Habilitering ved atferdsvansker hos barn og unge med funksjonsnedsettelse
Åtferdsvanskar, åtferdsforstyrringar eller utfordrande åtferd kan førekomme i ulik grad. Årsakene kan vere fleire og samansette. Vanskane kan bestå i sjølvskading og åtferd som medfører at grunnleggande behov som søvn, ernæring og hygiene ikkje blir dekt hos barn og ungdom med funksjonsnedsetting.
Tilvising og vurdering
Når eit barn eller ein ungdom med funksjonsnedsetting har komplekse og omfattande åtferdsvanskar som bekymrar føresette, fastlege eller andre bistandsytarar, kan barnet eller ungdommen bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Før
Før du kjem til avtale om utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- språk og kommunikasjon
- leik og samhandling med andre barn og vaksne
- dagleglivets aktivitetar – slik som eting, påkledning og hygiene
- søvnmønster
- fritidsaktivitetar
Historikken kan gi viktig informasjon til utgreiinga: når åtferdsvanskane begynte, kor ofte og i kva situasjonar åtferda dukkar opp, kva omfang den har, kva som utløyser den, og kva som kan dempe den.
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel som er i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Det er viktig at barnet eller ungdommen er godt forberedt og har fått godt tilpassa informasjon om avtalen i HABU før de kjem.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
Kontakt
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Ventetid: 6 uker
Glasblokkene
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)
Ventetid: 6 uker
Ventetid: 6 uker
Kontakt Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene i Haukelandsbakken 1. Alle pasientar som skal til HABU må registrere oppmøte i hovudresepsjonen i etasje 1. Hovudresepsjonen er open måndag-fredag kl. 07.30-19.00 og fredag kl. 07.30-15.30.
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen