Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofte, kikhòlsoperasjon

Kikhòlsoperasjon i hofteleddet er ein operasjonsmetode som gir kirurgen tilgang til hofteleddet og strukturar rundt dette gjennom små opningar (kikhòl) i huda. Dette gir moglegheit for å korrigere små, men ofte viktige detaljar i og omkring leddetn utan stor arrdanning.

Årsaker

Målet med kikhòlsoperasjon i hofta, er at pasienten skal kunne bevare hofteleddet lengst mogleg. Kirurgen vil prøve å reparere leddet i størst mogleg grad.

Jo meir leddet er skadd på førehand, desto mindre blir moglegheita for lindring av operasjon. Sjølv mindre skadar vil ha noko å seie for slitasje i leddet og det kan bli behov for kunstig hofteledd (hofteprotese) på lengre sikt.

Tilvising og vurdering

Fastlegar, fysioterapeutar/manuellterapeutar og kiropraktorar kan tilvise til  vurdering for operasjon.

Før ein eventuell kikhòlsoperasjon i hofta, er det vanleg med ei vurdering hos ortopedisk kirurg først. Her blir det diskutert val av behandling. Dersom operasjonsbehandling er mogleg, vil det likevel vere naturleg å diskutere alternativ til operasjon som løysing på hofteproblemet.

Risiko for komplikasjonar og potensielt manglande verknad på hofteproblemet er forhold som må gåast gjennom før du eventuelt kan gi eit informert samtykke til operasjon.

Tilvisinga bør innehalde

  • høgd
  • vekt
  • blodtrykk
  • kardiologisk sjukehistorie eller relevant anamnese (4MET +)
  • røntgen av bekkenet er nødvendig for å karakterisere hoftefeilen som ligg til grunn for problemet (som til dømes kan vere eit MR-funn av ein labrumruptur)

Før

Under

Etter

Ver merksam

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 15 - 31 uker

Ventetid: 15 - 31 uker

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Ventetid

15 uker til innleggelse (31 totalt)

16 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.