Keisarsnitt, Voss

Fødeavdeling Voss

Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt enten umiddelbart eller på lengre sikt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.

Innleiing

I Noreg skal det vere ein medisinsk årsak for å gjennomføre eit planlagt keisarsnitt. Det vil seie at den gravide kan ikkje krevje å få utført keisarsnitt utan at det ligg føre ein medisinsk årsak.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Om du er gravid og har spørsmål om din føreståande fødsel, må du snakke med jordmor / lege som følger deg opp i svangerskapet. Dei vil kunne gje deg svar på spørsmåla dine og eventuelt tilvise deg til sjukehuset der du skal føde for planlegging av fødselen.

Førebuingar før planlagt keisarsnitt

Ettersom keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep er det ei rekkje forhold du må ta omsyn til i forkant av operasjonen.

Ein månad før keisarsnittet

  • Fjern piercing- / ar. Det er særleg viktig at du fjernar piercing i leppe, tunge, navle og ytre kjønnsorgan då desse kan auke risikoen for infeksjon etter inngrepet.
  • Du må ikkje fjerne kjønnshår den siste månaden før du skal ta keisarsnitt. Om du barberer eller fjernar hår med vaks eller hårfjerningsmiddel, vil det vere med på å auke risikoen for infeksjon - ikkje berre for deg sjølv, men også hos andre barselkvinner på sjukehuset.

 Før operasjonen

Du får innkalling til individuell samtale og undersøking hos gynekolog før keisarsnittet. Oppmøte på Observasjonspost for gravide. På avdelinga skal du delta på følgande:

  • Individuell samtale og undersøking med gynekolog. Dersom du vurderer sterilisering etter keisarsnittet, kan du ta det opp med gynekologen under denne samtalen.
  • Individuell samtale med anestesilege.

Etter at du har snakka med dei ulike fagpersonane kan du reise heim eller overnatte. Om du har behov for å snakke med jordmor åleine, gir du beskjed om dette. Det kan bli litt venting i løpet av dagen, og det kan vere lurt å ta med mat og lesestoff. Ta gjerne med deg pårørande, men det er ikkje nødvendig.

Kvelden før operasjonsdagen

  • Syrenedsettande. Frå sjukehuset har du fått med deg ein syrenedsettande tablett som du skal ta ca. kl. 22.00 kvelden før inngrepet.
  • Hygiene. Frå sjukehuset har du fått med deg ein såpe (Hibiscrub) som du skal bruke når du dusjar på kvelden og same morgon som du skal få gjennomført keisarsnittet.
  • Klyster. Vi anbefaler at du tømmer tarmen kvelden før operasjonen. På apoteket får du kjøpt eit klyster (klyx) på 120 ml som du kan bruke til dette føremålet.
  • Faste. Du skal faste frå midnatt (kl. 24.00) kvelden før operasjonsdagen. Det betyr at du ikkje kan spise, tygge tyggegummi, ete drops eller røykje frå midnatt. Du kan drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje melk eller juice.

Operasjonsdagen

  • Bruk Hibibscrub-såpen frå navleområdet og ned til lårene. Unngå å få såpe inn i underlivet og i auga.
  • Ta av alle smykke (halsband, ringar, øyrepynt og klokke) og fjern evt. neglelakk. Piercing skal fjernast ein månad før operasjon. Ikkje bruk body lotion eller andre kremar.
  • Om ikkje anna er avtalt, møter du på Føden i 4. etasje for å ta blodprøvar. Deretter går du til Observasjonsposten for gravide.
  • Jordmor vil lytte på fosterlyden, og du vil bli barbert i området der vi skal operere. Vi bruker ein spesiell barbermaskin som er skånsam for huda, og som gjer at du unngår skrammar i huda og reduserer risiko for bakteriar som kan føre til infeksjon.
  • Du blir så kjørt til operasjonsavdelinga, der anestesipersonell vil ta imot deg. Om det skulle skje uventa hendingar som krev øyeblikkeleg hjelp for andre pasientar, kan det skje at tidspunktet for ditt keisarsnitt blir endra til ein annen dag.
  • På operasjonsavdelinga vil du få ein syrenøytraliserande drikk, og vi legg inn eit kateter til urinblæra.
  • Far til barnet / den som følger deg kan vere med inne på operasjonsstova om keisarsnittet blir utført i epidural-/spinalbedøving, men ikkje dersom inngrepet blir utført i narkose. Du vil få bedøving og alt blir klargjort til operasjon, før den som følger deg kjem inn på operasjonsstova.
  • Hugs å ta med ei lue av ull til barnet.

2. Under

Planlagt keisarsnitt

Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.

Når datoen for keisarsnittet er bestemt, vil du få informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar som må gjerast i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen for å ta blodprøvar, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen, medan andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.

Bedøving
Ved planlagt keisersnitt er det vanlegste at du får epidural- eller spinalbedøveling. Bedøvinga gis på operasjonsstova. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjør og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.

Fysisk hudkontakt mellom mor og barn like etter fødselen er viktig for å etablere amming og tilknytting. Ved keisarsnitt forsøker vi så langt det er mogeleg å legge til rette for dette.

Akutt keisersnitt

Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt for deg og din følgeperson, er tida personalet har til å førebue og informere de om kva som skal skje. Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at tid til informasjon og forklaring på kva som skjer, ikkje blir optimal. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor, bli gitt etter operasjonen.

Bedøving
Når akutt keisersnitt er bestemt blir du så raskt som mogeleg, køyrd i seng til operasjonsstova. Der ventar anestesipersonell og operasjonsteam. Anestesilege og fødselslege vil bestemme kva slags bedøving du skal ha. Om du har fått epidural-eller spinalbedøving allereie, kan denne som oftast brukast. Anestesipersonalet fyller då på meir bedøving på kateteret. Du vil då vere vaken under operasjonen, men ikkje kjenne smerte – og følgepersonen din kan som oftast vere med under operasjonen.

Om du må få narkose kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstova. Då vil følgepersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Frå operasjonen startar til barnet er født, tar kort tid. Men heile operasjonen kan ta ca. 30–60 minutt. Om ikkje barnet treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgepersonen ha barnet hos seg til operasjonen er over.

3. Etter

Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling er avhengig av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvaka fram til tilstanden din er stabil, då flyttast du til barselavdelinga.

Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.

Operasjonssåret

Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er: 

  • Rødflamma og irritert hud rundt såret 
  • Heving 
  • Væske frå såret 
  • Feber eller smerter

Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege.

Smertestillande

Om du reiser heim tidleg etter fødselen, kan du fortsatt ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim. Smertene skal gradvis avta, så det er vanlegvis ikkje behov for smertelindring utover 5-7 dagar. På sjukehuset vil du få råd om kva for smertelindrande tablettar du kan bruke.

Råd frå fysioterapeuten

Pusten
Sårsmerte og lite rørsle rett etter operasjonen, gjer at nokon pustar meir overfladisk enn vaneig. Dette kan gjere at du får mer slim i lungane enn elles. Dette kan bli bedre dersom du utfører desse pusteøvingane:

  1. Legg hendene dine nedst på magen og kjenn at magen bevegar seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen bevegar seg innover. Denne øvinga kan også få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5-10 gonger.
  2. Pust djupt samtidig som du strekk ein arm godt opp over hovudet, og senk han roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5-10 gonger.
  3. Skift ofte stilling i senga. Etter operasjonen kan du veksle mellom å ligge på rygg eller på begge sidene. Om du ønskar det, kan du ligge på magen med 1-2 puter under magen. Putene avlastar både bryst, rygg og operasjonssåret på magen. 
  4. Be personalet om hjelp dersom du synast det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar.

Blodomløp
For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det viktig å begynne å bevege seg raskast mogeleg etter operasjonen. Om du ligg mykjee i sengen dei første dagane etter operasjonen, bør du gjere øvingar i senga.

  1. Bøy og strekk i anklane.
  2. Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, mens hælen har kontakt med underlaget.
  3. Knip saman rumpa, strekk beina, held i eit sekund og slepp.

Gjer kvar øving 5-10 gonger, helst fleire gonger for dagen.

Dagen etter operasjonen er det fint om du kan sitte litt på sengekanten, og tar nokon skritt i rommet. Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongene du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten.

Dei første seks vekene etter operasjonen

Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:

  • Unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask 
  • Unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og lignande 
  • Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker 
  • Hald på operasjonssåret når du hostar og nys. 


Aktivitet og kvile i barseltida

I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestundar kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.

Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.

Reaksjonar etter keisarsnitt

Etter ein fødsel – og kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa – vil ein kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Nokon kan òg få ein psykisk og / eller fysisk reaksjon.

Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor / lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskar ein gjennomgang av fødselsforløpet.

Ver merksam

Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med å late vatnet. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.

Kontakt

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet på kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum ved Rokneparken (nær togstasjonen), i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
  • Pasientvenner. På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors.​​​
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.