Undersøking
Gynekologisk undersøking i narkose
Gynekologisk undersøking i narkose blir brukt ved utgreiing av gynekologiske lidingar og til å måle effekt av behandling mens den er i gang.Nokre gonger er det nødvendig at vi gjer den gynekologiske undersøkinga i narkose. Vi kan ta vevsprøver frå livmor og kartlegge sjukdommen din.
Før
Førebuingar heime før undersøkinga
Du må faste frå klokka 24.00 kvelden før undersøkinga. Det betyr at du ikkje kan ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller spise drops. Du kan drikke vatn inntil klokka 06.00 sjølve undersøkingsdagen.
Stell deg som vanleg om morgonen den dagen du skal til undersøking. Ikkje bruk body lotion, ansiktskrem, sminke, kontaktlinser eller ha på deg naglelakk, smykke/piercing/ringar eller klokke denne dagen.
Under
Når du kjem til sjukehuset, vil du bli møtt av ein sjukepleiar. Du vil få utdelt pasienttøy og ei seng eller ein lenestol mens du ventar. Sjukepleiaren vil stille deg nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingane er gjort rett.
Det kan bli ein del venting før du blir køyrt til operasjonsstova der undersøkinga blir utført.
Du vil bli køyrt til undersøkinga i seng. Når du kjem til operasjonsstova, vil du bli tatt imot av operasjons- og anestesisjukepleiarar som skal vere med deg under operasjonen. Inne på operasjonsstova vil vi gjere deg klar, og du blir lagt i narkose før undersøkinga begynner.
Undersøkinga blir utført i gynekologisk leie. Det vil seie på same måte som når du er til undersøking hos gynekolog. Legen gjer ei gynekologisk undersøking og tar eventuelle prøver samtidig. Ved mistanke om livmorhalskreft eller urinvegsfistel vil legen også sjå inn i urinblæra di med eit cystoskop (eit tynt røyr med kamera). Noen ganger gjer vi andre undersøkingar samtidig som vaginal ultralyd eller ano-/rektoskopi.
Etter
Etter undersøkinga vil du bli liggande på oppvakningsavdelinga i om lag ein til to timar til du er heilt vaken frå narkosen. Du vil få drikke og etter kvart mat. Du bør ha følge første gong du skal opp av senga etter narkosen.
Det er som oftast ikkje nødvendig med sjukemelding etter denne undersøkinga, og det er vanleg å reise heim same dag som undersøkinga blir utført. Før du reiser heim, vil du få ei samtale med legen som undersøkte deg. Du får informasjon om eventuell vidare behandling eller operasjon. Vevsprøver tar det nokre veker å få svar på.
Ver merksam
Dei første 14 dagane etter undersøkinga bør du kontakte sjukehuset dersom:
- Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar
- Du har sterke magesmerter
- Bløding eller utflod utover vanleg menstruasjon
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk sengepost
Kontakt Gynekologisk sengepost
Oppmøtestad
Ved spørsmål før innleggelse:
Innleggelseskontoret ved Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46
Denne behandlingen utføres ved Seksjon for gynekologisk kreft og ved Seksjon for generell gynekologi.
Hvis du har spørsmål under og etter innleggelsen skal du ringe til den avdelingen som har behandlet deg.
Ved spørsmål under eller etter innleggelse:
Seksjon for gynekologisk kreft - telefon 55 97 42 90 eller
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen