Behandling

Invasiv ventilasjon

Invasiv ventilasjon er respiratorbehandling tilslutta trakeostomi. Trakeostomi er eit inngrep der det blir laga eit hol på halsen og inn i luftrøyret, for å gjere deg i stand til å trekke pusten midlertidig utanom strupehovudet. Behandlinga blir valt når det er behov for mekanisk pustestøtte størstedelen av døgnet.

Tilvising og vurdering

Du vil bli tilvist til lungemedisinsk utgreiing av enten fastlege eller den avdelinga på sjukehuset du er tilknytt.

Standard tilvising til spesialist (lungelege) med kompetanse i LTMV skal innehalde: 

  • Diagnose 
  • Spirometri (VC < 60 %) 
  • Anamnese: symptom på hypoventilasjon (dyspné, dagtrøyttleik, dårleg søvnkvalitet, (morgon)hovudverk, residiverande nedre luftvegsinfeksjonar) 
  • Kognitiv funksjon. Forstår pasienten kva LTMV inneber?  
  • Ønske som pasienten (og pårørande) har når det gjeld LTMV 
  • Vil pasienten sjølv kunne administrere BiPAP/respirator med masketilslutning 
  • Heimeforhold/nettverk/heimesjukepleie 
 


 


 

Før

Du vil bli innlagt på lungeovervaking dagen før operasjonen. Her får du samtale med anestesilege og den kirurgen som skal operere deg. Du vil vere fastande frå midnatt.
 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 





 

Under

Når du kjem til operasjonsstua, blir du lagt i narkose av anestesilege. 
Under operasjonen blir det laga eit hol på halsen og inn i luftrøyret ditt for å gjere deg i stand til å trekke pusten midlertidig utanom strupehovudet. Inn i dette hòlet blir det lagt ein tube / eit røyr som blir festa med eit band rundt halsen din.

Etter

Etter operasjonen vil du bli liggande på oppvaking ein kort periode. Deretter blir du flytt over til overvakinga.

Tuben skal du ha i 7–10 dagar. Dette er fordi tuben skal danne ein kanal. Etter dette blir den bytt ut med ein silikontube som er mjukare enn den første.  


Ver merksam

Respirator tilslutta trakeostomi kan vere eit behandlingsval når det er behov for mekanisk pustestøtte største delen av døgnet. Det er viktig at du er klar over kva praktiske fordelar og ulemper det kan medføre å ha ein trakealtube, før denne blir innlagt.

Fordelen er at du har full kontroll over respirasjonen, og at du har tilgang til reingjering og trakealsuging. Ulempa er auka infeksjonsrisiko, eventuelt tale- og etevanskar samt at det krevst ein mykje utstyr og hjelp. Dersom du er avhengig av respiratoren heile døgnet for å puste, skal det vere ein person tilgjengeleg saman med deg heile døgnet.