HELSENORGE
Barne- og ungdomsklinikken / Barne- og ungdomsklinikken, Nyføddintensiv

Gulsott hos nyfødde

Gulsott hos nyfødde barn er ein vanleg og som regel ufarleg tilstand som oppstår hyppig. Dei fleste nyfødde blir litt gule i huda og inne på augekviten frå andre til sjuande dag etter fødselen. Det forsvinn som oftast av seg sjølv innan kort tid, og har ingenting med smittsam gulsott å gjere.

Innleiing

Dei fleste nyfødde barn som får gulsott, får det fordi leverfunksjonen enno ikkje er heilt moden. Vanlegvis fjernar levra vår det gule fargestoffet – bilirubin - frå blodet vårt. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodlekamane våre som ikkje er levedyktige.

Når raude blodlekamar døyr, blir blodfargestoffet hemoglobin frigjort og gjort om i levra til bilirubin, som blir fjerna frå blodet vårt via levra.

Fram til leverfunksjonen er moden vil det i dei første levedøgna skje ei opphoping av bilirubin i blodet. Det er då du ser gul farge i huda og i det kvite i auga på den nyfødde.

Utgreiing

Nærare halvparten av alle nyfødde får normal gulsott, og hos dei aller fleste vil tilstanden ikkje bli behandla.

Barn som er fødd for tidleg (premature barn) får oftare og kraftigare gulsott enn andre barn. Hos desse vil truleg gulsotta også vare lenger.

Dersom gulsotta er kraftig og kjem i første levedøgn, vil barnet bli kontrollert ved hjelp av blodprøvar og få tilpassa behandling om det er nødvendig.

Nokon gongar kan gulsott oppstå på grunn av for mange ikkje-levedyktige røde blodlegemar, der blodgruppene til mor og barn ikkje samsvarar med kvarandre. Som regel kan dette bli påvist ved hjelp av blodprøvar frå mor og barn.

Ein meir sjeldan og alvorleg form for gulsott kan oppstå når mor og barn har ulik rhesus-gruppe. Dette vil vere påvist før fødsel via blodprøver tatt frå mor i svangerskapet. Blodprøver tatt av mor og barn etter fødselen, vil bekrefte at blodet ikkje samsvarar.

Behandling

Lysbehandling

Ein liten del av alle nyfødde vil bli så gule at det er behov for lysbehandling. Dersom konsentrasjonen av bilirubin i blodet er for høg og gulsotta blir påfallande, vil det vere aktuelt å behandle barnet. Den enklaste behandlinga er lysbehandling.

Då vil barnet ligge utan klede under sterkt lys frå lysstoffrøyr. Lyset som treff huda til barnet vil spalte og bryte ned konsentrasjonen av bilirubin, slik at det lettare blir skilt ut av kroppen på eigen hand.

Når barnet får lysbehandling, vil konsentrasjonen av bilirubin i blodet bli sjekka ved hjelp av blodprøver. På den måten ser ein om lysbehandlinga gir tilfredsstillande effekt. Ved lysbehandling vil vi behalde barnet til observasjon og sørgje for at konsentrasjonen av bilirubin er senkande før barnet blir sendt heim frå sjukehuset.

Utskiftingstransfusjon

Om barnet får gulsott fordi mor og barn ikkje har blodgrupper som samsvarar, vil lysbehandling åleine ikkje vere tilstrekkeleg. I slike tilfelle vil det kunne vere nødvendig med utskiftingstransfusjon.

Då blir det lagt eit lite plastkateter inn i ein blodåre i navlen til barnet, der blodet blir tappa - og erstatta - med friskt blod. På denne måten blir bilirubin fjerna frå barnet saman med dei skadde raude blodlegemane.

Oppfølging

Barn som får nyfødd-gulsott kan bli trøytte, slappe og lite villige til å die. Ved gulsott treng barnet mykje væske og du bør amme hyppig.  Du kan gjerne late barnet liggje i dagslys, men ikkje i direkte sollys.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?