Når operasjonen er ferdig, skal du ligge ei stund på overvaking. Nokon pasientar kjem opp på sengepost allereie same kveld, andre ligg til overvaking over natta eller eventuelt lenger. Dagen etter inngrepet får du informasjon om kva som er funne og gjort under operasjonen. Dei fleste reiser heim etter 3-5 dagar.
Smerter
Dei fleste pasientane får innlagt epiduralkateter for kontinuerleg smertelindring dei første 1-3 dagane etter operasjonen. Ellers blir det brukt ein fast grunndose med Paracet og eventuelt andre tilleggsmedisinar etter behov. På heimreisetidspunkt er det som oftast tilstrekkeleg med reseptfrie, smertestillande medikament.
Hoste / brekningar
Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter operasjonen, er det viktig å halde handflata eller ing pute mot såret. Dette vil skåne såret fordi sårflatene pressast saman.
Førebygging av brokk
Du vil få praktisk rettleiing i korleis du skal reise deg opp frå senga. Prøv å belaste bukmuskulaturen minst mogleg. Stå opp frå sida.
Førebygging av blodpropp
Du vil få ein sprøyte med blodfortynnande medikament dagleg for å unngå blodpropp. Denne behandlinga skal du ha i 2-6 veker etter operasjonen. Det er vanleg å få opplæring i å sette sprøytane sjølv, eventuelt med hjelp frå ein pårørande eller heimesjukepleie. Dersom du ikkje har smerter eller andre plager, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen med nokon unntak (sjå under).
Sår øvst i skjeden
Dersom heile livmora er fjerna, vil det vere eit sår øvst i skjeden. Det er vanleg å blø litt frå skjeden nokon dagar etterpå, og ca. ei veke etter operasjonen kan dette auke på då skorpane øvst i skjeden løyser seg. Dersom blødinga blir kraftigare enn ein menstruasjon, bør du kontakte ditt lokalsjukehus. Unngå karbad, svømmebasseng so lenge du har bløding / siving frå skjeden. Du bør unngå samleie i 4 veker etter operasjonen.
Operasjonssår
Det er vanleg at det ytre, synlege såret blir stifta saman med metallstiftar, såkalte agraffar. Agraffane blir fjerna ca. 14 dagar etter operasjonsdagen hos fastlegen din. Du avtaler sjølv time hos fastlegen. Bandasjane blir fjerna dagen etter operasjonen. Dersom såret er tørt er det ikkje nødvendig å legge på ny bandasje.
Mat og drikke
Under og etter operasjonen blir det gitt intravenøs væske via venekanylar. Du kan drikke og ete allereie på operasjonsdagen, så lenge du ikkje kjenner deg kvalm. Det kan vere lurt å starte med lett kost som rista loff, havresuppe og lignande.
Trening / løfting
Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå for eksempel tunge løft av bæreposer eller ved, golvvask, snømåking, støvsuging og lignande. Det du klarer å løfte på strak arm, er greit.
Om du har små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva slags musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling ved hjelp av armmusklane. Bruk lårmusklane når du må hente noko frå golvet.
Såre slimhinner
Nokon opplever at slimhinnene i underliv og urinrøyr blir tørre og såre dersom eggstokkane er fjerna (gjeld kvinner før overgangsalder). Glidemiddel til bruk ved samleie kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Ved tørr skjede kan ein kjøpe resept- og hormonfrie produkt på apoteket. Alternativt kan du spørre legen om moglegheita for hormonbehandling.
Svar på prøvar
Det som blir fjerna under inngrepet, blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret føreligg vanlegvis etter nokon veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet. Det blir også gitt informasjon om du skal ha tilleggsbehandling som cellegiftbehandling og / eller strålebehandlin.
Sjukmelding
Du får sjukmelding ved heimreise. Lengda på sjukmeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet og forventa rekonvalesenstid. Fastlegen din ordnar med forlenging ved behov.