Det er relativt få kjente komplikasjoner etter inngrepet, men infeksjonar kan forekomme. Kontakt lege ved aukande heving, smerter, om det blir raudt eller siv frå såret.
Det er vanleg å oppleve ubehag ved bruk av handa i ein periode etter inngrepet. Det hyppigaste er raud og overfølsom hud i handflata. Dette kan minne om ein sårinfeksjon, men er ikkje det.
Redusert styrke i handa og stive eller smertefulle ledd kan også forekomme. Dette avtek vanlegvis over ein periode på 3-6 månader etter inngrepet. Dersom dette vedvarer bør du ta kontakt med lege.