Behandling

Intubasjon

Ved intubasjon får du eit plastrøyr (tube) ned i luftrøyret for å hjelpe deg med å puste, enten fordi du skal ha narkose eller fordi du er så sjuk at du ikkje klarer å puste godt nok sjølv. Tuben blir ført inn gjennom munn eller nase slik at den eine åpninga stikker eit stykke ned i luftrøyret, mens den andre ytre åpninga stikker ut og kan bli kobla til ein ventilator (pustemaskin).
Intubasjon kan bli gjort på fleire måtar, men som regel gjer vi det etter at du har fått narkose, eller etter at du har blitt bevisstlaus på grunn av alvorleg sjukdom eller skade, og pustefunksjonen din er utilstrekkeleg. Ved å intubere, sikrer vi fri luftpassasje til lungene, og hindrer samtidig at blod, slim, mageinnhald kan kome ned i lungene. 

Alternative måtar å gjere intubasjon på er for eksempel at ein gjer fiberoptisk intubasjon, eller at ein kan bruke videolaryngoskop. Da får du bare lokalbedøvelse og lett narkose. Dette er tryggast i situasjonar der anatomien er sterkt avvikande og vi ikkje kan sjå stemmespalten med eit vanlig laryngoskop.

Det finst andre måtar å sikre luftvegane på, for eksempel såkalla larynksmaske og intubasjonslarynksmaske.

Før

Har du problem med å gape, har lause tennar og/eller stiv nakke, er det viktig at du seier frå om dette til anestesipersonellet når du kjem på sjukehuset. Du vil også bli spurt om dette.

Det er viktig at du er fastande før narkose. Hovudårsaka til det er at du kan kaste opp idet du skal bli intubert. Viss du får mageinnhald ned i luftrøyret, får du ein kjemisk lungebetennelse som kan vere svært alvorleg. I nokre tilfelle, spesielt ved øyeblikkeleg hjelp, er det ikkje mogleg å vere fastande før intubasjon og då blir fordelar vege opp mot risiko. 

Under

I bunnen av svelget er åpninga til luftrøyret, i sjølve åpninga sitter stemmebanda. Vi bruker eit bua metallblad med ein lyskjelde i tuppen (laryngoskop) for å kunne sjå stemmespalta og fører tuben ned gjennom stemmespalta og ned i luftrøyret. Nær tuppen er tuben omslutta av ein tynn plastmansjett som bli blåst opp for å hindre at det skal renne spytt og slim frå svelgen og ned i luftrøyret. Når tuben er på plass, kan vi hjelpe deg å puste. 

Sjølve innledninga (det å bli lagt i narkose) og intubasjonsprosedyren på sovande pasient tar frå 30-180 sekunder, avhengig av teknikk og graden det er vanskeleg. Våkenintubering med fiberoptisk instrument (bronchoskop) tar flere minutter.

Tuben kan bli kobla til ein håndholdt pusteballong eller ventilator som kan hjelpe til med, eller overta pustefunksjonen. Når du er i generell narkose kan vi gje narkosegassar i lufta som du puster, for å holde deg i narkose (generell anestesi).





Etter

Etter narkosen (eller når du har blitt frisk nok) fjernar vi tuben. Vi må vere sikre på at du er vaken nok, har tilstrekkeleg pustefunksjon, og har fått tilbake beskyttande luftvegsrefleksar, som svelging og hosting. 

Det er også mogleg å vere heilt vaken utan bedøvingsmedisinar og ha eit pusterøyr i luftrøyret, utan at det er veldig ubehageleg. 

Det er ikkje uvanleg å vere sår i halsen og hås i stemma 1-2 dager etter intubasjon.