Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Kirurgisk behandling av søvnapné

Ein mindre del av pasientane med obstruktiv søvnapné har anatomiske avvik i kjeve og øvre luftvegar som kan avhjelpast med operasjon.

Noen er plaget med pustestopp når de sover. Dette kalles søvnapné og skyldes vanligvis trange luftveier i nese og svelg. Søvnapné kan medføre døsighet og konsentrasjonsproblemer på dagtid. Behandling kan lindre symptomene for mange.

Les meir på helsenorge.no

Spesielt er fjerning av mandlar hos barn effektivt. Tett nase blir ofte behandla effektivt med kortison-spray, men større skeivheiter i nasen, polyppar og forstørra nasemuslingar kan nødvendiggjere mindre kirurgiske inngrep.

Før

Fjerning av mandlar, adenotomi og neseseptumplastikk krev inga eiga utgreiing. Hos pasientar som verken har nytte av desse operasjonane, generelle livstilstiltak, PAP eller søvnapnéskjene kan ei undersøking i narkose vera nyttig som grunnlag for persontilpassa behandling.

Operasjonar i svelget skjer i narkose. Det er derfor viktig at ein møter fastande. Du får meir informasjon om type operasjon og førebuingar frå avdelinga.


Ver merksam

Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:

  • Tung pust
  • Bløding i såret
  • Væske fra såret
  • Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • Aukande hevelse i eit eller begge bein
  • Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • Svimmelheit eller svime
  • ​ Feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.