden vi også be deg ta ein «spegelprøve»: Då skal du først blåse i eit sugerør, og deretter gjenta stavelar (pi-pi, pa-pa) samstundes som logopedane held eit spegel under nasen din. 
Logopeden undersøker også klangen i stemma di. For å kunne måle stemmeklangen får du på deg ein hjelm som har ein mikrofon. Gjennom mikrofonen blir lyden som kjem ut av munnen og ut av nasen din når du snakkar, målt gjennom eit såkalla nasometer (oral og nasal stemmeklang). Gjennom mikrofonen skal du gjenta nokre korte setningar som logopedane seier. Du vil kunne sjå at stemmeklangen blir registrert og teikna på ein dataskjerm som blå strekar når du snakkar, noko mange syntes er gøy.


Oppsummering 

Etter du har vore på fellesklinikken vil spesialistane samordne sine observasjonar og resultat av undersøkingane som du var gjennom. Saman vil dei evaluere resultat av tidlegare behandling og legge ein plan for vidare oppfølging av deg.  Når møtet er over vil plastikkirugane sende ein rapport til deg og dine foreldre med anbefalt behandlingsplan framover. 

Ta kontakt med oss på førehand dersom:

Barnet eller ungdommen engstar seg
Du er 16 og ønskjer å møte øyre-nase-halslege
Du er 16 og ønskjer å møte psykolog


Velkomne til Fellesklinikken-LKG. Ta kontak tmed  oss dersom det er noko de treng meir informasjon om.




Sist oppdatert 13.09.2022