Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kognitiv miljøterapi

Kognitiv miljøterapi er ei behandlingsform som handlar om å starte ein endringsprosess av fastlåste tankemønster hos personar som er innlagt, der ein saman med miljøpersonalet finn nye og meir nyttige måtar å meistre kvardagen på.

Når menneske får psykiske problem, er det vanleg at måten ein tenker på, endrar seg. Dette kan føre til at kvardagen blir opplevd vanskelegare å meistre. Endring av tenkemåte kan føre til at ein fungerer betre.   

Kognitiv terapi har tradisjonelt vore ei individuell behandlingsform ein har bruka i samtalerommet mellom terapeut og pasient. I kognitiv miljøterapi er grunnleggande element frå kognitiv terapi brukt i miljøterapien. Det betyr at kognitiv miljøterapi i større grad gjer det mogleg å utnytte «gylne augeblink» i kvardagen. Her er den kognitive terapeuten aldri langt unna, og situasjonar som oppstår, kan bli utnytta der og då. Ein kan kartlegge reaksjonar og utnytte kvardagssituasjonar til å øve på individuelle kognitive problemstillingar. 

Kognitiv miljøterapi kan gi ei ramme og eit språk til samarbeidet med pasienten uavhengig av diagnose og spesifikke problemområde. Uansett diagnose legg kognitiv miljøterapi vekt på tankemønsteret og tolkingane til pasienten. Miljøpersonalet vil tilpasse den kognitive tilnærminga til dei individuelle behova som pasienten har.

Før

Det kan som pasient vere lurt å tenke gjennom kva du ønsker behandling for, og allereie når du blir søkt inn, begynne å tenke over mål for behandlinga, og om du klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt. 

Under

I kognitiv miljøterapi blir det lagt vekt på tankane, følelsane, dei kroppslege reaksjonane og handlingane dine. Vi veit at dette heng saman og påverkar kvarandre. Det er viktig å få hjelp til å forandre på unyttige handlingar og tankemønster, som både kan vere resultat av og årsak til problem. For å oppnå eit godt resultat er det viktig at du er motivert for å arbeide på denne måten.

I samarbeid mellom deg og behandlarane/miljøkontaktane dine blir det laga ein behandlingsplan med tydelege mål og tiltak. Ein fast vekeplan med døgnstruktur, måltid, ulike aktivitetar og område å legge vekt på kan vere eit nyttig verktøy. Alle faste aktivitetar skaper ein arena for å arbeide med konkrete individuelle utfordringar. 

I kognitiv miljøterapi blir det brukt følgande innlæringsprinsipp i behandlinga:

  • Bak alle handlingar ligg bestemte tankar og følelsar.
  • Tankar og følelsar utløyser bestemte handlingar. Nokre gonger kan desse bli eit fast mønster.
  • Ved at du og behandlarane/miljøkontaktane dine saman studerer tankane dine og åtferda di i forskjellige situasjonar, finn de fram til ei forståing av problemet. 
  • Du skal vere ein aktiv problemløysar og medarbeidar i behandlinga. 
  • Dialogen mellom deg og behandlarane/miljøkontaktane dine skal vere open og føregå i eit likeverdig samarbeid.
  • Du kan endre tankane dine og betydninga av ei hending ved å endre måten du tenker om den aktuelle hendinga. 
Miljøpersonalet skal møte deg med ei kognitiv tilnærming i ulike situasjonar til alle døgnets tider. Dei har ikkje nødvendigvis svar på alle spørsmål eller løysingar på alle problem, men skal hjelpe deg til sjølv å finne fram til både svar og løysingar. Det skal bli lagt til rette for at de har eit felles prosjekt å samarbeide om, nemleg å auke livskvaliteten din og betre symptommestringane dine.



Etter

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandling. Strategiar for å hindre tilbakefall vil også vere tema i slutten av ein terapi.

Kontakt

Glasblokkene Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.