Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ICD= IMPLANTABLE CARIDIOVERTER DEFIBRILLATOR

Hjartestartar

Hjartestartar (ICD) blir tilbydd om du anten har hatt hjartestans eller ei hjarterytmeforstyrring som kan føre til hjartestans. I tillegg tilbyr vi hjartestartar dersom du har auka risiko for farleg hjarterytmeforstyrring og hjartestans.

Ein hjartestartar er eit lite apparat med batteri og leidningar som vi opererer inn under huda di. Vanlegvis blir apparatet plassert øvst på venstre side av brystkassen, like under kragebeinet.  

Hjartestartaren er sett inn for å kunne behandle eventuelle hjarterytmeforstyrringar som kan føre til hjartestans. Dei fleste får aldri bruk for den og merkar derfor lite til den. Dersom du får ei hjarterytmeforstyrring vil hjartestartaren behandle den. Mange merker ingenting av dette, men nokre kan kjenne det ved at dei eit lite augneblink blir ør eller eventuelt er i ferd med å svime av. Alle hjartestartarar fungerer også som pacemaker og vil stimulere hjartekammera dersom hjarterytmen blir for langsam.  


Før

Du blir kalla inn til sjukehuset dagen før operasjonen, eller tidleg samme dag. Det vert då tatt blodprøver og det vert samtale med sjukepleiar og lege. I nokre tilfeller kan det vere nødvendig med undersøkingar som for eksempel røntgenbilete av hjartet og lunger, eller ultralyd av hjartet. Ta med toalettsaker til sjukehuset, vanlegvis overnatter du ei natt på sjukehus etter operasjonen. Det kan vere lurt å legge smykker og verdisaker heime, då avdelinga ikkje har høve til å ta vare på dette medan pasienten er til operasjon.

På operasjonsdagen skal du faste frå midnatt, det vil seie ikkje spise, drikke, røyke eller snuse. Du vil få dusje med spesialsåpe (Hibiscrub) kvelden før og om morgonen og få ei rein seng. Du vil få ein venekanyle, eit tynt plastrør, inn i ei blodåre til å få antibiotika og eventuelt andre medisinar gjennom.

Ulike typar

Det vert nytta forskjellige typar hjartestartar, alt etter kva sjukdom pasienten har. Batteriboksen vert kobla til 1, 2 eller 3 ledningar. Mange pasientar treng berre 1 ledning til høgre hovudkammer, men nokre vil ha nytte av å også ha ledning til høgre forkammer.

Ein biventrikulær pacemaker, som også vert kalla hjartesviktpacemaker kan også kombinerast med ein hjartestartar og hjartestartaren vil då har 3 ledningar; 1 til høgre forkammer, 1 til høgre hovudkammer og 1 ledning som ligg i ei vene utanfor venstre hovudkammer.

Ein nyttar ofte den engelske forkortinga ICD (Implantable Cardioverter Defibrillator) for ein hjartetstartar.

Under

Sjølve operasjonen foregår i lokalbedøving, slik at pasienten er vaken under operasjonen. Pasienten får tilbod om avslappande og smertestillande medisin under operasjonen.

Førebuingar og sjølve operasjonen vil vare omlag 1-2 timar. Om ein skal operere inn ein hjartestartar som er kombinerte med ein hjartesviktpacemaker med 3 ledningar, tek lengre tid, omlag 1-3 timar.

Etter at lokalbedøving er satt, lagar legen eit snitt i huda på ca 5-6 cm. Deretter finn ein ei blodåre som kan brukast til å føre ledningar ned til hjartet. Ledningane vert ført gjennom vena under kragebeinet via den store hulvena og til høgre hovudkammer eller til høgre forkammer. Når ledningen er i rett posisjon, ligg ledningsspissen mot den indre veggen i hjartet. Posisjonen vert kontrollert med elektriske målingar og røntgengjennomlysning. Ledningen vert festa med ein liten skrue i hjarteveggen og vil etterkvart gro fast til hjarteveggen. Hjartestartarbatteriet vert plassert under huda øverst på venstre side, nokre cm under kragebeinet, og kobla til ledningane.

Etter

Etter operasjonen kjem du tilbake til sengeposten. Der skal du halde senga i 2-4 timer, dette for å førebygge blødning frå operasjonssåret. Du kan få mat og drikke når du er i form til det.

Det vil kunne vere smerter frå operasjonssåret dei første dagane. Du kan eventuelt bruke smertestillande som paracetamol for sårsmertene. I løpet av kvelden eller formiddagen dagen etter vert det tatt røntgen-bilete av brystkassen for å sjekke at ledningane fortsatt ligg på plass. Det blir også gjort ein kontroll av hjartestartaren for å sjå at denne fungerer som planlagt før du drar heim. Vanlegvis treng du ei overnatting på sjukehus etter operasjonen før du kan dra heim.

Du kan bruke armane normalt etter operasjon. Hald såret tørt og reint i 12 dagar til du fjernar sting hos eigen lege. Unngå å dusje rett på såret, bruk handdusj. Unngå hard fysisk aktivitet som gjer deg svett under bandasjen til stinga er fjerna. Dette for å hindre infeksjon. Når det er gått 4 veker skal ein ikkje lenger trenge å tenkje på at ein har ein hjartestartar og ein kan leve livet som vanleg.

Kontrollar

Hjartestartaren skal kontrollerast jamnleg, enten her på Haukeland eller på lokalsjukehus. Første kontroll er vanlegvis 1-3 månader etter operasjonen, deretter kvart halvår eller årleg. Kontrollen vert gjort ved hjartepoliklinikken og tek ca 30 min. Du får innkalling i posten.På kontrollane vil ein kunne sjekke batteriets tilstand, funksjonen til ledningane og sjå korleis hjarterytmen har vore. Nokre pasientar kan og få heimekontrollar via telenettet, slik at ein kan sende informasjon frå hjartestartaren til sjukehuset der ein lækjar eller sjukepleiar ser på målingane. Dette vil veksle med oppmøtekontrollar ved sjukehuset.

Hjartestartarbatteriet har ei levetid på 5-10 år, avhengig av type, funksjon og kor ofte den er i bruk. Ved bytte av batteri vert ein kalla inn til sjukehuset om morgonen, operert i løpet av dagen og kan dra heim samme dag. Vanligvis vert berre batteriet bytta, medan ledningane kan nyttast vidare. Etter et batteribytte er det viktig å halde såret tørt og reint til fjerning av sting hos eigen lege etter 12 dager. Det er ingen restriksjonar i forhold til armbevegelsar dersom du ikkje har fått nye ledningar, men vere varsom den fyrste veka slik at såret får gro.

Ver merksam

Forholdsreglar for hjartestartarpasienter:

  • Ein skal alltid informere lege/helsepersonell om at ein har ein hjartestartar
  • Du får tilsendt eit internasjonalt hjertestarter/pacemaker kort i posten etter ca 3 veker. Dette kortet bør ein alltid ha med seg. Kortet er ditt bevis på at du har hjartestartar og inneheld informasjon om batteri og ledningar. Ein skal vise det fram ved andre sjukehus og i tryggleikskontrollar på flyplassar.
  • Hald minst 15 cm avstand frå hjartestartaren til mobiltelefon. Me anbefaler at ein ikkje har mobiltelefon i brystlomma på skjorta.
  • Hald minst 15 cm avstand frå hjartestartar til induksjonskomfyr/plater.
  • Unngå bruk av TENS- apparat. (elektrisk nervestimulerings apparat)
  • Unngå bruk av sveiseapparat og slagbor.
  • MR undersøkingar er no mogleg med visse typar pacemaker og hjartestartar. Det må gå minst 6 veker etter operasjonen før ein tek MR undersøking og det må gjerast omprogrammering før og etter MR.

Komplikasjonar til operasjonen er uvanleg. Det som gjev grunn til bekymring er følgande:

  • Blødning i operasjonssåret
  • Aukande hevelse eller smerte fra operasjonssåret
  • Feber
  • Svimmelhet eller besvimelse

Dersom noko av dette skulle oppstå innan dei første 14 dagene skal du ta kontakt med sjukehuset som opererte deg. Utover dette må du ta kontakt med fastlege/legevakt for vurdering.

Kontakt

Sentralblokka Hjarteavdelinga post 1s2v

Kontakt Hjarteavdelinga post 1s2v

Oppmøtestad

Hjartepost 1 held til i 6. etasje i Sentralblokka.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.