Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lågt blodsukker (hypoglykemi) hos for tidleg fødde og fullborne barn
Etter fødselen søkk barnets blodsukker, og er vanlegvis på det lågaste etter ca. to timar. Hos nokre kan nivået bli så lågt at dei treng behandling. Risikoen er høgare hos barn som er små for alderen, store for alderen, for tidleg fødde eller har ei mor med diabetes. Lågt blodsukker behandlast ved å halde barnets kroppstemperatur normal og gi det næring.
Symptom
Nyfødde med lågt blodsukker viser ikkje alltid tydelege og openberre symptom. Dei som viser symptom kan verke irritable, være søvnige, ha sitringar i kroppen og låg tonus (muskelspenning) og/eller kroppstemperatur.
Før
Hos barn i risikogruppa blir blodsukkeret målt innan to timar etter fødsel, og kontrollerast deretter hyppig. Det gjer vi ved ein blodprøve, som kan takast medan barnet ligg på foreldra sitt fang, i senga eller der det passar best.
Hos barn i risikogruppa blir blodsukkeret målt innan to timar etter fødsel, og kontrollerast deretter hyppig. Det gjer vi ved ein blodprøve, som kan takast medan barnet ligg på foreldra sitt fang, i senga eller der det passar best.
Under
Ved lågt blodsukker må barnet få i seg næring så raskt som mogleg, anten ved amming, flaske eller sonde. Det kan være behov for å tilsette ekstra karbohydrater i mjølka.
Dersom blodsukkeret er så lågt at mjølk ikkje er tilstrekkeleg, må vi gi næring intravenøst. Då får barnet ein venekanyle (liten plastslange som leggast i ei blodåre), slik at det kan gjevast næring direkte i blodet.
Ved lågt blodsukker må barnet få i seg næring så raskt som mogleg, anten ved amming, flaske eller sonde. Det kan være behov for å tilsette ekstra karbohydrater i mjølka.
Dersom blodsukkeret er så lågt at mjølk ikkje er tilstrekkeleg, må vi gi næring intravenøst. Då får barnet ein venekanyle (liten plastslange som leggast i ei blodåre), slik at det kan gjevast næring direkte i blodet.
Etter
Etter at barnet har fått stabilisert blodsukker gjennom ernæring og normalisert kroppstemperatur, vurderer vi allmenntilstanden og måler blodsukkeret ved behov.
Etter at barnet har fått stabilisert blodsukker gjennom ernæring og normalisert kroppstemperatur, vurderer vi allmenntilstanden og måler blodsukkeret ved behov.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.
Praktisk informasjon
I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.
I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar
Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.
I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.
Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.
Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ventesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.
Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.
Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.