Du vil vere til overvaking i nokon timar etter operasjonen. Du kan drikke og eventuelt ete på operasjonsdagen, avhengig om du kjenner deg kvalm. Før heimreise vil du få informasjon om kva som blei funne og kva som blei gjort under operasjonen. Ofte reiser ein heim dagen etter operasjonen, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga lenger. Litt bløding frå skjeden er vanleg.
Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrane. Dette er irritasjon frå gassen som blei satt inn i bukhola under operasjonen. Kan som oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande medikament.
Dersom livmora er fjerna, må du på grunn av operasjonssåret unngå karbad, svømmebasseng og bruk av tampong dei første 2-4 vekene. Du bør unngå samleie i 8 veker etter operasjonen. Dersom du ikkje har smerter eller andre plagar, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen.
Såra på magen blir vanlegvis sydd med sjølvoppløyseleg tråd, i enkelte tilfelle blir såra lukka med metallstiftar (agraffar). Om det er brukt agraffar, kan desse fjernast etter 3-7 dagar hos fastlegen din. Bandasjane skiftast om dei blir våte eller gjennomtrukne av blod.
Dersom noko er fjerna under inngrepet, blir det sendt til mikroskopisk undersøking. Svara føreligg vanlegvis etter nokon veker. Du vil bli kontakta per telefon eller brev, og fastlegen din får kopi av svaret og brev om inngrepet.
Du får sjukemelding ved heimreise. Lengda på sjukemeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet, og forventa tid du treng å komme deg på etter operasjonen. Sjukemeldinga kan bli forlenga av fastlegen din ved behov.