Mammografi etter tilvising frå lege
Vi har tre hovedkategoriar av pasientar:
- Tilvisingar grunna nye forandringar i brysta. Dette kan vere forandringar pasienten har merka sjølv, eller som er oppdaga av lege.
- Kontrollundersøking av pasientar som tidlegare har gjennomgått behandling for brystkreft.
- Kontrollundersøking av kvinner som har auka risiko for brystkreft grunna mange brystkrefttilfelle i nær familie. Desse er kvinner som har blitt anbefalt regelmessig kontroll av Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin.
I tillegg kjem dei kvinnene som er etterinnkalla frå mammografiscreening.
Alle tilvisingar til klinisk mammografi blir vurdert individuelt. Vi tar utgangspunkt i dei opplysningane som står på tilvisinga. Der det er stor mistanke om kreft blir ventetida kort, ofte kun få dagar.
Om det ikkje kjem fram opplysningar i tilvisinga som gjer at ein mistenker kreft, kan ventetida bli nokre veker. Andre omsyn som familiehistorie og alder kan også vektleggast ved vurdering av tilvising.
Tilvisingar kan bli avvist dersom det ikkje føreligg god nok grunn til å gjere undersøkinga med offentleg refusjon. Då kan privat helseteneste nyttast.
Innkalling til time
Etter at vi har mottatt ei tilvising, vil ein få tilsendt eit brev. Her vil det stå informasjon om time til undersøking, evt. informasjon om avvising av tilvisinga .