Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kneproteseoperasjon, revisjon

Første gong ein set inn ei kneprotese kallast det ei primær kneprotese. Kneprotese er aktuelt for personar med slitasje og skader i kne. Målet med kneproteseoperasjon er å lindre smerter og bedre funksjonen i kneet. 90 prosent av kneproteser held i 10 år. Dersom ein kneprotese ikkje lenger fungerer tilfredsstillande kan det vere aktuelt å skifte protesen. Dette kan gjerast ved å bytte heile protesen eller deler av den. Ein slik protesebytteoperasjon, også omtala som revisjonsoperasjon, er naturleg nok meir omfattande enn den første (primære) proteseoperasjonen.

Teikn som kan tyde på at protesen må bytast ut, kan vere aukande smerter og/eller hevelse i kne, som ikkje har vore tidligare, følelsen av at kneet er ustabilt eller sviktar når du går.

Årsaker til dette kan vere, mekanisk løysning, iInfeksjon i ledd, beinbrot, manglande stabilitet, slitasje av ein eller fleire delar, havari av implantatet/protesa.

Tilvising og vurdering

Dersom du har knesmerter bør du i første omgang gå til fastlege, som vil undersøke det smertefulle området. Dersom det er indikasjon for det, vert du tilvist til røntgen. Om røntgenbilder viser forandring i kneprotesa eller leddet vert du tilvist ortopedisk poliklinikk.

Før

Kirurgen som planlegg operasjonen informerer deg om behandlingsforløp, opptrening etter operasjonen og forventa resultat. Han vil og informere om eventuelle komplikasjonar som kan skje i høve med operasjonen. 

Når operasjonsdatoen er bestemt skal du ta kontakt med fysioterapeut for å planlegge opptrening etter at du er komen heim. Du må legge tilhøva til rette i heimen din og evnentuellt rekvirere naudsynte hjelpemidlar gjennom hjelpemiddelsentralen i den kommunen du bur i.

Blodprøver og andre undersøkingar blir gjennomførd. Din allmenne helsetilstand blir undersøkt. 

Under

På operasjonsavdelinga blir du tatt i mot av operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar. Du vil bli flytta over i operasjonsseng og anestesilegen gir deg bedøving. Den vanlegaste bedøvinga ved revisjon av protese er ryggbedøving. Der ryggbedøving ikkje kan nyttast kan det vere aktuelt å gi narkose. Det blir og sett smertelindring i form av spøryter i sjølve leddet under operasjonen.


Etter

Etter operasjonen vil du køyrt til oppvakingsavdelinga. Det er naudsynt med god smertelindring. Dette får du i form av smertestillande medikament, smerteplaster eller også såkalla smertekateter i rygg eller lyske. Det blir og sett smertelindring i form av spøryter i sjølve leddet under operasjonen.

Du vil bli køyrt til sengeposten etter 2-4 timar. Etter operasjonen må du ta blodfortynnande medisinar. Dette for å redusere risikoen for blodpropp. Denne blir gjeven anten som ei sprøyte i mageskinnet eller som tablett, vanlegvis for eit tidsrom på 2-6 veker. På grunn av hevelse vil du ha kompresjonsbandasjen på foten, til mellom andre og fjerde dag etter operasjonen. Fysioterapeut sjekkar aktivt mobiliteten og vil gå gjennom sirkulasjonsøvingar med deg. Det er viktig med fysioterapi for å vedlikehalde mobilitet i leddet. Du vil få rettleiing av fysioterapeut angåande eigentrening. Lengda på sjukehusopphaldet varierer vanlegvis mellom 3 og 7 dagar.

Ved utskriving vil du få med deg ei tilvisning til fysioterapeut. Du får med deg resept på nødvendig smertestillande medisin. Du får og resept på blodfortynnande tablettar eller sprøyter.

Dersom sjukemelding er nødvendig vil dette avtalast med utskrivande lege.

Etter operasjonen kan det opererte kneet som regel belastast fullt. Du vil likevel ha trong for krykker den første tida for stabiliteten si skuld. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten kjennast sterk nok. Du skal heller ikkje køyre bil så lenge du brukar medisinar med rød varseltrekant på.

Vanlegvis vert du kalla inn til poliklinisk kontroll etter 3 mnd.

Ver merksam

Dersom du skulle oppleve feber, få aukande smerter/hevelse eller rødme i operasjonskneet er det viktig å ta umiddelbar kontakt med lege for vurdering.

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

​Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.

​Vi gjer merksam på at all skriftleg kommunikasjon som inneheld helseopplysningar eller anna personsensitiv informasjon skal sendast som eDialog​.

Les meir om eDialog og korleis du går fram for å sende sikker melding

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort. I kantina kan du òg betale med Vipps.

Mobiltelefon er tillat på heile sjukehuset, men vi ønsker at den står på lydlaus når du er på Oppvakningsavdelinga. 

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.

​På Kysthospitalet har vi følgande visittider:

Måndag-fredag:  kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 14.00-16.00 og kl. 18.00-20.00