Gynekologisk kreft, open kirurgi

Gynekologisk kreft

Ved open operasjon blir det lagt enten eit midtlinjesnitt eller eit bikinisnitt. Ved kreftsjukdom vil det ofte vere nødvendig å legge eit midtlinjesnitt. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

1. Før

Førebuingar til operasjon

Du må komme fastande (frå midnatt) og nydusja til avdelinga. Her blir du tatt imot av sjukepleiar og lagt i ei seng som er klargjort for operasjon. Anestesilege vil gi deg beroligande medisinar.

Alle smykkar, naglelakk, ringar, armbandsur og piercing må vere tatt av, også giftering.

2. Under

For mange pasientar medfører den kirurgiske behandlinga eit operasjonssår på magen. Snittet blir vanlegvis lagt nedover magen, men i nokon tilfelle blir det lagt bikinisnitt, det vil seie på tvers over kjønnshåra.

Operasjonen blir som regel utført i full narkose.

3. Etter

Når operasjonen er ferdig, skal du ligge ei stund på overvaking. Nokon pasientar kjem opp på sengepost allereie same kveld, andre ligg til overvaking over natta eller eventuelt lenger. Dagen etter inngrepet får du informasjon om kva som er funne og gjort under operasjonen. Dei fleste reiser heim etter 3-5 dagar.

Smerter

Dei fleste pasientane får innlagt epiduralkateter for kontinuerleg smertelindring dei første 1-3 dagane etter operasjonen. Ellers blir det brukt ein fast grunndose med Paracet og eventuelt andre tilleggsmedisinar etter behov. På heimreisetidspunkt er det som oftast tilstrekkeleg med reseptfrie, smertestillande medikament.

Hoste / brekningar

Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter operasjonen, er det viktig å halde handflata eller ing pute mot såret. Dette vil skåne såret fordi sårflatene pressast saman.

Førebygging av brokk

Du vil få praktisk rettleiing i korleis du skal reise deg opp frå senga. Prøv å belaste bukmuskulaturen minst mogleg. Stå opp frå sida.

Førebygging av blodpropp

Du vil få ein sprøyte med blodfortynnande medikament dagleg for å unngå blodpropp. Denne behandlinga skal du ha i 2-6 veker etter operasjonen. Det er vanleg å få opplæring i å sette sprøytane sjølv, eventuelt med hjelp frå ein pårørande eller heimesjukepleie. Dersom du ikkje har smerter eller andre plager, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen med nokon unntak (sjå under).

Sår øvst i skjeden

Dersom heile livmora er fjerna, vil det vere eit sår øvst i skjeden. Det er vanleg å blø litt frå skjeden nokon dagar etterpå, og ca. ei veke etter operasjonen kan dette auke på då skorpane øvst i skjeden løyser seg. Dersom blødinga blir kraftigare enn ein menstruasjon, bør du kontakte ditt lokalsjukehus. Unngå karbad, svømmebasseng so lenge du har bløding / siving frå skjeden. Du bør unngå samleie i 4 veker etter operasjonen.

Operasjonssår

Det er vanleg at det ytre, synlege såret blir stifta saman med metallstiftar, såkalte agraffar. Agraffane blir fjerna ca. 14 dagar etter operasjonsdagen hos fastlegen din. Du avtaler sjølv time hos fastlegen. Bandasjane blir fjerna dagen etter operasjonen. Dersom såret er tørt er det ikkje nødvendig å legge på ny bandasje.

Mat og drikke

Under og etter operasjonen blir det gitt intravenøs væske via venekanylar. Du kan drikke og ete allereie på operasjonsdagen, så lenge du ikkje kjenner deg kvalm. Det kan vere lurt å starte med lett kost som rista loff, havresuppe og lignande.

Trening / løfting

Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå for eksempel tunge løft av bæreposer eller ved, golvvask, snømåking, støvsuging og lignande. Det du klarer å løfte på strak arm, er greit.

Om du har små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva slags musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling ved hjelp av armmusklane. Bruk lårmusklane når du må hente noko frå golvet.

Såre slimhinner

Nokon opplever at slimhinnene i underliv og urinrøyr blir tørre og såre dersom eggstokkane er fjerna (gjeld kvinner før overgangsalder). Glidemiddel til bruk ved samleie kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Ved tørr skjede kan ein kjøpe resept- og hormonfrie produkt på apoteket. Alternativt kan du spørre legen om moglegheita for hormonbehandling.

Svar på prøvar

Det som blir fjerna under inngrepet, blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret føreligg vanlegvis etter nokon veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet. Det blir også gitt informasjon om du skal ha tilleggsbehandling som cellegiftbehandling og / eller strålebehandlin.

Sjukmelding

Du får sjukmelding ved heimreise. Lengda på sjukmeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet og forventa rekonvalesenstid. Fastlegen din ordnar med forlenging ved behov.

Ver merksam

Ta kontakt med sjukehuset dersom du innan to veker får / opplever:

  • Tiltakande magesmerter
  • Feber over 38 gradar
  • Rikeleg væske frå såret
  • Andre uforklarlege smerter eller ubehag
  • Uvanleg bløding frå skjeden, store mengder

Kontakt

Oppmøte

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Seksjon for gynekologisk kreft - telefon 55 97 42 90

Gynekologisk kreft
Telefon
55 97 42 90
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​