Behandling

Illegale rusmidler

Når rusmiddelbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll over impulsar til å ruse deg, uansett årsak. Å slutte å bruke rusmiddel kan vere ein krevjande prosess og det er god hjelp i støttande relasjonar frå behandlar og/eller familie og nettverk. Nokon vil ha nytte av poliklinisk behandling, mens andre treng døgninnlegging.

TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenestar.
 

Kven kan tilvise?

Tilvising til TSB kan komme frå 

  • sosialtenesten/NAV
  • barneverntenesten
  • fastlege/allmennpraktiserande lege
  • privatpraktiserande legespesialist eller psykolog (spesialist)
  • lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • lege i fengselshelsetenesta
  • anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den innehalder mest mogeleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhald rundt deg.
 

 
Tilvisinga skal innehalde følgande informasjon:
 

 
  • Personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer)
  • Familieforhald / sosial status
  • Sysselsetting / trygdestatus / eventuelle økonomiske vanskar
  • Uteståande dommar / planlagt soning
  • Historikk for rusproblematikk, inkludert tidligare behandling og beskriving av situasjonen i dag
  • Historikk og vurdering av psykisk og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksatt eller planlagt habilitering / rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til individuell plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • Relevante epikrisar
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling
 
 
 

Før

Når du har fått innkalling til første samtale er det fint om du forbereder deg, gjerne i samarbeid med tilvisar eller pårørande. Det kan vere ting du vil utdjupe, spørsmål du har, eller du ønsker å legge til opplysningar som ikkje er skreve i tilvisinga. Noter gjerne ned på ei liste så du husker alt.

Under

På poliklinikken vil vi starte kartlegging og utgreiing i samarbeid med deg for å avklare ditt behandlingsbehov og -mål. Saman med deg vil vi snakke om rusmiddelbruk, psykisk helse og somatisk helse – inkludert eventuelt tannhelse og ernæring. Vi ønsker også å danne oss eit godt bilete av din sosiale situasjon og korleis du har det og fungerer i kvardagen med skole/jobb, økonomi og familieforhold. Alt samla vil danne grunnlag for din behandlingsplan.

 
Det kan vere aktuelt at dine pårørande blir involvert, dersom du ønsker det. Vi ønsker også å etablere eit godt samarbeid med aktuelle hjelpeinstansar i din kommune/bydel.

Du kan lese meir om kartlegging og utgreiing i rusbehandling i den nasjonale retningslinja.

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtaler og eventuelt gruppebehandling og par- og familiesamtaler.

 
Behandlaren din vil som regel ha ansvaret for å legge til rette for eventuell døgninnlegging. Ved behov for døgnbehandling vil du bli tilvist videre til ein døgninstitusjon som tar imot pasientar til behandling for alkoholavhengigheit. Det kan vere du vil ha behov for opphald på ein eining for avrusning før behandlinga.

 
Under ei døgninnlegging oppheld du deg på institusjonen. Det er mange ulike avdelingar og institusjonar, og du kan lese meir på helsenorge.no og avdelinga/institusjonen heimeside. Personalet er tverrfagleg samansett, og du vil få oppfølging av miljøterapeutar, psykologar og legar.

 
Ttilbodet der kan blant anna bestå av miljøterapi, individuelle samtaler og eltaking i grupper, medikamentell behandling og fysisk aktivitet. Etter døgnopphaldet er det vanleg å få tilbod om poliklinisk oppfølging ein periode.

For å få ei heilskapleg og trygg oppfølging får du tilbod om ein individuell plan og ei ansvarsgruppe gjennom heile behandlingsforløpet og etter at du er utskriven frå spesialisthelsetenesta. Både ved poliklinisk behandlingstilbod og ved døgninnlegging har vi eigen barneansvarleg som ein ressurs for barn som er involvert.

Etter

Etter behandling ved poliklinikk eller opphald i ein døgninstitusjon overtar det lokale hjelpeapparatet, det vil seie fastlege og kommune. Før du blir utskriven frå døgnbehandling, vil vi ha møte og samtaler med ditt lokale hjelpeapparat. Ved utskriving mottar du og behandlaren din eit avslutningsbrev som er ei oppsummering av opphaldet og ei anbefaling av vidare tiltak.

Når du er ferdig med opphaldet i døgnavdelinga, overtar poliklinikken og den polikliniske behandlaren oppfølginga dersom du ønsker det.


Kontakt

Dr. Martens, Sandviken Rusmedisin AFR

Kontakt Rusmedisin AFR

Dr. Martens, Sandviken

Hatleveien 7D

Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

floen

Floen, Manger, Nordhordland

Toskavegen 400

5936 Manger

inngangsparti askøy. foto

Haugane 8, Askøy

Haugane 8

5307 Ask

inngangspartiet til Kanalveien 5

Kanalveien 5

Kanalveien 5

5068 Bergen

Solhaug på Klokkarvik

Klokkarvik på Sotra

Sundssjøen 20, 5378 Klokkarvik

hvitt hus ved vannet.foto

Møllendalsveien 31

LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen

En bygning med vei og biler

Nye Sandviksveien 84

Nye Sandviksveien 84

5032 Bergen

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Østre Murallmenningen 7

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Seksjonane Ambulant, Poliklinikk Kanalveien og KoRus er samlokalisert i Kanalveien 5