HELSENORGE
Fødeavdelinga

Keisarsnitt

Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.

Innleiing

I Noreg skal det vere ein medisinsk årsak for å gjennomføre eit planlagt keisarsnitt. Medisinske årsakar inkluderer også psykiske lidingar. 

Før

Det er alltid ein lege som skal vurdere moras og barnets tilstand og avgjere om det er medisinsk grunn til keisersnitt. Lege vurderer også om den helsemessige gevinsten kan vere større ved å utføre keisarsnittet enn ved å gå gjennom ein vanleg fødsel. Ved denne vurderinga blir det alltid vist omsyn til kvinnas ønske.

Førebuingar før planlagt keisarsnitt

Ettersom keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep er det ei rekkje forhold du må ta omsyn til i forkant av operasjonen.

Ein månad før keisarsnittet

  • Fjern piercing- / ar. Det er særleg viktig at du fjernar piercing i leppe, tunge, navle og ytre kjønnsorgan då desse kan auke risikoen for infeksjon etter inngrepet.
  • Du må ikkje fjerne kjønnshår den siste månaden før du skal ta keisarsnitt. Om du barberer eller fjernar hår med vaks eller hårfjerningsmiddel, vil det vere med på å auke risikoen for infeksjon - ikkje berre for deg sjølv, men også hos andre barselkvinner på sjukehuset.

Kva skjer på sjukehuset ved planlagt keisarsnitt (VIDEO)

 

 

Veka før operasjonen

Du får innkalling til fellesundervising, individuell samtale og undersøking hos gynekolog veka før keisarsnittet. Oppmøtestad etter avtale, eventuelt finn du det i innkallingsbrevet du har fått på førehand. På avdelinga skal du delta på følgande:

  • Fellesundervising saman med andre som skal til planlagt keisarsnitt. Informasjon blir gitt av jordmor og fysioterapeut.
  • Individuell samtale og undersøking med gynekolog. Dersom du vurderer sterilisering etter keisarsnittet, kan du ta det opp med gynekologen under denne samtalen.
  • Individuell samtale med anestesilege.

Etter at du har snakka med dei ulike fagpersonane kan du reise heim. Om du har behov for å snakke med jordmor åleine, gir du beskjed om dette. Det kan bli litt venting i løpet av dagen, og det kan vere lurt å ta med mat og lesestoff. Ta gjerne med deg pårørande, men det er ikkje nødvendig.

Kvelden før operasjonsdagen

  • Syrenedsettande. Frå sjukehuset har du fått med deg ein syrenedsettande tablett som du skal ta ca. kl. 22.00 kvelden før inngrepet.
  • Ta av alle smykke (halsband, ringar, øyrepynt og klokke) og fjern evt. neglelakk. Piercing skal fjernast ein månad før operasjon. Ikkje bruk body lotion eller andre kremar.
  • Hygiene. Frå sjukehuset har du fått med deg ein såpe (Hibiscrub) som du skal bruke når du dusjar på kvelden og same morgon som du skal få gjennomført keisarsnittet.
  • Klyster. Vi anbefaler at du tømmer tarmen kvelden før operasjonen. På apoteket får du kjøpt eit klyster (klyx) på 120 ml som du kan bruke til dette føremålet.
  • Faste. Du skal faste frå midnatt (kl. 24.00) kvelden før operasjonsdagen. Det betyr at du ikkje kan spise, tygge tyggegummi, ete drops eller røykje frå midnatt. Du kan drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje melk eller juice.

Operasjonsdagen

  • Bruk Hibibscrub-såpen frå navleområdet og ned til lårene. Unngå å få såpe inn i underlivet og i auga.
  • Oppmøtestad etter avtale, eventuelt finn du det i innkallingsbrevet du har fått på førehand.
  • Jordmor vil lytte på fosterlyden, og du vil bli barbert i området der vi skal operere. Vi bruker ein spesiell barbermaskin som er skånsam for huda, og som gjer at du unngår skrammar i huda og reduserer risiko for bakteriar som kan føre til infeksjon.
  • Du blir så kjørt til operasjonsavdelinga, der anestesipersonell vil ta imot deg. Om det skulle skje uventa hendingar som krev øyeblikkeleg hjelp for andre pasientar, kan det skje at tidspunktet for ditt keisarsnitt blir endra til ein annen dag.
  • På operasjonsavdelinga vil du få ein syrenøytraliserande drikk, og vi legg inn eit kateter til urinblæra.
  • Far til barnet / den som følger deg kan vere med inne på operasjonsstova om keisarsnittet blir utført i epidural-/spinalbedøving, men ikkje dersom inngrepet blir utført i narkose. Du vil få bedøving og alt blir klargjort til operasjon, før den som følger deg kjem inn på operasjonsstova.
  • Ta gjerne med ei lue av ull til barnet.

Under

Planlagt keisarsnitt

Om det blir bestemt at du skal forløysast med keisarsnitt, vil barnet bli fødd litt før termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal utførast, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, avhengig av kva som er grunnen til operasjonen.

Når datoen for keisarsnittet er bestemt, vil du få informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar som må gjerast i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du må møte på sjukehuset dagen før eller nokon dagar før operasjonen for å ta blodprøvar, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Nokon drar heim etter dette og kjem tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen, medan andre blir på sjukehuset natt til operasjonsdagen.

Bedøving
Ved planlagt keisersnitt er det vanlegste at du får epidural- eller spinalbedøveling. Bedøvinga gis på operasjonsstova. Du kan vere vaken under operasjonen, men du kan ikkje sjå kva legene gjør og du kjenner ikkje smerte. Då får du høyre barnets første skrik, du får sjå og om mogeleg halde barnet umiddelbart etter det er fødd. Følgepersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.

Med det same barnet er født, blir det tørka og lagt på brystet ditt om du er i form til det. Det er godt for mor og barn å liggje hud mot hud. Fysisk hudkontakt mellom mor og barn like etter fødselen er viktig for å etablere amming og tilknytting. Ved keisarsnitt forsøker vi så langt det er mogeleg å legge til rette for dette.

Barnet får på seg ein lue av ull og eit varmt teppe.

Akutt keisersnitt

Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

Den største forskjellen på eit planlagt og eit akutt keisarsnitt for deg og din følgeperson, er tida personalet har til å førebue og informere de om kva som skal skje. Om situasjonen til barnet eller deg er slik at inngrepet må skje med ein gong, er rask handling viktig. Det gjer at tid til informasjon undervegs kanskje ikkje blir optimal. Då vil informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor, bli gitt etter operasjonen.

Bedøving
Når akutt keisersnitt er bestemt blir du så raskt som mogeleg, køyrd i seng til operasjonsstova. Anestesilege og fødselslege vil bestemme kva slags bedøving du skal ha. Du er vaken under operasjonen, og følgepersonen din kan som oftast vere med.

Om du må få narkose kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstova. Då vil følgepersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Frå operasjonen startar til barnet er født, tar kort tid. Heile operasjonen kan ta ca. 30–60 minutt. Om ikkje barnet treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgepersonen ha barnet hos seg til operasjonen er over.

 

Etter

Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling er avhengig av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvaka fram til tilstanden din er stabil, då flyttast du til barselavdelinga.

Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut i frå kvar enkelt sitt behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokon dagar. Heimreise blir avtalt med mor og vurdert ut i frå hennar og barnets behov.

Operasjonssåret

Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåret. Teikn på infeksjon er: 

  • Rødflamma og irritert hud rundt såret 
  • Heving 
  • Væske frå såret 
  • Feber 
  • Smerter

Om du observerer nokon av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege. Alle kvinner som er forløyst med keisarsnitt vil motta eit spørreskjema ca. 4-6 veker etter operasjonen med spørsmål om forløpet etter operasjonen. 

Dersom såret på magen er "sydd" med agraffar/stifter kan dei fjernast hos fastlege etter ca 5-10 dagar ved bikinisnitt og 8-10 dagar ved lengdesnitt eller reoperasjon. Same prosedyre gjeld dersom du er sydd med tråd som ikkje løyser seg opp av seg sjølv.

Smertestillande

Du vil trenge smertelindring for operasjonssåret ditt på barselavdelinga og du vil få dette etter behov. Mange har óg luftsmerter etter keisarsnittet. Det at du beveger deg kan hjelpe for dette.

Om du reiser heim tidleg etter fødselen, kan du fortsatt ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim. Smertene skal gradvis avta, så det er vanlegvis ikkje behov for smertelindring utover 5-7 dagar. På sjukehuset vil du få råd om kva for smertelindrande tablettar du kan bruke.

Råd frå fysioterapeuten

Pusten
Sårsmerte og lite rørsle rett etter operasjonen, gjer at nokon pustar meir overfladisk enn vanleg. Dette kan gjere at du får mer slim i lungane enn elles. Dette kan bli betre dersom du utfører desse pusteøvingane:

  1. Legg hendene dine nedst på magen og kjenn at magen bevegar seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen bevegar seg innover. Denne øvinga kan også få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5-10 gonger.
  2. Pust djupt samtidig som du strekk ein arm godt opp over hovudet, og senk han roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5-10 gonger.
  3. Skift ofte stilling i senga. Etter operasjonen kan du veksle mellom å ligge på rygg eller på begge sidene. Om du ønskar det, kan du ligge på magen med 1-2 puter under magen. Putene avlastar både bryst, rygg og operasjonssåret på magen. 
  4. Be personalet om hjelp dersom du synast det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar.

Blodomløp
For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det viktig å begynne å bevege seg tidleg etter operasjonen. Om du ligg mykje i sengen dei første dagane etter operasjonen, bør du gjere øvingar i senga.

  1. Bøy og strekk i anklane.
  2. Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, mens hælen har kontakt med underlaget.
  3. Knip saman rumpa, strekk beina, held i eit sekund og slepp.

Gjer kvar øving 5-10 gonger, helst fleire gonger for dagen.

Dagen etter operasjonen er det fint om du kan sitte litt på sengekanten, og tar nokon skritt i rommet. Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongene du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten.

Dei første seks vekene etter operasjonen

Operasjonssåret bør ikkje bli belasta dei første seks vekene etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:

  • Unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask 
  • Unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og lignande 
  • Du kan gjere lette treningsøvingar for magen, men vent med situps i 12 veker 
  • Hald på operasjonssåret når du hostar og nys. 


Aktivitet og kvile i barseltida

I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestundar kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips til gode kvilestillingar.

Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan trille vogna sjølv, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

Bekkenbotnsmuskulaturen er svekka etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har født ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har født på vanleg måte. Start gjerne treninga med ein gong etter fødselen.

Reaksjonar etter keisarsnitt

Etter ein fødsel – og kanskje særleg når fødselen ikkje skjer som forventa – vil ein kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Nokon kan òg få ein psykisk og / eller fysisk reaksjon.

Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor / lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønskar ein gjennomgang av fødselsforløpet.

Ver merksam

Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med å late vatnet. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstid

Gi mor, partnar og dei nyfødde barna ro

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og at mor har nok tid og ro til å komme i gang med amminga.

Besøk dei første dagane på klinikken er av den grunn avgrensa til partnar / den eine næraste pårørande. Den første tida heime bør og avgrensast til dei aller næraste.

Partnar / den eine næraste pårørande er velkomen til å vere til stades i barseltida på dagtid kl. 09.00-21.00. 

Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00.

Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk. 

Partnar som bur på familierom eller et måltider på barselavdelinga saman med mor, betalar for dette ved heimreise. 

Les meir om barseltid

Følge på Kvinneklinikken for gravide som skal føde

I takt med at samfunnet no åpner opp, vil også Fødeavdelinga gå tilbake til ein meir familievennleg barseltid. Her er kort oppdatert informasjon til deg som ventar barn.

Hugs god handhygiene!

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?